Millionar og nytt senter til lingvistikkmiljøet hjå UiT

Trond Mohn stiftelse (TMS) har gjeve si første tildeling i si UiT-satsing. Fagmiljøet for språktileigning og fleirspråklegheit hjå UiT får 34 millionar kronar til sitt Center for Language, Brain & Learning, kalla C-LaBL (uttala syllable).

Portrett av to kvinner og ein mann som smilar. Bak dei ein skjerm med logoen til C-LaBL.
Tre lykkelege lingvistar og hovudforskarar: f.v. Natalia Mitrofanova, Marit Westergaard og Vincent DeLuca. To andre hovudforskarar var ikkje til stades då biletet vart tatt: Jason Rothman og Øystein Vangsnes. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 31.10.23 10:59 Oppdatert: 03.11.23 11:11
Om UiT Språk og litteratur

I tillegg til støtta frå Trond Mohn stiftelse, vil UiT gje tilsvarande sum, slik at senteret totalt vil disponere nærmare 70 millionar over 6 år.

– Dette er heilt fantastisk, seier Marit Westergaard, som vert senterleiar for C-LaBL.

– Tildelinga frå Trond Mohn stiftelse vil ha enorm innverknad for fagmiljøet vårt i mange år framover, legg ho til.

Trond Mohn stiftelse

  • Trond Mohn stiftelse (TMS) er den største allmennyttige stiftelsen som støttar forsking i Noreg.
  • Verksemda er basert på donasjonar frå Trond Mohn, Marit Mohn og Frederik Mohn.
  • Støtta frå TMS inngår i spleiselag med andre forskingsmidlar, og utgjer vanlegvis om lag 50 prosent av kostnadene i det einskilde prosjektet.
  • Sidan starten i 2004 har stiftinga delt ut meir enn 1,7 milliardar kroner til forskingsføremål.


Tromsø forskingsstiftelse
 (TFS) og Trond Mohn Stiftelse inngjekk nyleg ein samarbeidsavtale. Av den følgjer at TFS skal identifisere og utvikle prosjekt som tilfredsstiller kvalitative og strategiske kriterium, og som kan få finansiering frå Trond Mohn stiftelse sin UiT-satsing.

Fortvilande SFF-runde

I 2020 lyste Noregs forskingsråd ut midlar til 11 nye Senter for Framragande Forsking (SFF). Lingvistikkmiljøet hjå UiT sin C-LaBL-søknad fekk toppkarakter på alle kriterium og vart rangert som nummer 11 av 161 søknadar, og vart derfor innstilt til finansiering av eit internasjonalt panel etter fleire rundar med evaluering. Men på grunn av finansielle utfordringar i Forskingsrådet vart berre 9 prosjekt finansierte, og C-LaBL vart ståande utan finansiering.

Marit Westergaard, som skulle vere ein av to leiarar i SFF-en, har skildra denne hendinga som det bitraste ho nokon gong har opplevd. Lingvistikkmiljøet hjå UiT er rangert som det beste i Noreg og på 86. plass internasjonalt. Tromsø forskingsstiftelse sitt rådgjevande utval seier dei sjeldan har sett ein så velskriven søknad.

Det er openbart at dette er eit framifrå fagmiljø som har levert særs godt, og det er derfor ei glede for Trond Mohn stiftelse å gje støtte til eit nytt senter:

– Her har UiT og TFS lykkast med å identifisere eit prosjekt i den akademiske elitedivisjonen. I tillegg til det sterke fagmiljøet verkar Tromsø og regionen som ein ideell stad å studera språk og kultur – tett på dei fleste av urfolks- og minoritetsspråka i landet og med stor internasjonalisering. Vi gler oss til å følgje prosjektet, seier Trond Mohn, donator og styremedlem i begge stiftelsane.

Trond Mohn talte då søsterstiftelsene Trond Mohn stiftelse (TMS) og Tromsø forskningsstiftelse (TFS) underteikna UiT-satsinga. Til høgre styreleiar i TFS, Anne Husebekk, og dåverande prorektor for forsking og utdanning hjå UiT, Camilla Brekke. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Skal studere korleis fleire språk samhandlar i hjernen

C-LaBL slik det vert realisert no, er noko nedskalert samanlikna med SFF-søknaden. Senterperioden vert 6 og ikkje 10 år, og NTNU er ikkje lengre partnar i prosjektet. Forskarar frå NTNU skal likevel delteke i prosjektet, mellom anna skal tre forskarar frå NTNU verte tilsett i 20% Professor II-stillingar hjå UiT.

Tromsø forskningsstiftelse

  • Stifta i 2007 av filantrop og industribyggjar Trond Mohn.
  • Stiftelsen har som føremål å støtte langsiktig grunnleggjande forsking og forskingstiltak ved UiT og andre institusjonar i landsdelen som samarbeider med UiT.
  • I juni 2023 signerte Trond Mohn stiftelse og Tromsø forskingsstiftelse ein samarbeidsavtale om ein eigen UiT-satsing.
  • Støtta frå stiftelse inngår i spleiselag med offentlege forskingsmidlar med tilsvarande summar.
  • Sidan starten har TFS delt ut 504 millionar kroner til forskingsmål ved UiT.

I tillegg vil ein stor del av lingvistikk-miljøet ved UiT verte ein del av det nye senteret, først og fremst dei vel 40 forskarane som i dag tilhøyrer AcqVA Aurora Centre. Forskingsfokus og hovudmål for C-LaBL er det same som i den opphavelege SFF-søknaden.

På senteret skal ein studere korleis fleire språk samhandlar i hjernen og undersøkje samspelet mellom ulik grammatisk oppbygging av språka i den fleirspråklege hjernen. Forskinga vil ha hovudfokus på betydninga av språkleg avstand, krysslingvistisk påverknad, og nevrokognitive tilpassingar i hjernen som følgje av fleirspråkleg erfaring.

Forskinga er teoribasert og vil få fram viktig kunnskap om den fleirspråklege hjernen. Den kunnskapen kan igjen danne grunnlag for utarbeiding av språkpolitikk, bidra til å forme skulepensum, vera med å utvikle diagnostiske verktøy for språkforstyrringar hjå fleirspråklege, og gi innsikt i korleis språklæring kan utnyttast som eit kognitivt treningsinstrument for betre hjernehelse gjennom heile levetida, spesielt ved kognitiv aldring.

Ei kvinne festar EEG-målarar på ein person.
Labundersøkingane til C-LaBL nyttar mellom anna EEG for å undersøkje fleirspråklegheit. Foto: UiT

Rask og god start på satsinga

– Fagmiljøa på Institutt for språk og kultur er utruleg sterke, og det er heilt på sin plass at vi løfter fram språktileigning og fleirspråklegheit med uvurderleg hjelp frå Trond Mohn stiftelse. Det er vidunderleg å sjå at samarbeidet med stiftelsen ber så god frukt og at vi sikrar kontinuitet for Noregs beste lingvistikkmiljø, seier UiT-rektor Dag Rune Olsen.

– Vi er svært glade for at TMS si UiT-satsing fekk ein så rask og god start. Det eksterne ekspertpanelet understrekar det store potensialet for prosjektet – det er ambisiøst og krev tverrfagleg samarbeid på tvers av disiplinar. Forskingsresultata kan gjere ein forskjell for folk flest, i tillegg til å flytte forskingsfronten eit solid steg vidare, seier Anne Husebekk, styreleiar i Tromsø forskingsstiftelse.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 31.10.23 10:59 Oppdatert: 03.11.23 11:11
Om UiT Språk og litteratur