– Vi må alle verte litt misnøgde

Korleis skal vi klare å balansere vekst, miljø og menneske i alle utfordringane vi står ovanfor? Berre gjennom kompromiss kor alle må gje noko, meiner UiT-professorar.

Ein smilande mann med skjegg. Ein skjerm i bakgrunna.
Utviklinga i nord handlar om å balansere tre ulike aksar, seier Mikko Moilanen frå Handelshøgskulen Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 31.01.25 13:17 Oppdatert: 31.01.25 15:44
Arktis Samfunn og demokrati

Den nordiske delen av Arktis er midt i ein geopolitisk konflikt, klimakrise, natur- og økologikrise,  i tillegg til samfunnsmessige utfordringar som ein minkande og aldrande befolkning, konfliktar rundt bruk av land, ressursnytting og manglande infrastruktur.

Det er rett og slett ikkje mogleg å gjere alle nøgde og samstundes førebu oss på det som kjem.

Det skal ikkje berre bu folk i husan, men dei skal ha det godt òg!

Mikko Moilanen er professor i samfunnsøkonomi på Handelshøgskulen ved UiT, og han er tydeleg på at både stor- og lokalsamfunna må vere det ein i samfunnsvitskapen kallar resiliente. Det vil seie samfunn som kan stå imot press, som er robuste, motstandsdyktige og hardføre.

– Vi har våre store vyar vi vil realisere her i nord og store komande endringar vi må tilpasse oss. Det blir vanskeleg viss vi ikkje har resiliente lokalsamfunn, seier han.

Korleis ein kan få til det, diskuterte Moilanen på Arctic Frontiers denne veka, saman med professor Stein Østbye frå Handelshøgskulen, førsteamanuensis Jonas Stein frå Institutt for samfunnsvitskap, forskarar frå Universitetet i Oulu i Finland og generalsekretæren for Arctic Mayors Forum.

Vi må ha robuste samfunn, men korleis får vi det?

Moilanen seier at for å få til utvikling og skape resiliente samfunn, må to viktige faktorar vere til stades:

  • Alle må verte høyrt
  • Vi må inngå kompromiss

Utviklinga i nord handlar om å balansere tre ulike aksar. Økonomisk vekst og utvikling, klima- og miljøomsyn og menneska sine liv og kvardag. Og korleis ein skal balansere det er vanskeleg – og det er på inga måte same svar i heile Arktis, påpeiker Moilanen:

Tre menn snakkar saman på ei scene.
Stein Østbye, Jonas Stein og Mikko Moilanen på debatten We Can Work It Out - Compromise and Cooperation for Sustainable and Resilient Nordic Arctic communities på Arctic Frontiers 2025. Foto: Kjetil Rydland / UiT

– Det er mange både små og store samfunn i heile Arktis, med særs ulike forutsetningar, historie, miljø og omgjevnadar, seier han.

Ein må ha det bra nok

– Det skal ikkje berre bu folk i husan, men dei skal ha det godt òg! seier Moilanen.

Han framhevar og kor viktig det er at vi satsar på samfunna i nord. Alle må sjå at dei har føresettingar for god helse, tilstrekkelege offentlege tenester, tilgang på natur og liknande faktorar for gode menneskeliv.

– Og så er det viktig at ein har vener og støtte i lokalsamfunna, seier han.

Vi må verne om tillita

Sidan alle kjem frå ulike utgangspunkt og ofte har ulike mål, må ein ha tillit til kvarandre. Den tilliten er ofte bygga opp gjennom offentlegheita og samtalane vi har der.

Jonas Stein forskar på demokrati, og han er uroa for den offentlege samtala. Han trur vår nye mediebruk skaper ekkokammer kor mange ikkje får heile biletet av kva som skjer i samfunna våre.

Stein trur ein då er meir sårbar for splid og manglande tillit og at dei med vonde hensikter prøver å så splid mellom folk, land eller andre grupper.

Har ein nok tillit i bygd og by til å stå tole splittande og vanskelege avgjerder? Biletet er frå Kirkenes, som har stått rimeleg støtt i mykje dei siste åra. Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT

– Sjå til dømes på kordan Trump speler på spliden mellom Danmark og Grønland. Det er absolutt konfliktlinjer der frå før, men han prøver å forsterke dei for å få vilja si, seier Stein.

Alle må verte høyrt, og så verte litt misnøgde

Moilanen seier at den einaste vegen framover er dialog og det han kallar ein inkluderande avgjerdsprosess.

– For å få til ei rettferdig utvikling i heile Arktis, altså ikkje berre i små samfunn, men også byar, regionar, må vi respektere kva folk lokalt synest om ulike utviklingar eller prosjekt, seier han.

Berre då kan ein nå det alle talarane framheva som det aller viktigaste: at vi får til kompromissar.

– Vi vektlegg forskjellig og derfor må vi snakke saman og gje og ta. Og det har vi historisk sett vore gode til, elles hadde det ikkje vore mogleg å leve her nord, seier han.

Både Stein og Moilanen understreka at i eit meir splitta samfunn vil det verte vanskelegare å inngå kompromiss, for gode kompromiss har eit viktig kjenneteikn:

– Eit godt kompromiss inneber at alle parter er litt misnøgde med resultatet. Då veit ein at ein har funne ein balanse, fordi alle har gjeve noko, seier dei to.

Men Moilanen kan ikkje gje noko fasitsvar kor gode Norge og Norden er i å finne balansen og kompromissa i dag.

– Vi har ein historisk bakgrunn og så ulike kvardagar i vårt region, at du vil nok få særs ulike svar alt etter som kven du spør, seier han.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 31.01.25 13:17 Oppdatert: 31.01.25 15:44
Arktis Samfunn og demokrati
Vi anbefaler