Nye tal på nordmenns fysiske form: – Stort forbetringspotensial
1200 tilfeldige nordmenn frå heile landet har gjennomført testar av fysisk form. Resultata viser at ei stor gruppe av oss kan betre forma berre ved å starte med enkle aktivitetar som å gå i trapper og i motbakke.
I fjor kom rapporten frå Kan3, som viste at berre om lag halvparten av deltakarane oppfyller dei nye anbefalingane til fysisk aktivitet.
I etterkant har 1200 tilfeldige personar i alle aldersgrupper takka ja til å delta i testing av kondisjon, muskelstyrke, balanse og rørsleevne rundt om i heile landet. 104 av desse 1200 er tromsøværingar som er testa av UiT i Tromsø.
Om lag 800 av dei har testa sitt maksimale oksygenopptak.
Gjennomsnittsnordmannen er i god form
– Det gjennomsnittlege oksygenopptaket i den norske befolkninga er godt, og over eller på nivå med det som er foreslåtte anbefalte verdiar. Det er i seg sjølv er positive nyheiter, seier professor Jostein Steene-Johannessen ved Norges Idrettshøgskole.
Sjølv om det gjennomsnittlege oksygenopptaket er bra, er det er langt frå alle som ligg så godt an.
Viss vi snur på det, er det om lag 30-40 prosent av deltakarane som ligg under anbefalte nivå (35-40 ml/kg/min).
– Sjølv om gjennomsnittleg maksimalt oksygenopptak er på nivå med det som er tilrådde verdiar, er det viktig å identifisere sårbare grupper for tiltak innan fysisk aktivitet, sidan desse vil ha mest nytte av å auke aktivitetsnivået sitt, seier Bente Morseth, professor ved UiT Noregs arktiske universitet.
Ho seier at tala frå Tromsøundersøkinga, som bruker lignende metoder, viser liknande resultat.
For gruppa som har lågast oksygenopptak vil sjølv daglegdagse aktivitetar som å gå i trapper eller i motbakke, krevje ein så stor del av oksygenopptaket at dei ikkje vil klare å gjennomføre lengre enn nokre minutt.
Kan få ein formidabel treningseffekt
Det gir auka risiko for livsstilssjukdommar, dårlegare dagleg funksjon og for tidleg død.
– Den gode nyheita, er at det for denne gruppa skal svært lite til for å auke oksygenopptaket og igjen nyte godt av fordelane det gjev, seier Steene-Johannessen, og kjem med enkle tips:
– Det kan vere så lite som å velje trappene i staden for heisen, gå til butikken og fylle opp sekken med varer, eller gå tur i motbakke og ulendt terreng slik at ein blir andpusten og sveitt. Personar som er i dårleg fysisk form kan få ein formidabel treningseffekt av slik enkel trening så lenge den blir gjort regelmessig, seier han.
Hans råd er å starte i det små, for så å gradvis auke både ntensiteten og lengda du er ute og går, etter kvart som du kjenner at forma blir betre.
– Mi generelle meining er at litt fysisk aktivitet er mykje betre enn ingenting når det gjeld helse, og at ein må velje aktivitetar og ein intensitet som gjer at ein ønskjer og orkar å halde på med det på lang sikt, seier Bente Morseth.
Dårlegare form jo eldre vi blir – men du kan bremse utviklinga
Resultata viser at både oksygenopptaket, muskelstyrke og balanse blir redusert med aukande alder. I gjennomsnitt blir det maksimale oksygenopptaket redusert med rett i underkant av 10 prosent per tiår frå fylte 30 år.
Det er også ein betydeleg reduksjon av gripestyrke og balanse etter fylte 60 år. Men du kan sjølv bremse utviklinga om du regelmessig legg inn kondisjonstrening og fokuserer på aktivitetar som styrka både musklar og utfordrar balansen.
– Styrketrening er spesielt viktig frå 50-60-årsalderen, og sjølv personar over godt over 70-80 år vil kunne auke både muskelmassen og styrken betrakteleg ved å starte med regelmessig styrketrening, seier Steene-Johannessen.
Han meiner det er viktig at eldre ikkje berre tenkjer på kondisjonstrening, men også hugsar på styrketreninga.
Fordelane er mange.
