Parkeringsplassar blir grøne lunger

Fleire område som har vore brukte til parkeringsplassar ved UiT i Tromsø skal gjerast om til grøntområde tilpassa mjuke trafikantar.

Eiendomsdirektør Fredrick Juul Walløe foran parkeringsplassen som har vært brukt til besøkende.
Eigedomsdirektør Fredrick Juul Walløe framfor parkeringsplassen som har vore brukt til besøkjande. Foto: Karine Nigar Aarskog/UiT
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 29.08.23 12:13 Oppdatert: 29.08.23 12:39
Bærekraft Om UiT Studentliv / Studier

– Me ser at det har vore ein stor nedgang i kor mange som bruker bil til campus etter innføringa av bompengeavgift i Tromsø. I tillegg er det eit mål i handlingsplanen for berekraft og miljøleiing å leggja betre til rette for syklistar og fotgjengarar på studiestadene våre, seier eigedomsdirektør ved UiT, Fredrick Juul Walløe.

To parkeringsplassar er allereie stengde. Den eine ligg på oversida av Noregs fiskerihøgskule og har hatt plass til cirka 100 bilar. Den andre er besøksparkeringa mellom Institutt for lærarutdanning og Teorifagbygget, som har vore lite i bruk sidan ho vart øyremerkt besøkjande i 2015. I samarbeid med innleigd landskapsarkitekt skal det no bli utarbeidd eit forslag til ny mellombels bruk av områda.

Parkeringsplass som er stengd.
Denne plassen på oversida av Noregs fiskerihøgskule er også stengd. Foto: Karine Nigar Aarskog/UiT

– Det kan vera tiltak som å møblera med nye utemøblar, måla asfalten og setja ut blomsterkasser, basketkorger og fotballmål eller liknande, seier Juul Walløe.

Parkeringsplasser
Solplassen utanfor Teorifagbygget kan på sikt bli heilt bilfri. I dag er delar av plassen brukt til mellom anna presseparkering Foto: Karine Nigar Aarskog/UiT

Avdeling for bygg og eigedom (BEA) planlegg å gjera nokre tiltak allereie i år, og halda fram med fleire tiltak neste år. På sikt er planen å etablera ordentlege parkar på dei to plassane.

Bilfrie soner

Også parkeringsplassane rett utanfor administrasjonsbygget, som i dag er reservert for rektoratet og universitetsdirektøren, skal fjernast og blir erstatta av sykkelparkering. Det er også planar om å gjera endringar på solplassen utanfor Teorifagbygget, slik at han blir heilt bilfri.

– Me ønskjer å gjera campus så hyggjeleg som mogleg for alle som ferdast her, og har derfor som mål å skapa fleire grøne lunger i hjartet av campus, utan biltrafikk, der det er triveleg å opphalda seg, seier Juul Walløe.

Han legg til at BEA gjerne tek imot innspel frå studentar og tilsette på kva plassane kan brukast til. Innspela kan sendast til prosjektleiar Sigurd Salberg Pedersen.

Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 29.08.23 12:13 Oppdatert: 29.08.23 12:39
Bærekraft Om UiT Studentliv / Studier
Vi anbefaler