– Ein tsunami av forandring er på veg

Korleis kan musikk bidra til ei betre psykisk helse i ei tid med store samfunnsmessige endringar? Musikkonservatoriet ved UiT skal i samarbeid med europeiske partnarar utforska dette spørsmålet i eit nytt tverrfagleg prosjekt.

Personar som spelar musikk i eit stort rom.
Professor ved Musikkonservatoriet, Lars Asbjørnsen, og studentar frå tre land framfører klassisk musikk under avslutninga av toppmøtet for EUGLOH-alliansen i Szeged, 2024. Foto: Kim Bredesen / UiT.
Portrettbilde av Bredesen, Kim
Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Publisert: 20.06.24 14:00 Oppdatert: 20.06.24 14:26
Helse og velferd Internasjonalt samarbeid Kunst og kultur

Lars Asbjørnsen, professor ved Musikkonservatoriet ved UiT, ønskjer å få med seg kollegaer og musikkstudentar som er tilknytta universitetsalliansen EUGLOH. Der har ni partnaruniversitet som mål å fremja forsking og utdanning som bringar fram ny kunnskap om korleis me kan leggja til rette for betre helse på eit globalt plan.

På EUGLOHs toppmøte i Szeged i Ungarn, hadde Asbjørnsen møte med ein kollega frå Universitetet i Szeged. Dei to partane skal setja i gang eit prosjekt i 2025, der stipendiatar og studentar på bachelor- og masternivå kan delta i fagleg utveksling. I løpet av sommaren skal Asbjørnsen diskutera med kollegaer ved Lunds universitet og Universitetet i Novi Sad om dei også skal bidra.

Då vil sjå nærare på kva som er forholdet mellom klassisk musikk og publikum og kva rolle klassisk musikk vil få i samfunnet. Er det berre pynt, eller har det drivkraft?

Asbjørnsen meiner tida me lever i, med store politiske endringar og endringar av levemåtar, knytt til pandemi, krig og klimaendringar, skaper eit behov for å omdefinera forholdet vårt til kunstformidling og kunstopplevingar.

– Alt innanfor vårt fagfelt er i forandring. Det er ein tsunami av forandring som er på veg. Prosjektet vårt vil finna nye måtar å formidla på. Då vil vi sjå nærare på kva som er forholdet mellom klassisk musikk og publikum og kva rolle klassisk musikk vil få i samfunnet. Er det berre pynt, eller har det drivkraft? Kan kunst og musikk vera ein pådrivar for forandringar i samfunnet? spør Asbjørnsen.

Person som står ved et monument.
Professor ved Musikkonservatoriet, Lars Asbjørnsen, i ein park ved Universitetet i Szeged. Foto: Kim Bredesen / UiT.

Inkluderande terapi og formidling

UiT har frå før satt igang eit EUGLOH-prosjekt saman med Lunds universitet, som fokuserer på sambandet mellom kunst og helse. I kurset, som blir heldt hausten 2024, får bachelorstudentar på helsefag opplæring i korleis kunstformidling kan vera eit viktig verktøy for å gi pasientar ein betre kvardag.

For Asbjørnsen kan også musikk ha like avgjerande helsemessig funksjon, spesielt når det gjeld å motverka einsemd og utanforskap.

– Folk kan bli sjuke av ikkje å kunne uttrykkja seg kunstnarisk. Det er jo noko me alle gjer. Nokon gjer det musikalsk ved å vera med i eit band eller korps, andre teiknar og skriblar. Nokon er veldig opptekne av kleda dei har på seg eller dekorerer heimane sine. Alle desse tinga er heilt nødvendige for oss, me treng det alle saman, seier Asbjørnsen.

Asbjørnsen påpeikar at musikkformidling og utøving av musikk er eit viktig fundament i musikkpedagogikk og -terapi. Slike fagdisiplinar reknar han som eit virkefelt med stor samfunnsverdi. Derfor ønskjer han å styrkja forståinga til studentane på dette området.

– Veldig mange av studentane blir pedagogisk aktive på ein eller annan måte. Me treng eit sterkare tverrestetisk samarbeid mellom kunstretningane på dette området, påpeikar Asbjørnsen.

EUGLOH

  • Er en allianse mellom ni europeiske universiteter som legger til rette for mobilitet knyttet til forskning, undervisning og innovasjon.
  • Alliansen støtter opp under tverrfaglige aktiviteter, prosjekter og programmer som retter seg mot globale helseutfordringer, som også spenner utenfor den medisinske sektoren.
  • EUGLOH dekker utgifter til reise og opphold for egne studenter og ansatte som ønsker å delta fysisk på kurs, workshoper, sommerskoler, seminarer og konferanser ved andre partneruniversiteter.

At verda blir stadig meir digitalisert med nye arenaer som erstattar fysisk oppmøte meiner Asbjørnsen også bør få konsekvensar for korleis musikkutdanning blir lagt opp. Frå tradisjonelt å ha hatt ein konserverande funksjon, for å bringa vidare ein kulturarv, meiner han tida har komme for å tenkja på heilt nye måtar. Både når det gjeld musikkterapi og musikkformidling ønskjer han å skapa moglegheiter og arenaer å for å reflektera og oppleva verda på ein ny måte gjennom kunst og musikk.

– Viss publikum blir stadig meir for seg sjølv forsvinn jo aspekt som sanselegdom, samhald og samvær heilt. Kva gjer det med sjølvoppfatninga og forholdet deira til kunst? Dette er spørsmål som me har tenkt altfor lite på. Me har stadig vekk kjensle av at me ikkje har nok tid. Som musikarar er me klar over at me aldri har hatt så mykje musikk tilgjengeleg som no i vår digitale verda. Det er noko me som samfunn må ta omsyn til, seier han.

Mentalitet i endring

At EUGLOH legg til rette for eit utvida helseomgrep, der ein sosial og samfunnsmessig kontekst blir inkludert, ser Asbjørnsen som eit naturleg perspektiv ein også kan ta i bruk innan kunst og musikk. Han ønskjer derfor å samarbeida med fagmiljø med medisinsk kunnskap, eller med sosiologar og sosialantropologar.

Dei store endringane som er på veg, meiner Asbjørnsen også vil påverka kva me legg i omgrepet kulturell danning. Asbjørnsen meiner det har skjedd store endringar i mentaliteten til studentane på dette området. Han viser til eit berømt sitat i romanen Leoparden av Giuseppe Tomasi di Lampedusa: «Viss me vil at alt skal halda fram med å vere som det er, er det nødvendig at me forandrar det heile.»

– Det gjeld også for Musikkonservatoriet. Viss me skal kunna halda fram med å vera til stades og vera den me er, er me nøydde til å forandra oss. No må me kjempa om å få merksemda til studentane, me er fullt klar over kor verdifulle den kulturelle kunnskapen deira er. Då kan synergieffektane me skaper saman med dei europeiske partnarane våre bli avgjerande, konkluderer Asbjørnsen.

Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Publisert: 20.06.24 14:00 Oppdatert: 20.06.24 14:26
Helse og velferd Internasjonalt samarbeid Kunst og kultur
Vi anbefaler