Feil på innlogging for blant annet Eduroam og Ephorte - se driftsmeldingen / Login error for Eduroam and Ephorte - see the operational notice

UiT har Noregs beste lingvistikkmiljø

Lingvistikkmiljøet på UiT har vore langt framme i mange år. No har QS World University Rankings rangert dei på 86. plass i verda, og best i Noreg.

Gruppebilete av ca 30 menneske, utandørs i vintersol på campus,
NOREGS BESTE: Fremst fv: Anna Endresen, Brechje van Osch, Valentina Zhukova, Øystein Vangsnes, Maud Westendorp, Reza Soltani, Sergey Minor, Simon Devylder, Björn Lundquist, Kristine Bentzen, Toms Voits, Peter Svenonius, Kirill Elin, Martin Krämer, Vincent DeLuca, Anya Vinichenko, Pablo Bernabeu, Yanina Prystauka, Iva Ivanova, Antonio Fábregas, Anna Pilsbacher, Helene Jensberg, Elmira Zhamaletdinova, Chloe Castle, Yuliia Palii. Bak, fv: Jade Sandstedt, Natalia Mitrofanova, Gillian Ramchand, Marit Westergaard, Khadij Gharibi, Maki Kubota, Jason Rothman, Merete Anderssen, Judith Schlenter, Tekabe Legesse Feleke, Jiuzhou Hao. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 30.03.23 09:49 Oppdatert: 13.10.23 11:30
Om UiT

— Vi er jo sjølvsagt veldig glade for det, seier Marit Westergaard.

Ho er senterleiar for AcqVA Aurora Center hjå Institutt for språk og kultur på Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.

— Samstundes er det kanskje ikkje så overraskande, for lingvistikkmiljøet hjå UiT har skåra høgt på denne rankinga i ti år, minst, seier ho.

– Vi har fantastiske forskarar

Portrett av ei kvinne
Marit Westergaard. Foto: Kjetil Rydland / UiT

– Vårt store fortrinn er at vi har, og held fram med, å rekruttere fantastiske forskarar, seier Westgaard.

AcqVA Aurora handlar om språklæring og fleirspråklegheit. Men dei 85 lingvistane på UiT jobbar med mykje anna òg, til dømes har dei forskingsgrupper for teoretisk lingvistikk (CASTLFish), språkteknologi (Giellatekno), og kognitiv lingvistikk (CLEAR).

Med stort og smått er dei 48 tilsette i AcqVA, med ein lab-infrastruktur som gjev dei gode mogelegheiter for eksperiment og forsking på korleis fleire språk kan sameksistere i same hjerne.

– Lingvistikk hadde gode og aktive folk frå starten av, og det tiltrekk seg fleire gode og aktive folk. Vi har òg vore gode til å få opp spennande prosjekt som folk vil vere ein del av, seier Westergaard.

Dei har òg vore særleg gode på å få MSCA postdoktor-stipend.

Imponert prorektor

QS World University Rankings rangerar 1500 universitet i heile verda, og vurderer fagmiljø og einingar etter seks tema: Akademisk omdøme (som tel 40%), omdøme som arbeidsgjevar, kor mange akademikarar det er per student, vitskapeleg siteringar, kor mange internasjonale studentar ein har, og kor mange internasjonalt tilsette ein har.

Ei jente med ryggen til  peiker på ein dataskjerm. Det er to teikningar av ei kvinne med ein oppskåren melon på skjermen.
LIV I LABEN: Ei jente får testa språket i AcqVA-laben. Foto: Natalia Mitrofanova / UiT

Samla sett er UiT rangert som universitet nummer 454 i verda. Vidare er UiT vurdert til gruppa 101-150 for arkeologi, 551-600 i biologi, og 351-400 i medisin, mens lingvistikk altså er på 86. plass i verda.

Dette er rett og slett imponerande, seier prorektor for forsking og utvikling, Camilla Brekke om resultata.

– Eg er svært stolt over den framifrå forskinga innan lingvistikk hjå UiT. At UiT kan vise til stor breidde innan dette forskingsfeltet er ein styrke for oss som nettopp eit breiddeuniversitet, held ho fram.

– Det suraste eg har opplevd

UiT og lingvistikkmiljøet hadde eit senter for framifrå forsking (SFF) frå 2003 til 2012 kalla CASTL. Westergaard og kollegaene trudde lengje at dei hadde sikra seg endå eit SFF i 2022, då dei fekk plass nummer 11 på Forskingsrådet sin rangering av totalt 161 søkjarar.

Det var den siste plassen som skulle få finansiering. Men så vart ordninga endra på grunn av Forskingsrådet sine økonomiske problem, og berre 9 sentre vart finansiert.

– Vi var så glade og stolte over at lingvistikk vant fram over andre «hardare» fag som klima og kreftforsking. Så skuffelsen var enorm, seier Westergaard.

– Det er det suraste eg har opplevd. Vi gjekk frå å ha sikra oss 150 millionar kroner til null og niks, seier ho.

Kor går vegen vidare no?

To menn og ei kvinne ser på ein dataskjerm med datamodellar av ein hjerne. Den eine mannen peiker på skjermen. Biletet er tatt ovanfrå.
KOR LIGG SPRÅKA? Forskarar frå PoLaR lab ser på bilete av ein hjerne. Foto: Jason Rothman / UiT

For fag som lingvistikk er det ikkje så mange stader å søkje pengar. Så når instituttet og heile UiT sin økonomi er under press, er Westergaard bekymra for kva som vil hende med lingvistikk når Aurora-finansieringa løpar ut i desember 2024.

– Ein har ikkje forskingsmidlar eller reisemidlar om ein ikkje har ekstern finansiering. Om vi ikkje får anna finansiering, vil vi ikkje ha driftsmidlar til dei to laboratoria våre, AcqVA og PoLaR, seier Westergaard.

– Vi i universitetsleiinga er godt kjend med det uheldige utfallet av SFF-søknaden til Westergaard og kollegaene hennar. Vi vil arbeide saman med fagmiljøet for å finne vegen vidare, seier prorektor Brekke.

Westergaard peiker på kor viktig det er å forstå språk og kultur, og at vi bur i ein region med fleire urfolksspråk, viktige minoritetsspråk, mange dialektar og stor internasjonalisering.

– Det er litt av grunnen til at vi trekkjer til oss dei flinke folka, og korfor det er så viktig å behalde dei, seier Westergaard.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 30.03.23 09:49 Oppdatert: 13.10.23 11:30
Om UiT