Opnar nytt vindauge mot mellomalderens Europa

Forskarar i fire land skal endre forståinga av korleis europearane i mellomalderen endra naturen og landskapet – og korleis det framleis dominerar omgjevnadene våre.

båt og dame
Ein av prosjektleiarane, Nathalie Dubois, samlar inn sedimenter frå ein innsjø Foto: Alessandro Della Bella / EAWAG
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 07.11.24 14:43 Oppdatert: 08.11.24 11:42
Historie Klima

MEMELAND

ERC Synergy Grant for MEMELAND er på 13 537 645 euro. UiT-komponenten er på 7 075 963 euro.

Prosjektleiarar og institusjonar

cPI Prof Tony G Brown, Noregs arktiske universitet (UiT), Noreg
PI: Prof. Helena Hamerow, Institute of Archaeology, University of Oxford, Storbritannia
PI: Prof. Nathalie Dubois, Swiss Federal Institute of Aquatic Science and Technology (EAWAG*), Zürich, Sveits
PI: Prof. Andreas Lang, Paris Loudon-universitetet, Salzburg, Østerrike

Til saman vil forskarar frå 13 ulike nasjonalitetar bidra til prosjektet.

*Namnet Eawag er avleidd av det tyske akronymet Eidgenössische Anstalt für Wasserversorgung, Abwasserreinigung und Gewässerschutz.

Det europeiske forskingsrådet har løyvd 13 millionar euro til MEMELAND (Molecular Ecology of Medieval European Landscapes). Prosjektet skal avdekkje korleis jordbruket i mellomalderen har forma dagens landskap og biologiske mangfald.

Finn rettesnorer i jordsmon og sediment

Memeland si metode er å ta prøver og analysere sediment og jordsmon i innsjøar og vatn i heile Europa, såkalla sedimentært DNA (SedaDNA).

Sedimenta på botnen av innsjøar og andre vatn har for det meste vore uforstyrra gjennom hundreåra. Dei kan derfor gje ei eineståande innsikt i klima, økologi, flora, fauna og menneskeleg aktivitet i området rundt.

Ei ny og tverrfagleg tilnærming

Tre fagfelt skal analysere sedimenta og gje oss svar:

  • Lipidbiomarkørar vil avsløre kva dyr og menneske åt.
  • Arkeobotaniske restar (til dømes pollen) vil avsløre kva planter og avlingar som vaks der.
  • Kronologiforskinga vil bruke metodar som karbon14-datering for å avsløre når dei ulike spora vart laga.
Prosjektet skal samle inn sediment og analysere det grundig i tre ulike prosessar.Illustrasjon: MEMELAND

– Denne finansieringa vil gjere det mogleg å lansere ei ny og spennande tilnærming til å ikkje berre forstå, men òg verne landskapa i Nord-Europa og det viktige biologiske mangfalda der. For første gong vil vi kunne sjå korleis miljøet vårt vart til, seier professor Anthony Brown ved Det arktiske universitetsmuseet i Tromsø.

Over 100 lokalitetar er valde ut for sedaDNA, og i tillegg skal ein ta prøver for biomarkørar og arkeobotanikk på seks detaljerte lokalitetar.

Tidlegare arbeid med sedaDNA har mellom anna vist at ein finn DNA frå djupborande makk i innsjøar. Makken vart truleg bringa dit av moldplogen som endra jordbruket i mellomalderens Europa. Då kan ein tidfeste når jordbruket i området tok i bruk plogen.

Rettleiing for restaurering av europeiske landskap

Professor Nathalie Dubois undersøker sedimentprøvar. Foto: Alessandro Della Bella / EAWAG

Over heile Europa finst det initiativ for å tilbakeføre landområde til sin «naturlege» tilstand. Avhengig av kva ein legg i omgrepet «naturleg tilstand», vil dette prosjektet vere ei rettesnor for å tilbakeføre delar av landskapet og økologien til sin historiske tilstanden. Då kan vi kan restaurere og til og med forbetre dei øydelagde landskapa våre.

Andre viktige brikker i puslespelet som MEMELAND vil sjå etter, er:

  • Var mellomalderen ein jordbruksrevolusjon eller ei økologisk degradering?
  • Var det eliten, bøndene eller begge deler som dreiv fram endringane?
  • Kva rolle spelte klima og sjukdom?

Slike prosjekt må vere store

Dette ambisiøse prosjektet, som involverer fleire fagdisiplinar, har som mål å gje svar der summen er større enn delane.

Geir Rudolfsen er instituttleiar for Noregs arktiske universitetsmuseum, Han er sjølvsagt særs nøgd med å få MEMELAND til instituttet sitt. Han seier prosjektet er eit fantastisk eksempel på korleis store og tverrfaglege prosjekt kan gje unik innsikt.

– Slike prosjekt må vere store for å få ein heilskapleg forståing og innsyn i korleis dei ulike faktorane påverkar kvarandre. MEMELAND kjem til å styrke museets faglege fundament og ikkje minst bidra til at universitetsmuseet i Tromsø er verdsleiande innan sedaDNA, seier han.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 07.11.24 14:43 Oppdatert: 08.11.24 11:42
Historie Klima
Vi anbefaler