UiT styrkjer banda til Europa 

EUGLOH-alliansen styrkjer studentar og tilsette ved UiT sitt høve til samarbeid med fleire europeiske universitet. Denne veka møtest partnarane i alliansen til toppmøte i ungarske Szeged. 

Flere personer som sitter i et panel med flagg bak.
Dag Rune Olsen heldt velkomsthelsing under opninga av toppmøtet til EUGLOH i Szeged, Ungarn. Foto: Karine Nigar Aarskog / UiT
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Konstituert kommunikasjonssjef (til 1. september 2024), seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 13.06.24 12:02 Oppdatert: 14.06.24 12:41
Internasjonalt samarbeid Om UiT Studentliv / Studier

European University Alliance for Global Health (EUGLOH) er ei europeisk samanslutning av universitet og institusjonar finansiert av EU-kommisjonen gjennom Erasmus+. Alliansen er ein del av EUs ambisjon frå 2017 om å etablera «European Education Area», éin europeisk campus, for å bryta ned barrierar for transnasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid. 

Denne veka møtest EUGLOH-partnarane til toppmøte ved Universitetet i Szeged i Ungarn. På programmet står ei rekkje møte i dei ulike arbeidsgruppene og i Governing Board, i tillegg til fleire faglege foredrag. Rektor ved UiT, Dag Rune Olsen, seier det er veldig nyttig at medlemsuniversiteta møtest til felles diskusjonar om korleis ein kan stimulera til tettare samarbeid innan både forsking og utdanning.  

De to studentene Florabelle Cabarrubias (t.v.) og María Pilar Moracho Torija modererte en samtale med de to nobelprisvinnerne Anne L'Huillier og Katalin Karikó under åpningsseremonien.
Dei to studentane Florabelle Cabarrubias (t.v.) og María Pilar Moracho Torija modererte ein samtale med dei to nobelprisvinnarane Anne L'Huillier og Katalin Karikó under opningsseremonien. Foto: Sigrid Ag / UiT

– Her ligg det mange fantastiske moglegheiter for dei tilsette og studentane våre. Mobilitet innan studieprogram på alle nivå står sentralt i visjonen om éin europeisk campus. Men me har høge ambisjonar også når det gjeld samarbeid innan forsking, seier Olsen. 

Ein visjon om å bringa folk saman

I år har UiT leiaransvaret i det øvste organet i alliansen; Governing Board der alle rektorane og tre studentrepresentantar sit. Som president i EUGLOH var Olsen blant dei som ønskte velkommen under opningsseremonien til toppmøtet. Han la vekt på kor viktig visjonen til EUGLOH er; å dela kunnskap mellom medlemsuniversiteta og leggja til rette for mobilitet for studentar og tilsette. Han trekte også fram betydninga av Erasmus+-programmet.   

– Erasmus er inspirert av og har fått namnet sitt etter teologen Erasmus av Rotterdam. Han hadde ein visjon om å bringa folk saman, dela idear, diskutera og oppnå ny innsikt, seier Olsen.  

Ein felles europeisk modell

I målet om å etablera éin europeisk campus ligg mellom anna felles studentkort, utveksling av felles modular, emne og program som skal tilbydast alle EUGLOH-studentar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, utvikling av pedagogiske metodar med spesielt fokus på studentaktive læringsmåtar, internasjonalisering av klasserommet og innovative pedagogiske verktøy og metodar.

Det er også tale om å utvikla ein felles europeisk modell for akademiske gradar og eit standardisert rammeverk for å vurdera kompetanse. Tilsette ved partnaruniversiteta kan òg få stipend og såkornsmidlar til samarbeidsprosjekt og EUGLOH har ei eiga ordning for gjesteforelesarar. 

UiT stiller med ein stor delegasjon under toppmøtet. Bak frå venstre: Mette Talseth Solnørdal, Julia Holte Sempler, Emil Petter Hæsken Trones, Kathrine Tveiterås, Hasaan Abdalla Mohammed, Dag Rune Olsen, Anniken Marie Williams, Mette Ravn Midtgard, Kim Bredesen, Elin Margrethe Ryseth, Morten Simonsen-Sagerup og Verena Woltering. Foran fra venstre: Claire Degail, Åsunn Lyngdal og Sigrid Ag.
UiT stiller med ein stor delegasjon under toppmøtet. Bak frå venstre: Mette Talseth Solnørdal, Julia Holte Sempler, Emil Petter Hæsken Trones, Kathrine Tveiterås, Hasaan Abdalla Mohammed, Anniken Marie Williams, Mette Ravn Midtgard, Kim Bredesen, Elin Margrethe Ryseth, Morten Simonsen-Sagerup og Verena Woltering. Foran frå venstre: Claire Degail, Dag Rune Olsen, Åsunn Lyngedal og Sigrid Ag. Foto: Karine Nigar Aarskog / UiT

Sidan UiT vart medlem i EUGLOH-alliansen i 2023, har det vore arrangert nærare 50 felles kurs og webinar for studentar og tilsette ved medlemsuniversiteta. Eit ferskt døme er kurset i gründerverksemd som vart halde ved UiT i Tromsø 3.–7. juni. Her var det med studentar frå Ludwig-Maximilians-Universität i München, Lunds universitet, Universitetet i Alcalá, Universitetet i Porto og Universitetet i Szeged, i tillegg til UiT. Alle medlemmer av EUGLOH.  

Fleire globale utfordringar

Det overordna temaet for EUGLOH er global helse. Olsen meiner det er viktig å forstå utfordringane og moglegheitene som ligg i det omgrepet i ein global kontekst, og han trekkjer fram aspekt som ein aldrande populasjon, pandemiar, helseøkonomi og berekraftige system innan helsevesenet. Olsen ønskjer ein nær dialog med partnaruniversiteta om korleis ein kan møte dei globale helseutfordringane som ventar i nær framtid: 

– UiT ønskjer i fellesskap med partnarane våre å utvikla innovative, demokratiske og berekraftige løysingar for å møta store samfunnsutfordringar og sikra vår helse og velferd, seier Olsen og legg til:   

– Forsking, utdanning og samarbeid rundt slike spørsmål vil ikkje bli mindre viktig i åra som kjem. Samtidig er ikkje alliansen avgrensa til global helse, det er mange andre disiplinar som er interesserte i dette samarbeidet. Og det aller viktigaste med alliansen er moglegheita den gir for studentane, seier rektoren.

The European University Alliance for Global Health

  • Universitetsalliansen EUGLOH vart etablert i 2019 og består av Université Paris-Saclay, Lunds universitet, Ludwig-Maximilians-Universität München, Universidade do Porto, University of Szeged, University of Alcalá, Universität Hamburg, University of Novi Sad og UiT Noregs arktiske universitet.  
  • Dei ni europeiske partnaruniversiteta byggjer opp under utdanning, forsking og innovasjon som rettar seg mot globale helsespørsmål. 
  • EUGLOH knyter no saman 338.500 studentar, 54.000 akademikarar og 112 fakultet og skular. 
  • Fellesprosjekta til partnaruniversiteta er finansierte av EU sitt ERASMUS+-program og Horizon Europe. 
  • Den felles plattforma opnar opp for mange moglegheiter. Studentar, forskarar og vitskapleg tilsette kan dela infrastruktur, ressursar, læringsverktøy og kompetanse på mange område. 
  • Dei lokale samarbeidspartnarane til UiT innan alliansen er Arctic Frontiers, Helse Nord, Troms fylkeskommune og Tromsø kommune. 
  • Noko av det UiT tek med seg av fagleg kompetanse inn i alliansen er medisinsk forsking, bruk av kunstig intelligens i helsevesenet, kunnskap om marin biologi og økosystem og avansert forsking på klimaendringar i Arktis. 

Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Konstituert kommunikasjonssjef (til 1. september 2024), seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 13.06.24 12:02 Oppdatert: 14.06.24 12:41
Internasjonalt samarbeid Om UiT Studentliv / Studier