UiT er med i det nye VM-styret

Styret i Narvik-VM 2029 er klart. Pedagogikkprofessor Astrid Strandbu ved UiT er eit av styremedlemmene.

Biler som kjører i bysentrum, uit narvik midt i bildet foran et fjell med en skibakke
UiT Narvik sett frå sentrum. I bakgrunnen skianlegget der VM i alpint skal foregå i 2029. Foto: Vilde Øines Nybakken / UiT
Portrettbilde av Nybakken, Vilde Øines
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Publisert: 29.11.24 13:40 Oppdatert: 01.12.24 16:51
Om UiT

I juni blei det klart at Narvik skal arrangere alpin-VM i 2029. No er styret for Narvik-VM 2029 klart.

Eit av medlemmene er Astrid Strandbu, som er professor i pedagogikk ved UiT Noregs arktiske universitet.

Skiforbundet presenterte styret i ei pressemelding fredag 29. november.

Balansegang mellom kontinuitet og fornying

– Vi har vore opptekne av å finne eit godt samansett styre med den kompetansen og breidda som er naudsynt for å arrangere eit stort internasjonalt idrettsarrangement, seier skipresident Tove Moe Dyrhaug.

Ho fortel også at dei har tatt med personar som var viktige personar i prosessen med søknaden om å få tildelt VM.

– Dette styret gir ein god balanse av kontinuitet og fornying, seier Dyrhaug.

Eirik Frantzen, administrerande direktør i Nordkraft AS, er valt til styreleiar. Han gler seg til å ta fatt på arbeidet.

– Saman med eit svært kompetent og offensivt styre, gler eg meg til å starte arbeidet og alt det vi skal få til saman. Vi takkar for tillita, og skal gjere det vi kan for at VM set varige spor, ikkje berre i landsdelen, men i heile landet og i ski-verda, seier Frantzen.

Dette er styret:

Styreleiar:

Eirik Frantzen, administrerande direktør, Nordkraft AS

Styremedlemmer:

  • Unni Forshaug, kontorleiar, Narvikgården AS
  • Astrid Strandbu, professor pedagogikk, UiT Noregs arktiske universitet
  • Sigbjørn Aanes, Partner First House AS
  • Claus Johan Ryste, Sportssjef for alpint, Norges skiforbund
  • Dagfinn Neteland, administrerande direktør, Fjord1 AS
  • Thor Hushovd, dagleg leiar, Uno-x Mobility

UiT er samarbeidspartnar

UiT er ein av samarbeidspartnarane til Narvik-VM 2029. Samarbeidet starta allereie i 2021, da Narvik hadde søkt om å få alpin-VM i 2027.

I avtalen går det mellom anna fram at UiT skal bidra med forsking og innovasjon som skiverda trenger til VM.

I samarbeid med Noregs skiforbund og Narvik-VM 2029 har UiT peikt ut 11 forsking og utvikling-prosjekter knytta til arrangementet, og som det er aktuelt for UiT å jobbe vidare med.


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar