Laga brettspel om helleristingar

Kva er verdien av forsking og kunnskap om den ikkje kjem ut i samfunnet? På arkeologi trenast studentane i formidling, og resultatet er alt frå kortspel til Instagram-kontoar.

Fire unge personar set rundt eit bord og spelar eit kortspel.
Per Christian Volden Grasmo, Mona Nilsen og Solveig Marita Gaup spelar kortspelet dei sjølve har laga om helleristingar. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 12.12.24 15:30 Oppdatert: 23.12.24 09:42
Historie Studentliv / Studier

– Vi har tenkt på HMS då vi laga spelet. Her er alle kantane runde så ein ikkje kuttar seg, seier Solveig Marita Gaup om det som både er underhaldning og svar på ein eksamensoppgåve.

Designa, printa og laminerte brettspel

Saman med Per Christian Volden Grasmo og Mona Nilsen har ho laga eit brutalt brettspel om helleristingar, kor ein skal samle fakta frå ulike kort og samle dei til komplette fakta-pakkar. Ein trillar terning, samlar, leg ned, bytter og stel kort.

Korta og spelet har dei designa, printa og laminert sjølve, og altså vore påpasselege med å ikkje lage skarpe kantar.

Alle rundt oss må ta del i fortellinga og forstå kva vi driv med – og kva det kan bety.

Benedicte Risløv er med og spelar med spelskaparane.

– Det er jo morosamt! Og samstundes er det ein heilt anna og ny måte å lære på, seier ho.

Dei fire rundt bordet er alle masterstudentar på arkeologi, og tar det valfrie emnet Populær, fagleg formidling.

God formidling gjev godt akademisk arbeid

– Vi vil trene dei i å vere medvitne til kva dei gjer når dei fortel om faget sitt, til å spisse bodskapen og tore å vere korte og forståelege. Og det hjelper dei òg i den akademiske skrivinga seinare, seier Gøril Nilsen, professor i arkeologi, emneansvarleg og sjølv ei garva formidlar.

film av ein skjerm kor ein ser nokon manøvrere i et 3D landskap og inne i bygningar
Ein student med bakgrunn i speldesign laga ein "skattejakt" i ein virtuell vikinglandsby. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Ho er utruleg stolt over studentane sine. Mange på arkeologi har tidlegare erfaring med teikning, 3D-modellering og andre kreative aktivitetar, noko som gjer det lett å undervise, seier ho:

– Dei gjer heile jobben, eg berre set rammene. Dei er rådyktige!

I haust viste studentane fram resultata av emnet for mellom anna prorektor for forsking og utvikling, Jan-Gunnar Winther.

– Formidling er kanskje undervurdert

Prorektoren fekk sjå tradisjonelle framsyningar av kunnskap, som til dømes plakatar eller aktivitetshefte for born.

Men òg det ovanfornemnde spelet, ein Instagramkonto om bergkunst og ein 3D-visualisering kor ein kan gå rundt i ein vikinglandsby som om det var eit dataspel.

Han vart grundig imponert, både over variasjonen og kreativiteten.

– Studentane her har vist oss både kor viktig formidling er, og kor levande det kan gjerast. Å forklare på ein forståeleg måte kan vere tungt for oss akademikarar, men her har dei verkeleg treft bra. Formidling er ein eigen disiplin – og den må lærast, seier han.

tekst og bilete inne i eit rustent stålgitter, hengande på ein vegg.
Nokre studentar fann ein ny vri på ein tradisjonell metode: Plakat, tekst og foto innramma i eit gitter dei fann på utgravingsplassen. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Winther trur formidling kanskje er undervurdert i UiT og i akademia generelt – for det er særs viktig for samfunna UiT både er ein del av og stundom forskar på.

– Alle rundt oss må ta del i fortellinga og forstå kva vi driv med og kva det kan bety. For vi kan så utruleg mykje, seier han.

God formidling er samfunnsutvikling

Gøril Nilsen peiker på at arkeologi gjerast i lokalsamfunn. Då må ein formidle tilbake til dei same lokalsamfunna.

– Til dømes har vi jobba i mange år i Skibotn med utgravingar i dei tyske militærinstallasjonane frå andre verdskrigen. vi har reist tilbake til Skibotn og heldt føredrag fleire gonger, og når det omsider kjem ein bok om utgravingane, skal den vere på norsk, seier ho.

– UiT skal bidrege til samfunnsutvikling, og formidling er jo ein kjempeviktig del av det. Det står til og med i strategien vår seier Winther.

Vert det mykje laminering framover?

For dei tre spilldesignarane, har oppgåva vert både morosam og utfordrande.

– Vi håper at dette er ein litt annleis måte å lære på, at ein hugsar betre når ein gjer noko aktivt, seier Mona Nilsen.

– Dei fleste veit at bergkunst er gamalt, men ikkje kor gamalt, eller at det kan vere 8000 år mellom dei eldste og dei yngste, seier Grasmyr.

Det var òg viktig for dei å få fram at det finst helleristingar over heile Nord-Noreg, og få dei fram i lyset.

– Og at dei er forskjellige etter om dei ligg i innlandet eller på kysten, kor store dei er. Rett å slett å gje tilbake noko av det vi har lært, seier Gaup.

Og når kan ein rekne med å sjå bergkunst-spelet i butikken?

– Nei, det veit vi ikkje. Då må vi først få tilgang på lamineringsmaskina på Arkeologi på fulltid, seier Gaup.

 
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 12.12.24 15:30 Oppdatert: 23.12.24 09:42
Historie Studentliv / Studier