UiT er med i det nye VM-styret
Styret i Narvik-VM 2029 er klart. Pedagogikkprofessor Astrid Strandbu ved UiT er eit av styremedlemmene.
I juni blei det klart at Narvik skal arrangere alpin-VM i 2029. No er styret for Narvik-VM 2029 klart.
Eit av medlemmene er Astrid Strandbu, som er professor i pedagogikk ved UiT Noregs arktiske universitet.
Skiforbundet presenterte styret i ei pressemelding fredag 29. november.
Balansegang mellom kontinuitet og fornying
– Vi har vore opptekne av å finne eit godt samansett styre med den kompetansen og breidda som er naudsynt for å arrangere eit stort internasjonalt idrettsarrangement, seier skipresident Tove Moe Dyrhaug.
Ho fortel også at dei har tatt med personar som var viktige personar i prosessen med søknaden om å få tildelt VM.
– Dette styret gir ein god balanse av kontinuitet og fornying, seier Dyrhaug.
Eirik Frantzen, administrerande direktør i Nordkraft AS, er valt til styreleiar. Han gler seg til å ta fatt på arbeidet.
– Saman med eit svært kompetent og offensivt styre, gler eg meg til å starte arbeidet og alt det vi skal få til saman. Vi takkar for tillita, og skal gjere det vi kan for at VM set varige spor, ikkje berre i landsdelen, men i heile landet og i ski-verda, seier Frantzen.
Dette er styret:
Styreleiar:
Eirik Frantzen, administrerande direktør, Nordkraft AS
Styremedlemmer:
- Unni Forshaug, kontorleiar, Narvikgården AS
- Astrid Strandbu, professor pedagogikk, UiT Noregs arktiske universitet
- Sigbjørn Aanes, Partner First House AS
- Claus Johan Ryste, Sportssjef for alpint, Norges skiforbund
- Dagfinn Neteland, administrerande direktør, Fjord1 AS
- Thor Hushovd, dagleg leiar, Uno-x Mobility
UiT er samarbeidspartnar
UiT er ein av samarbeidspartnarane til Narvik-VM 2029. Samarbeidet starta allereie i 2021, da Narvik hadde søkt om å få alpin-VM i 2027.
I avtalen går det mellom anna fram at UiT skal bidra med forsking og innovasjon som skiverda trenger til VM.
I samarbeid med Noregs skiforbund og Narvik-VM 2029 har UiT peikt ut 11 forsking og utvikling-prosjekter knytta til arrangementet, og som det er aktuelt for UiT å jobbe vidare med.
Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon