UiT tar over leiaransvar for EUGLOH

I 2024 tar UiT over leiaransvaret i det øvste organet i EUGLOH – ein universitetsallianse som legg til rette for samarbeid som kan møte globale helseutfordringar. UiT bidrar med løysingar utvikla under krevjande arktiske tilhøve.

Ein mann ved sida av ein roll-up.
UiT-rektor Dag Rune Olsen har nå tatt over ansvaret for den øverste leiinga i universitetsalliansen EUGLOH. Foto: Kim Bredesen / UiT.
Portrettbilde av Bredesen, Kim
Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Publisert: 18.12.23 19:00 Oppdatert: 23.01.24 14:32
Helse og velferd Internasjonalt samarbeid

The European University Alliance for Global Health

  • Universitetsalliansen EUGLOH vart etablert i 2015.
  • Dei ni europeiske partnaruniversiteta byggjer opp under utdanning, forsking og innovasjon som rettar seg mot globale helsespørsmål.
  • EUGLOH knyter no saman 338.500 studentar, 54.000 akademikarar og 112 fakultet og skular.
  • Fellesprosjekta til partnaruniversiteta er finansierte av EU sitt ERASMUS+-program og Horizon Europe.
  • Den felles plattforma opnar opp for mange moglegheiter. Studentar, forskarar og vitskapleg tilsette kan dela infrastruktur, ressursar, læringsverktøy og kompetanse på mange område.

Det øvste avgjerdstakande organet for EUGLOH-alliansen er kalla Governing Board, og består av rektorane ved dei ni partnarinstitusjonane, i tillegg til tre studentrepresentantar. Frå 2023 ble det innført ein roterande leiarskap for organet. Dette året har Lunds Universitet hatt leiaransvaret, også kalla «presiding institution».

Frå 2024 tar UiT over leiaransvaret. Rektor Erik Renström frå Lunds Universitet overleverte formelt stafettpinnen til UiT-rektor Dag Rune Olsen 18. desember.

UiT er blant dei yngre medlemmene av alliansen, og vart først medlem i januar 2023 til liks med universiteta i Alcalá, Novi Sad og Hamburg.

Ei gruppe menneske i ein park.
Ein delegasjon frå UiT var med på EUGLOHs årsmøte, som ble holdt på Lunds universitet, 11.-14. juni 2023. På fotoet: Elin Margrethe Ryseth, Morten Simonsen-Sagerup, Mette Talseth Solnørdal, Kristina Svensen, Verena Woltering, Ingvild Svestad, Camilla Brekke, Bror-Magnus S. Strand, Dag Rune Olsen og Robert Jenssen. Foto: Kim Bredesen / UiT.

Som nykommar tar UiT med seg fagleg kompetanse på mellom anna medisinsk forsking, bruk av kunstig intelligens i helsevesenet, kunnskap om marin biologi og økosystem og avansert forsking på klimaendringar i Arktis.

Rektor Dag Rune Olsen ønskjer ein nær dialog med partnaruniversiteta om kva globale helseutfordringar som ventar i nær framtid:

– UiT ønskjer i fellesskap med partnarane våre å utvikla innovative, demokratiske og berekraftige løysingar for å møta store samfunnsutfordringar, seier Olsen.

I ein slik samanheng meiner han UiT kan bidra med viktige perspektiv, kunnskap og kompetanse.

– UiT har, med si plassering i den nordlegaste delen av Europa, bidrege i fleire tiår til gode helseløysingar for eit mangfaldig samfunn som lever under krevjande forhold. Forskarane våre følgjer nøye med på klimaendringane i Arktis og kva konsekvensar det får for både helse og velferd. Dette er kunnskap og kompetanse vi gjerne vil dela med partnarane våre, legg Olsen til.

Langsiktige mål

Førebels samarbeider partnaruniversiteta hovudsakleg med å arrangera kortvarige kurs og finansierer mobilitet og prosjekt som er relevant for globale helsespørsmål. Det omfattar seminar, konferansar og arbeidsverkstadar for studentar, forskarar og universitetstilsette. Deltakarar kan få finansiert både reise og opphald ved eit anna partnaruniversitetet i Europa.

Men EUGLOH har også eit større mål i sikte. På lang sikt vil ein byggje ein felles campus basert på samarbeid mellom partnaruniversiteta. Ein slik campus skal vera fleirnasjonal, fleirspråkleg og multikulturell.

For å nå eit slikt mål skal verksemda til partnaruniversiteta bli integrert i stadig større grad. Til dømes vil ein prøve å oppretta eit felles europeisk studentkort og å ha felles standardar for grader som blir avlagde på bachelor- og masternivå. I tillegg planlegg mellom anna partnaruniversiteta å innføra felles ordningar for forskarutdanning.

Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Publisert: 18.12.23 19:00 Oppdatert: 23.01.24 14:32
Helse og velferd Internasjonalt samarbeid
Vi anbefaler