Viten-TV gjev deg innhald du kan stole på

Er du lei av å leite rundt på nettet etter godt forklart kunnskap? Vil du å sjå filmar med informasjon du faktisk kan stole på? Vil du ut av klørne til teknologigigantane? Sjekk ut Viten-TV 16. september!

Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 11.09.24 09:04 Oppdatert: 11.09.24 10:31
Om UiT

– Viten-TV syner seg meir aktuell enn nokon gong, i ei tid der kven som helst kan publisere kva som helst av innhald, godt hjelpt av kunstig intelligens. No treng sjåarane innhald dei veit dei kan stole på, og her vi som universitet eit viktig ansvar, seier Rikke G. Gjærum, viserektor ved UiT Noregs arktiske universitet.

Men kva er Viten-TV?

Norske universitet og høgskular har lenge produsert gode filmar om ei rekkje tema, både til bruk i studiar og for å formidle kunnskap til større målgrupper. Nokre har vorte sett av sjåarar langt utanfor den tiltenkte målgruppa når dei har vorte delte på plattformer som YouTube og Vimeo.

Skjembilde av vitentv.no
Slik ser Viten-TV ut. Du kan ta ein sniktitt allereie no! Skjembilde frå vitentv.no

Andre filmar har stort potensiale og interesse for langt fleire enn dei som har tilgang til dei i dag.

UiT og andre norske kunnskapsinstitusjonar har derfor i mange år ønskt å gje fleire tilgang til desse filmane, og ikkje minst, å presentere dei på ein stad utan reklame og utafor kontrollen til teknologigigantar som Google og Meta. I tillegg til at den norske regjeringa vurderer dei globale internettplattformane som «den viktigaste arenaen for spreiing desinformasjon», samlar dei data om brukarane sine som brukast til målretta marknadsføring og andre mindre kontrollerte område.

Derfor er det ikkje heilt uproblematisk at norske utdannings- og forskingsinstitusjonar sendar sine sjåare til gigantar som YouTube og Facebook. 

Dette handlar til sjuande og sist om å gjere kunnskap tilgjengeleg for så mange som mogleg, på eit forståeleg språk, på ein trygg plattform.

For nokre år sidan kom derfor idéen om ei felles plattform opp, og no står Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, UiT Noregs arktiske universitet og Høgskulen på Vestlandet saman om å lansere Viten-TV, ei strøymeteneste frå norske kunnskapsinstitusjonar.

Nysgjerrigper? Lærer? Student? Då er Viten-TV for deg!

På Viten-TV finn du filmar innan dei fleste fagfelt, frå psykologi, skule og kultur til helse, naturvitskap og teknologi. Nokre av filmane er korte, opplysande og underhaldande, som UiS sin eksplosive julekalender eller UiT sin Opplyst-serie. Andre er fascinerande djupdykk i ulike tema, som arkeologiske utgravingar, kvinnehelse, portrett av polare pionerar og mykje, mykje anna.

Rikke Gürgens Gjærum
Viserektor Rikke Gürgens Gjærum. Foto: Tomas Rolland / UiT

Målgruppa for Viten-TV er rett og slett vitebegjærlege sjåarar i alle aldrar. Lærarar på jakt etter fagfilmar dei trygt dele med elevane i undervisinga, studentar på jakt etter gode kjelder, folk i arbeidslivet som søkjer ekspertar eller rett og slett heilt vanlege sjåarar som ønskjer å oppdatere seg på aktuelle eller tidlause tema – alle desse vil ha glede av å utforske Viten-TV, meiner Gjærum.

– Dette handlar til sjuande og sist om å gjere kunnskap tilgjengeleg for så mange som mogleg, på eit forståeleg språk, på ein trygg plattform, der du kan stole på avsendaren, seier ho.

Velkomen til lansering

Viten-TV vert lansert 16. september kl 1300 i Media City Bergen. Les meir om arrangementet her.

Noko av det første som skjer på Viten-TV er direktesending frå Forskar Grand Prix i Tromsø 19. september klokka 19.00.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 11.09.24 09:04 Oppdatert: 11.09.24 10:31
Om UiT