Revidert studiemodell vedtatt

Styret til UiT har vedtatt ny modell for UiT sitt studietilbod som skal ta høgde for samfunnet sine endra behov, spesielt når det gjeld fleksible studium og etter- og vidareutdanning.

Studenter i eit auditorium følgjer med på noko utanfor biletet.
Målet med modellen er å gje gode tilbod til studentar som desse. Foto: Jon Terje Eiterå
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 08.02.24 12:45 Oppdatert: 08.02.24 15:38
Om UiT

Den overordna modellen for korleis universitetet skal organisere studietilboda sine, vart vedtatt på styremøtet i desember. Men styret bad om ei revidering av delar av planen, og det var denne revisjonen som var oppe i møtet torsdag 8. februar.

UiT må gjere endringar

I ein kronikk i Forskerforum  5. februar 2024 skriv prorektor for utdanning, Kathrine Tveiterås, at det ikkje er realistisk for UiT å halde fram som i dag, og at det er naudsynt å dimensjonere studietilbodet betre:

– Alternativet til å redusere emneporteføljen er å betrakteleg redusere antal program. Det vil ha gjeve eit langt smalare studietilbod, og hadde òg utfordra samfunnsoppdraget UiT har som breiddeuniversitet, skriv ho.

Portrett av ei kvinne
Prorektor for utdanning, Kathrine Tveiterås. Foto: David jensen

UiT sin nye studieportefølje skal ta omsyn til samfunnets behov for fagfolk med ulik og samansett kompetanse, dei økonomiske rammene for universitet, og tilby fleksible utdanningar og relevante etterutdanningar.

– Dette er ein spennande prosess med mange moglegheiter, og den er naudsynt for å nå målet om et framtidsretta universitet som framleis er leiande innan høgare utdanning, sa ho då studieporteføljen var oppe i styret for første gong i desember 2023.

Styret er nøgd med planen

Tilsettrepresentant i UiT sitt styre, Ketil Zachariassen sa i møtet 8. februar at han vart glad av å lese den reviderte saka:

– Det er gjort eit enormt arbeid med å heve presisjonen, og dette vil verte eit viktig styringsreidskap framover, sa han.

Ekstern representant Aili Keskitalo, sa at planen er mykje tydlegare og har utvikla seg godt:

– Det er ein imponerande liste med tiltak som grip inn i kvarandre. Dette ser veldig spennande ut, sa ho.

Ny metode for å dimensjonere studieprogram

Den reviderte porteføljeutviklingsplanen som styret no har vedtatt, inneheld presiseringar og andre redaksjonelle endringar, og nokre justeringar med tanke på tidsfristar og ansvarlege for tiltak. Men den største endringa gjeld korleis den laupande dimensjoneringa av UiTs studieportefølje skal organiserast.

UiT må kontinuerleg gå gjennom og vurdere antal studieplassar på kvart einskilt studietilbod, og for porteføljen samla sett. UiT skal i laupet av 2024 lage "opptaksmål", altså eit mål for kor mange studentar som bør starte på kvart einskilt studietilbod.

Vi gjer ikkje dette fordi UiT, dei tilsette eller studietilbodet var dårleg, tvert imot.

For program som to år på rad positivt eller negativt avvikar frå opptaksmålet, skal ein gjere ein nærmare vurdering. Vurderinga skal ta føre seg økonomi, kapasitet, infrastruktur og antal studieplassar.

Men ein skal ta omsyn til heile volumet i emneporteføljen, som kan inkludere eit stort antal einskildemne-studentar og studentar frå andre program. Om fagmiljøa òg har andre oppgåver i samfunnsoppdraget, til dømes innan forsking og innovasjon, skal ein ta omsyn til det.

– Det er veldig viktig at vi ikkje har ein 1 til 1 forståing av studenttal og budsjettstørrelse. Vi må sjå heile biletet, sa Tveiterås på styremøtet.

Kontinuerleg dialog framover

UiT må halde fram med å vere attraktiv for studentar. Foto: Torbein Kvil Gamst / UiT

Tveiterås var tydeleg på at det er mykje arbeid som står igjen:

– Vi må vere agile framover. Det vil kome enkeltsaker og tema som vil skape diskusjon, og derfor treng vi kontinuerleg dialog og fokus på kvifor vi har gjer som vi gjer. Dette handlar om korleis vi kan leggje til rette for korleis fagmiljøa kan lykkast, sa ho, før ho avslutta med ei presisering:

– Vi gjer ikkje dette fordi UiT, dei tilsette eller studietilbodet var dårleg, tvert imot. Vi må ta grep fordi det er naudsynt å gjere noko med ressursbruken og at vi må rette oss inn mot komande kompetansebehov, sa Tveiterås.

Du kan lese saksframlegget her.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 08.02.24 12:45 Oppdatert: 08.02.24 15:38
Om UiT