Tunge investeringar i KinSea

KHAN Technology Transfer Fund I og Berners AS investerar i det biofarmasøytiske oppstartsselskapet KinSea, som er oppretta av UiT, UiB, Norinnova og tyske Lead Discovery Center.

To kvinner og ein mann er kledde i labfrakkar og ser på raud veske i ei plastflaske
Førsteamanuensis Kine Østnes Hansen, professor Jeanette Hammer Andersen og professor Espen Holst Hansen ser på prøver av kreftceller i 2019, då KinSea enno var nokre år unna. No er dei alle tre sentrale i selskapet. Foto: Jonatan Ottesen / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 29.04.24 15:02 Oppdatert: 29.04.24 15:30
Helse og velferd Om UiT

KinSea, som er banebrytande innan bruk av marine bioaktive stoffar for utvikling av nye legemidlar, vart oppretta i februar 2023, og hadde allereie då det tyske investeringsfondet KHAN-I med på laget. No konverterar KHAN-I oppstartslånet om til aksjar i selskapet, samstundes som det det nordnorske investeringsselskapet Berners AS kjem inn som ny investor.

KinSea-teamet har dristige visjonar, skalerbare løysingar og utmerka ekspertise.

Med det er den første runda med såkornfinansiering fullført.

– Vi er takksame for tilliten og støtta frå KHAN-I, og er glade for å ønske Berners AS velkommen om bord, seier Jeanette Hammer Andersen, administrerande direktør i KinSea.

Utviklinga held fram

– Dette er ei viktig stadfesting av potensialet i strategien og tilnærminga vår. Vi jobbar målbevisst for å få produkta våre gjennom de neste stega i utviklingsprosessen for å kunne tilby sikrare, meir effektive og heilt nye behandlingsalternativ for AML-pasientar, held ho fram.

Finansieringa gjer at KinSea kan halde fram utviklinga av sitt fremste program, eit legemiddel basert på unik kjemi frå det marine miljøet til behandling av akutt myeloid leukemi (AML), ei alvorleg form for blodkreft med dårlege prognosar for dei som vert ramma.

Les meir: Ny UiT-bedrift skal utvikle medisin mot blodkreft

Resultat frå forsøk i mus tyder på overlegne eigenskapar samanlikna med eksisterande medisin, og KinSea satsar no mot preklinisk og klinisk testing.

Planlegg ny aktivitet og meir kapital

Mats Sæverud, administrerande direktør i Berners AS, legg til:

– I KinSea fann vi eit ambisiøst oppstartsselskap som ønskjer å gjere ein forskjell. KinSea-teamet har dristige visjonar, skalerbare løysingar, utmerka ekspertise og ferdigheiter som passar godt med Berners ambisjonar, seier han.

KinSea planlegg og ei gradvis utviding av aktiviteten i selskapet og jobbar med å etablere fleire prosjekt for å oppdage og utvikle nye legemiddelkandidatar for behandling av kreft og andre sjukdommar basert på bioaktive stoffar frå arktiske havområde.

Selskapet har allereie hatt innleiande samtalar med investorar for neste runde med kapitalhenting.


Kortnytt fra Det helsevitenskapelige fakultet, Institutt for kjemi, Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Vi anbefaler