Ny samarbeidsavtale med Bufetat Nord

UiT og Bufetat skal jobbe saman i eit felles løft for utdanning og forsking – til beste for landsdelen.

To menn smiler og poserar mens dei tar kvarandre i handa.
NØGDE PARTNARAR: Regiondirektør Pål Christian Bergstrøm og rektor Dag Rune Olsen. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 14.11.23 09:49 Oppdatert: 14.11.23 10:51
Helse og velferd Om UiT

– Vi vil samarbeide med UiT for å sørgje for at vi har nok og riktig kompetanse til samfunnsoppdraget vårt. Og vi treng eit godt og fleksibelt utdanningssystem som kan ta høgde for utfordringane vi har i Nord-Noreg, seier regiondirektør i Bufetat Nord, Pål Christian Bergstrøm.

To menn skriv under på ein avtale.
Avtalen signerast. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har ansvar for drift av det statlege barne- og familievernet. Dei driv barnevernsinstitusjonar, fosterheimstenesta og andre spesialiserte hjelpetiltak i heimen.

– Det er stort behov for kunnskap og kompetanse i denne sektoren òg, og det er ein sjølvsagt del av vårt samfunnsoppdrag å gje gode utdanningar som er tilpassa behova.

Mellom anna kjem det auka krav til mastergrad i barnevernet, og både der og på andre felt skal vi gjere eit felles løft saman med Bufetat, seier rektor Dag-Rune Olsen.

Avtalen går hovudsakleg på utdanningskapasitet og tilrettelegging av utdanning og etterutdanning. I avtala heiter det at «der felles overordna målsetjing er å oppretthalde og vidareutvikle eit likeverdig tenestetilbod av høg kvalitet innan barnevernet og familievern i landsdelen».

– Vi slit med å rekruttere, og det er ein utfordring i ein landsdel med store avstandar og befolkningsnedgang. Og vi treng eit kompetanseløft, seier Bergstrøm.

– Og vi treng gode praksisplassar og erfaring frå institusjonane for å kunne gje ein best mogleg utdanning til dei som skal drive velferdssystema i Nord-Noreg. Så dette er både eit naudsynt og kjærkome samarbeid, seier Olsen.

Samarbeidet kan òg resultere i nye forskingsprosjekt på sikt. Då må i så fall UiT og Bufetat inngå eit partnarskap og søkje om prosjektmidlar saman.


Kortnytt fra Universitetsledelsen, Det helsevitenskapelige fakultet
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Vi anbefaler