Smakebiter frå Arven etter Nansen

Arven etter Nansen markerer sju år med forsking med eit seminar med korte foredrag. Dette er eit unikt høve til å høyra leiande forskarar snakka om framtidsplanane for dei nordlege havområda våre – og korleis me saman kan møta utfordringar og moglegheiter i Barentshavet.

Logoen til Arven etter Nansen, som viser namnet og ei råk i isen.
Arven etter Nansen har bidrege til ny kunnskap om klima og økosystem i Arktis. Foto: Arven etter Nansen
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 02.12.24 11:11 Oppdatert: 03.12.24 14:20
Arktis Hav Klima

Barentshavet er både ei skattekiste og ein livsnerve for Noreg. Men korleis sikrar me ei berekraftig framtid i eit havområde som står under press frå klimaendringar, auka aktivitet og endra økosystem?

Når forskingsprosjektet Arven etter Nansen no går inn for landing, byr ei rekkje av forskarane som har vore involverte i det nasjonale forskingsprosjektet på spennande resultat. Seminaret blir halde på Framsenteret onsdag 4. desember. 

Har fått ei meir heilskapleg forståing

Arven etter Nansen har bidrege til ny kunnskap om klima og økosystem i Arktis – kunnskap som kan bli avgjerande for fiskeri, varsling av vêr og klima, og korleis me skal forvalta området for framtida.

– Me har fått ein mykje meir heilskapleg forståing av kva det er som påverkar klimaet i dei arktiske havområda, og korleis det igjen påverkar økosystemet og dei haustbare artane, seier prosjektleiar og professor ved UiT Noregs arktiske universitet, Marit Reigstad.

Foredraga gir ei oversikt over kva Arven etter Nansen har gjort for å dekkja kunnskapshol.

Mellom anna vil havforskar Arild Sundfjord frå Norsk polarinstitutt gi eit innblikk i korleis Atlanterhavsstrømmen styrer og regulerer klimaet vårt her i nord og om matfisken vår vil endra åtferd i eit nytt og varmare hav. Forskar ved Havforskingsinstituttet Randi Ingvaldsen skal snakka om det levande havet.

Overførbar verdi frå forsking til næring?

Prosjektet har også testa ut ny teknologi som å setja ut små bøyer, få dronar til å overleva i kulda og senda undervassfartøy under isen.

– Me har utvikla nye overvakingsstrategiar der forskarar undersøkte alt, overalt, på same tid. Denne nye måten å bruka teknologi på kan vidareutviklast og bli forma til heilt nye brukarar, seier Martin Ludvigsen frå NTNU og peikar på at eksempelvis oppdrettsnæringa har stor nytte av raske og gode system som overvaker og kartlegg forhold som påverkar helse og miljøet rundt merdane.

– Til slutt vil me fortelja om korleis me kan varsla klima og vêret for området på ein trygg og god måte som igjen vil tryggja beredskapen her i nord. Så kom og få ein smakebit om korleis framtida ser ut i nord, inviterer Reigstad.


Kortnytt fra Institutt for arktisk og marin biologi, Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Vi anbefaler