UiT får over 260 millionar til synergi

To UiT-prosjekt får til saman 22,5 millionar euro frå EU for å studere fortidas klima og korleis språk kan avsløre framtidige mentale kriser.

Montasje av to protrett. Ei kvinne utandørs foran bygningar og ein mann på ein båt foran ein isbre.
Brita Elvevåg og Jochen Knies. Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT og Astrid Lyså / NGU
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 26.10.23 12:00 Oppdatert: 26.10.23 13:52
Arktis Helse og velferd Internasjonalt samarbeid Om UiT

UiT Noregs arktiske universitet har endå ein gong fått napp i EU sitt forskingsråd (ERC), som er ein del av EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa. For første gong har UiT fått tildelt noko av det mest prestisjefylte EU gjev ut: Synergy Grant.

Desse tilskota skal finansiere samarbeid mellom framifrå forskarar – som med ulik kompetanse – skal løyse store problem gjennom uvanleg ambisiøse prosjekt. I fjor var det berre eitt slikt prosjekt i Noreg som fekk støtte, men i år har UiT fått to.

– Denne tildelinga viser at fagfolka våre hevdar seg i den øvste divisjonen i internasjonal forsking. Det er ei solid fjør i hatten og ein stor inspirasjon for oss alle, seier prorektor for forsking og utvikling hjå UiT Noregs arktiske universitet, Jan-Gunnar Winther.

Skal finne framtida i fortida

Prosjektet i2B (Into the Blue – Resolving past Arctic greenhouse climate) får 12,5 millionar euro i støtte, og er leia av forskar og maringeolog Jochen Knies frå Institutt for geovitskap hjå UiT, som òg er delvis tilsett hjå Noregs Geologiske Undersøking (NGU). Saman med paleoklimatolog Stijn De Schepper frå NORCE og Bjerknessenteret for klimaforsking i Bergen og klima-modelleringsspesialist Gerrit Lohmann frå Alfred Wegener instituttet i Tyskland, skal han prøve å svare på spørsmålet Kva var dei globale konsekvensane av eit isfritt Arktis i fortidas varmare-enn-no-klima?

Tre menn står foran nokre bed foran ein bygning.
i2B-teamet (f.v.) Jochen Knies, Stijn De Schepper og Gerrit Lohman etter ERC-intervjuet i Brussel. Foto: Privat

– Vi skal med kvart vårt sett med kunnskap og institusjonell kraft avdekke kunnskap om fortida for å kunne forstå framtida, seier Knies.

Han forklarar at prosjektet har ambisjonar om å finne kritiske data som manglar i klimamodellane for framtidas isfrie Polhav. Det skal dei gjere ved å først forstå korleis verda såg ut i tidlegare periodar kor Arktis var tilnærma isfritt.

Analysar av nye geologiske prøver skal gje dei datagrunnlaget for nye modellar for korleis klima og natur vil oppføre seg, og kva for konsekvensar det vil ha for miljø og samfunn i tiåra som kjem

 – Dette er det største som har skjedd i forskarkarrieren min, og det heile er bygd på eit langt samarbeid mellom meg, NGU og UiT, først og fremst som eit resultat av arbeidet innanfor CAGE, eit senter for framifrå forsking vi hadde i lag. Det som har skjedd no er kolossalt, og eg gler meg veldig til å setje i gang, seier Knies.

Eg er stolt av at våre forskarar jobbar på eit så høgt nivå at dei vinn fram i så tronge nålauge og får store, viktige og nyttige prosjekt til UiT.

Skal «melde» framtidige anfall før dei kjem

Prosjektet DELTA-LANG (The Delta of Language) skal undersøkje om små endringar (delta (𝚫) tyder endring) i psykiatriske pasientar sitt språk kan vere indikatorar for kommande psykotiske anfall. Brita Elvevåg, professor i psykiatri hjå Institutt for klinisk medisin, og hennar team har sikra seg 10 millionar euro frå ERC Synergy.

Dei andre partnarane er psykiater Iris Sommer frå Groningen universitetssjukehus i Nederland, lingvist Wolfram Hinzen frå Pompeu Fabra-universitetet i Spania og psykiater Philipp Homan frå Universitetet i Zurich i Sveits. Dei fire jobbar allereie saman i eit anna EU-finansiert prosjekt som ser på «trustworthy» kunstig intelligens (TRUSTING, som fekk 6 millionar euro av EU i 2022), så dei kjenner kvarandre godt.

Selfie av to kvinner og to menn.
DELTA-LANG-teamet rett etter intervju i Brussel. Frå venstre Iris Sommer, Wolfram Hinzen, Philipp Homan og Brita Elvevåg. Foto: Philipp Homan

DELTA-LANG skal jobbe med pasientar som allereie har hatt psykotiske anfall. Pasientane skal sjølve ta opp det dei seier og «donere» taleprøver, og ut i frå det skal Elvevåg og kollegaane sjå om dei kan oppdage mønster som tyder på at eit tilbakefall til ein ny psykose er på veg.

– Vi skapar meining gjennom språk, så det speiler kva vi tenkjer. Vi trur at endringar i språk kan lesast som endringar i tankar, og desse pasientane er kanskje dei med mest dramatisk endring i tankesett, seier Elvevåg.

Når dei psykotiske pasientane har det verst, har dei ekstreme variasjonar i mental tilstand, og den «mentale stormen» endrar korleis dei snakkar.

Om teamet kan lage ein prosedyre for å klinisk identifisere desse små endringane, kan ein sjå teikna på eit psykotisk anfall på førehand, og starte å hjelpe pasienten med ein gong. Å ha moglegheit til å «melde» mentale stormar vil vere eit stor steg for folkehelsa, fordi, i motsetning til torevêr, kan ein førebyggje mentale stormar.

– Så på eit vis skal vi melde tankar før dei er tenkt! Det er vilt! Om det er mogleg, er det utruleg kraftfullt, seier Elvevåg.

Eit enormt løft for UiT

Sjølv om dei store summane skal delast mellom dei deltakande institusjonane, er dette eit klart økonomisk og forskingsmessig løft for UiT. Prosjekta vil trengje både postdoktorar og PhDstipendiatar, i2B skal byggje opp eit nytt laboratorium, og dei planlegg tokt med FF «Kronprins Haakon» i 2025 og 2026.

Portrett av ein smilande mann. Utandørs.
Dag Rune Olsen, rektor for UiT Noregs arktiske universitet. Foto: David Jensen

I Europa er det berre 8,8 prosent av ERC Synergy-søknadane som får tilbod om støtte. DELTA-LANG og i2B er to av til saman fem norske prosjekt som får stønad frå denne utlysinga, så 2023 er et særdeles godt år for Noreg. Totalt er det 37 prosjekt som får støtte.

– Eg er stolt av at våre forskarar jobbar på eit så høgt nivå at dei vinn fram i så tronge nålauge og får store, viktige og nyttige prosjekt til UiT. Vi kan òg sjå at begge prosjekta byggjer på tidlegare samarbeid, og det viser kor essensielt det er å jobbe saman med andre over tid, seier rektor Dag Rune Olsen.

– Begge disse prosjekta har potensialet til å positivt påverke liva til mange menneske, og det er noko av det viktigaste vi gjer, legg han til.

Les meir om tildelinga frå ERC her: Synergy Grants 2023: Examples of projects

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 26.10.23 12:00 Oppdatert: 26.10.23 13:52
Arktis Helse og velferd Internasjonalt samarbeid Om UiT
Vi anbefaler