Samarbeid over grenser på Arctic Frontiers

Beyond Borders er årets tema på Arctic Frontiers. UiT set spor i både det vitskaplege, politiske og opne programmet – om tema som krysser grenser og krev samarbeid.

logo for AF 2025. Beoyunf Borders i store bokstavar over ein 3D-illustrasjon av eit topografisk kart
Forskarar, politikarar, byråkratar og interesseorganisasjonar samlast i Tromsø frå 27. til 30. januar Foto: Arctic Frontiers
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 24.01.25 13:03 Oppdatert: 24.01.25 17:08
Arktis Om UiT

Når forskarar, politikarar, byråkratar og interesseorganisasjonar samlast i Tromsø frå 27. til 30. januar, møter dei heile bredda av UiT Noregs arktiske universitet.

Våre leiarar og forskarar vil fortelje om og diskutere problemstillingane som er viktige i Arktis, og derfor og globalt. Over 60 tilsette og studentar skal i aksjon, og UiT arrangerer 14 av sesjonane i programmet, anten åleine eller samen med andre.

Diskusjonar for framtida

Ein viktig sak å diskutere for UiT er Polhavet 2050, ein gigantisk fellessatsing på forsking i nordområda våre. Det passar òg godt saman med det internasjonale polaråret i 2032–33, og dekan Jørgen Berge skal presentere den norske «forskingsdugnaden» på sesjonen International Polar Year (IPY) V: Research, Data and Science Cooperation.

Sjå meir: Opptak av informasjonsmøte om Polhavet 2050

Ein mann med ein mikrofon
Professor Rasmus G. Bertelsen på Arctic Frontiers -24. Bertelsen er som vanleg involvert i mykje på årets konferanse. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Rektor Dag Rune Olsen er òg på konferansen, og innimellom alle møta skal han halde innlegg på Stronger together - Nordic collaboration in the Arctic.

Urbefolkningsperspektiv over grensene og korleis ein kan styrke arktiske lokalsamfunn er òg viktige saker for UiT, noko som vert diskutert fleire stader, mellom anna på Indigenous Leadership in Research og Arctic Communities Amid Geopolitical and Economic Uncertainty.

Les òg: Støre skal halde ny nordområdetale på UiT

Elles er UiT tungt inne i diskusjonar om mellom anna giftige metall i Arktis, berekraftig matsikkerheit i hava, russisk påverking, strategisk kommunikasjon i nord, mental helse, energi og klimamodellar.

Du kan sjå over 60 sesjonar på Arctic Frontiers sin Youtube-kanal, heilt gratis, mellom anna alle sesjonane nemnde ovanfor, eller til dømes Russia Talks: Arctic Narratives and Arctic Influence eller Safeguarding Our Common Waters Beyond Borders: Why is the High Seas Treaty Important for the Future of the Arctic?

Opne event for alle

På AF kan ein òg gå på ein rekkje opne arrangement. Marit Anne Hauan, direktør ved Polarmuseet, og litteraturprofessor Henning Howlid Wærp skal diskutere kvinneblikk i polare strøk på Nordnorsk Kunstmuseum onsdag 29. januar klokka 19.45.

Historikar Stian Bones skal vere med på podkasten Det store bildet saman med mellom anna Høgre-leiar Erna Solberg. Innspelinga er ein del av Pro Tromsø sitt «Business & Burger»-arrangement. Det er dessverre fullt, men følg med i podkastfeeden framover.

Ein stad kor UiT kan lage nye samarbeid

Arctic Frontiers er og arena for å møte andre institusjonar og land, og 2025 er inga unnatak. UiT skal mellom anna ha møter med EU sin nye Arktis-ambassadør og EUs generaldirektorat for maritim politikk og fiskeri, fiskeriministrane frå Noreg og Færøyane, Chile sin ambassadør, Indias National Security Council Secretariat og Italia sin ambassadør og polarinstituttet deira.

Rektor Dag Rune Olsen møter mange på Arctic Frontiers. Her saman med USA sin ambassadør, Marc B. Nathanson, i 2024. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 24.01.25 13:03 Oppdatert: 24.01.25 17:08
Arktis Om UiT
Vi anbefaler