– Det vil hjelpe deg til god livskvalitet og god funksjon i kvardagen, som kan bety at du kan vere sjølvhjelpen lengre inn i alderdomen, seier Steene-Johannessen.
Har dei sprekaste blitt sprekare?
Vi er midt oppe i det mange kallar ein ny løpebølge. Store mosjonsløp som Oslo maraton og Sentrumsløpet blir fullteikna og i mange norske byer er bybildet prega av løparar.
Men har folk flest også blitt sprekare?
Gjennom kartleggingsstudiene er det mogleg å samanlikne tal frå Kan3 med tidlegare undesøkingar.
Kan3
Kan3 er ein del av befolkningsundersøkingane der Norges Idrettshøgskole i samarbeid med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet kartlegg aktivitetsnivået og den fysiske forma til nordmenn med jamne mellomrom. Testinga har blitt gjennomført ved Norges idrettshøgskole, Universitet i Agder, UiT Norges arktiske universitet, Høgskolen i Innlandet, Universitet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet.
– Me fann ingen endringar i gripestyrke, men gjennomsnittsnordmannen ser ut til å ha noko betre kondisjon i 2023 (Kan3) samanlikna med tal frå Kan1 i 2008, seier forskaren.
Resultata viser at det er ein oppgang på i gjennomsnitt seks prosent frå da ein liknande gruppe i Kan1 blei testa i 2008.
– Det er gledeleg å sjå at det er ein positiv trend. Ein betring av oksygenopptaket kan bety mykje for folkehelsa framover, seier Ulf Ekelund, professor ved Norges idrettshøgskole og forskar ved Folkehelseinstituttet.
Men han understrekar at noko av den positive endringa kan forklarast med andre forskjellar mellom dei to utvala som vert samanlikna.
– Me har grunn til å tru at ein litt ulik seleksjon i samband med testing av maksimalt oksygenopptak i Kan3 har ført til at me har testa eit noko 'friskare' utval i Kan3 samanlikna med i Kan1. Den neste Kan-undersøkinga, som skal gjennomførast om nokre år, vil gje oss sikrare svar, seier Ekelund.
-
Public Health - master
Varighet: 2 År -
Medisin profesjonsstudium
Varighet: 6 År -
Bioingeniørfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Biomedisin - bachelor
Varighet: 3 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Psykologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Fysioterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Radiografi - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Farmasi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Psykologi - årsstudium
Varighet: 1 År -
Odontologi - master
Varighet: 5 År -
Tannpleie - bachelor
Varighet: 3 År -
Sykepleie - master
Varighet: 2 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Arctic Nature Guide - one year programme
Varighet: 1 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv og naturguiding - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv - årsstudium
Varighet: 1 År -
Idrettsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Sosialt arbeid - master
Varighet: 2 År -
Vernepleie - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Vernepleie - bachelor (deltid, samlingsbasert)
Varighet: 4 År -
Ernæring - bachelor
Varighet: 3 År -
Videreutdanning i krisehåndtering og traumebehandling
Varighet: 2 Semestre -
Videreutdanning om vold i nære relasjoner
Varighet: 2 Semestre -
Videreutdanning i rus og psykisk helse
Varighet: 2 Semestre -
Paramedisin - bachelor
Varighet: 3 År -
Fysioterapi - master
Varighet: 3 År -
Aldring og geriatrisk helsearbeid - master (deltid, samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Helsefaglig utviklingsarbeid - master
Varighet: 3 År -
Psykisk helsearbeid - master
Varighet: 3 År -
Helsesykepleie - master
Varighet: 3 År -
Jordmorfag - master
Varighet: 2 År -
Klinisk ernæring - master
Varighet: 2 År -
Velferdsendring - erfaringsbasert master
Varighet: 4 År -
Ph.d.-utdanning i helsevitenskap
Varighet: 3 År -
PhD Programme in Health Sciences
Varighet: 3 År -
Sykepleie - bachelor
Varighet: 3 År -
Psykologi profesjonsstudium
Varighet: 6 År -
Sykepleie - bachelor (deltid, samlingsbasert)
Varighet: 4 År -
Samisk sykepleie (deltid) - bachelor
Varighet: 4 År -
Idrettsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Idrett - årsstudium
Varighet: 1 År -
Medisin profesjonsstudium - forskerlinje
Varighet: 7 År