Nytt mattesenter: – Leikeplass og brubyggjar

Det mangla ikkje superlativ og høge ambisjonar då Lie-Størmersenteret for matematikk opna i Tromsø. Senteret skal samle matematikarar frå heile Noreg og flytte grenser for forskinga.

To menn skjer opp opp ei kake
To stolte karar feirar åpninga av Noregs første senter for matematikk. Professor Hans Munthe-Kaas og rektor Dag Rune Olsen. Foto: Kjetil Rydland
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 25.01.24 11:40 Oppdatert: 31.01.24 17:36
Naturvitenskap Om UiT

Matte er ofte oppfatta som vanskeleg å forstå, men den er faktisk fylt med skjønnheit, moro og spenning. I tillegg er den ein hjørnestein i vitskap og teknologi. 

Cordian Riener
Fleire år med hard jobbing har gitt resultat. Senterleiar, Cordian Riener, har vore ein viktig pådrivar. Foto: Kjetil Rydland

Det seier leiarane av det nyopna Lie-Størmersenteret –eit samarbeid mellom UiT og UiB, støtta av Tromsø forskingsstiftelse og Trond Mohn stiftelse. 

– Det vitskaplege Noreg har mangla ein «heim for matematikken» som kan gje viktige impulsar og styrke internasjonalisering og utviklinga av matte –  ein vitskap for framtida. No har vi det. No har Noreg fått sitt matematikksenter, seier Hans Munthe-Kaas som skal leie senteret saman med professor Cordian Riener.

Ein utruleg viktig disiplin

På opninga var det fleire gjestar som peika på kor viktig matematikk er, både i seg sjølv, men også som ein disiplin som ligg til grunn for andre vitskapar. 

– Matte er utruleg viktig for mykje av det vitskapen driv med og får fram. Vi veit nesten ikkje kor viktig det er, sa UiT-rektor Dag Rune Olsen.

Han ser ei lys framtid for senteret, som er det første i Noreg, og den absolutt nordlegaste medlemmen i ERCOM, den europeiske samanslutninga av 32 matematikksentre frå 18 land.

– Vi skal vere eit samlande norsk senter kor vi skal forske på ny matematikk, undervise i avansert matematikk og bygge bru mellom fagmiljø. Rett og slett ein samlingsstad for aktivitet og rekruttering til matematikk, seier Riener.

Kry varaordførar

Sigrid Bjørnhaug Hammer
Varaordførar Sigrid Bjørnhaug Hammer ser fram til nye opppdagingar og magi. Foto: Kjetil Rydland

Varaordførar og UiT-student Sigrid Bjørnhaug Hammer framheva kor æra Tromsø kommune er for å vere vertskap. 

– Senteret kjem til å verte ein leikeplass for dei som vil utfordre grensene. Vi ser fram til fantastiske oppdagingar og magi frå dokker i åra som kjem, sa ho. 

Matteidol på besøk

Den største kjendisen på opninga var den engelske forfattaren og programskaparen Simon Singh. Han slo gjennom med Fermats siste sats, ei populærvitskapleg bok om ei gåte som heimsøkte det matematiske miljøet i over 300 år. 

– Å forske på matte er utfordrande, skummelt og spennande, for det er ikkje slik som dei fleste gjer matte, anten som lekse, heimerekneskap eller når du er i butikken. Når ein forskar på matte veit ein ikkje kva svaret er, sa han. 

Gøy for dei unge

Eit viktig fokus for Riener og Munthe-Kaas er rekruttering. Dei ønskjer å få særleg dei yngre til å sjå matte som noko spanande og gøy. Singh, som sjølv driv eit mentorprogram for 250 matteflinke skuleelevar, er heilt einig:  

– Det er så viktig å byggje opp under alle elevar, og dei som gjer det bra. For dei treng å verte utfordra og sjå at matte kan vere ein veg inn i ei fantastisk verd, sa Singh. 

Smilende mann og dame i en korridor
UiT-forskar Elisabeth Wetzer fekk møte idolet sitt, Simon Singh. Boka hans var kanskje den viktigaste årsaka til at ho studerte matematikk.Foto: Kjetil Rydland
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 25.01.24 11:40 Oppdatert: 31.01.24 17:36
Naturvitenskap Om UiT
Vi anbefaler