20 millionar til mobilitet og samarbeid i farmasi

NordForsk har gjeve konsortiet NordicPharmaTrain støtte til auka mobilitet, eit styrka nordisk farmasisamarbeid og leiartrening for yngre forskarar.

Ei gruppe menneske poserer samla på ei trappeavsats
Forskingsgruppa Drug Transport and Delivery Research, som vil vere sentral for UiT sitt arbeid i samarbeidsprosjektet. Foto: UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 12.12.23 11:01 Oppdatert: 12.12.23 11:25
Helse og velferd Om UiT

Nordic Pharmaceutical Translation and Innovation (NordicPharmaTrain), som vert leia av professor Christel Bergström frå Uppsala universitet, samlar heile ti nordiske akademiske institusjonar, i tillegg til farmasøytiske industripartnarar og kliniske miljø frå heile Norden.

Saman har dei tre hovudmål:

  • Auka mobilitet for yngre forskarar, med fokus på farmasøytisk teknologi.
  • Forsking og utdanning i samarbeid med den sterke farmasøytiske industrien i Norden.
  • Opplæring og ei mentorordning for unge forskarar, så dei er rusta for framtidige leiarroller i nordisk bioteknologi og farmasi.

Professor Gøril Eide Flaten i forskingsgruppa Drug Transport and Delivery hjå Institutt for farmasi styrer UiT si deltaking, og ho har stor tru på nettverket:

– Prosjektet gjer det mogleg å få i stand høg mobilitet og utveksling av kunnskap og kompetanse. Eg trur dette kjem til å gje spesielt ph.d-kandidatar og postoktorar gode moglegheiter for utvikling i særs stimulerande miljø, seier ho.

NordicPharmaTrain er ein vidareføring og utviding av konsortiet bak NordicPOP, som jobba for brukartilpassa medisin, og som har vore ein stor suksess. No har dei styrka det nord-norske laget med kliniske partnarar som Universitetssjukehuset i Nord-Noreg og industripartnarar som BioTecNorth.

– No får me vår lokale bioteknologi-industri med på same lag som dei store nordiske aktørane innan farmasøytisk industri. Det er veldig spannande, og aukar dessutan sjansane for at vi når fram til pasientane med forskinga vår, seier Flaten.


Kortnytt fra Institutt for farmasi, Det helsevitenskapelige fakultet
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Vi anbefaler