Utviklar stader for framtida

UiT utdannar samfunnsplanleggarar som sørger for at sjølv små kommunar kan drive god stadutvikling. Det har UiT gjort i 50 år.

hvite hus og en skolegård under grå skyer
Det er behov for samfunnsplanlegging i små kommunar, som Andenes, og større kommunar. (illustrasjonsfoto) Foto: David Jensen / UiT
Portrettbilde av Nybakken, Vilde Øines
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Publisert: 24.10.24 14:40 Oppdatert: 24.10.24 16:22
Om UiT Samfunn og demokrati

UiT utdannar samfunnsplanleggarar som har kunnskap til å forme framtidas byar, tettstader og kommunar. Det er det stort behov for både i Nord-Noreg og resten av landet.

Det har UiT gjort i 50 år, noko som feirast med jubileumsseminar om samfunnsforsking fredag 25. oktober. Her diskuterast det mellom anna korleis vi rustar oss for å utdanne samfunnsplanleggarar for framtidas berekraftige stader.

Samfunnsplanlegging set ikkje berre rammene for kommunar si langsiktige utvikling og korleis areal skal nyttast. Det styrer også mellom anna korleis vi busett og beveger oss, og er viktig for at Noreg skal nå klimamåla som er satt.

Professor Torill Nyseth ved UiT er ein av føredragshaldarane på jubileumsseminaret. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Forskingsgruppa «Sted, makt og mobilitet» ved UiT, er oppteknen av desse temaene. Ein av forskarane i gruppa, professor Torill Nyseth, retter blikket mot utfordringar, motsetningar og håp i stadutviklinga, når ho held sitt foredrag om omsorg for stad under jubileumsseminaret. 

Nyseth skal snakke om forholdet mellom planlegging og stad, og peiker på utfordringar ein ser særleg i byutvikling. Det kan til dømes vere konsekvensane av kompakt byutvikling, overturisme og gentrifisering.

Men det finst håp; sentrale planforskarar tar i bruk omsorg for stad som perspektiv for å rette merksemda til viktige stadskvaliteter som kan gå tapt.

Se programmet til jubileumsseminaret her: JUBILEUMSSEMINAR SAMFUNNSPLANLEGGING VED UiT GJENNOM 50 ÅR | UiT

Les meir om våre utdanningar og forskingsprosjekt i samfunnsplanlegging: Isv – Institutt for samfunnsvitenskap | UiT


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon, Institutt for samfunnsvitenskap
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Vi anbefaler