Feltkurs med piggtråd og knuste flasker

Mens andre studentar skvisar siste rest av ferie eller jobb ut av sommaren, ligg 13 arkeologistudentar med nasen i lyngen, på jakt etter tyske krigsminne.

Eit titals menneske grev etter arkeologiske funn i ei furuskog.
Studentane i full aktivitet på Lullesletta. Foto: Johan Eilertsen Arnzten / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 08.08.23 09:41 Oppdatert: 16.12.23 12:34
Historie Om UiT Studentliv / Studier

– Draumen er å finne ei ID-brikke. Då kan vi jo kanskje spore opp vedkommande, seier bachelorstudenten Stian Holm.

Endeleg skitten på hendene

Saman med dei andre studentane som snart startar andreåret på bachelor i arkeologi, er han halvvegs i eit to veker langt feltkurs i Storfjord, 2 timar aust for Tromsø. Her lærer dei arkeologisk utgraving i praksis, altså korleis ein grev metodisk, loggfører og tar vare på funn – kort sagt korleis ein driv arkeologisk feltarbeid.

To menn ser på holet dei har laga i skogsbunnen.
Student Stian Holm og studieprogramleiar Johan Eilertsen Arntzen. Foto: Stein Farstadvoll / UiT

– Det er veldig artig å få verte litt skitten på hendene, og teste ut i praksis det vi lærte på førsteåret, seier Holm.

200 000 drikkande soldatar

Johan Eilertsen Arntzen er studieprogramleiar for arkeologi hjå Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi. Han leier det årlege kurset, saman med førsteamanuensis og samtidsarkeolog Stein Farstadvoll. Arntzen seier det er dei alltid knyter kurset opp mot pågåande forsking, som i dette høvet er krigsminnearkeologi.

– I år er vi på Lullesletta, kor det var mykje tysk aktivitet mot slutten av andre verdskrigen. 200 000 tyske soldatar passerte gjennom her i samanheng med Lyngenlinja og tilbaketrekkinga frå Finnmark og Nord-Troms. Så vi finn mange spor etter dei, seier han.

Krigsminnearkeologi er ikkje så fokusert på dei store linjene, men ser meir på kvardagen. Kva åt soldatane, korleis budde dei, kva gjorde dei på?

– Vi finn restar etter brakker og telt, og store mengder alkoholflasker. Vi gløymer ofte at krig for det meste er mykje venting. Så tyskarane satt her og venta og venta og venta – og drakk, seier Arntzen.

Kjekt, men mest piggtråd

Ein vil tru bachelorstudentane har det litt kjekkare og betre enn tyskarane hadde det. Dei er i alle fall innkvartert på UiT sin feltstasjon i Skibotn, med grillhytte, spisesal og full bevertning.

Ein mann grev i skogsbunnen
Stian Holm grev i skugsbunnen etter draumen - ei ID-brikke. Foto: Stein Farstadvoll / UiT

– Det er kjekt og sosialt på kveldane, og no fekk vi nett vaflar til lunsj, seier Holm.

Og jakta på id-brikka, korleis går det med den?

– Til no har eg for det meste berre funne piggtråd. Men det er jo ei veke att, seier Holm.

Du kan lese studentane si eiga feldagbok her.


Kortnytt fra Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning, Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no