20 år med Trond Mohn Forskningsstiftelse

Trond Mohn Forskningsstiftelse arrangerte 6. desember 20-årsjubileum i Universitetsaualen i Bergen.

Ein mann står og snakkar ved ein talarstol.
Trond Mohn heldt sjølv tale under 20-årsjubileet i Bergen 6. desember. Foto: Unn Sørum/ Tromsø forskningsstiftelse
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 09.12.24 12:54 Oppdatert: 09.12.24 15:00
Næringsliv Om UiT

På markeringa vart 20 års samarbeid med Universitetet i Bergen, Helse Bergen HF og UiT Noregs arktiske universitet feira. Årets overordna tema var «Hjernen», og tre prosjektleiarar, forskarar som på kvart sitt vis bidreg til god hjernehelse, var inviterte til samtale med konferansier Arne Møller. Ein av dei var UiT-professor Øystein Vangsnes, som er knytt til språkmiljøet CLabL som tidlegare har fått støtte frå Trond Mohn forskningsstiftelse sin UiT-satsing.

Professor ved UiT og styreleiar i Tromsø forskingsstifting, Anne Husebekk, presenterte dei nye TFS Starting Grant-tildelingane i Tromsø, som i år gjekk til Mathias Kranz og Barbara Tomotani. På årsmarkeringa stod også utdeling av årets TMF Starting Grant til UiB-forskarane Tom Langbehn og Leonardo Muniz Pichel på programmet.

Frå UiT deltok òg rektor Dag Rune Olsen, og Unn Sørum var med frå TFS.


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling