Koordinatorar for programmet North2North er samla i Alta 

Meir enn 35 universitetstilsette koordinatorar som arbeider med utvekslingsprogrammet North2North er samla ved UiT campus Alta denne veka.

gruppe  ansatte campus alta
HELE VERDEN SAMLET: UiT har denne veka vore samlingspunkt for universitetsansatte med ansvar for studentutveksling. Ansatte frå nært 20 institusjonar var samla. Foto: Magne Kveseth/UiT
Portrettbilde av Kveseth, Magne
Kveseth, Magne magne.kveseth@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 14.06.23 12:58 Oppdatert: 14.06.23 14:02
Arktis Bærekraft Om UiT Studentliv / Studier Økonomi

Universitet frå Canada, Alaska, Noreg, Sverige, Finland, Island, Færøyane, Grønland og Danmark som alle er del av universitetssamanslutninga UArctic – samlinga av universitet i nordområda – er i Alta for å diskutera felles utfordringar. Nye deltakarar i dette samarbeidet er Frankrike og Skottland som også er representert. 

gruppebilde campus Alta
SAMLING: Koordinatorer fra svært mange universitet i UArctic-organisasjonen er samlet i Alta. Foto: Magne Kveseth/UiT

Andre fag med moglegheiter 

Etter presentasjon av dei ulike deltakarane og institusjonane deira, blir det drøfta ulike saker knytt til dei utfordringane som er med utvekslingsprogram i dag. Det er ulike saker som opptek delegatane, som diskuterer forskjellar i studiefinansieringa, moglegheita for mobilitetsprogram innan kunst, dans, musikk lærarutdanningar og sosialt arbeid. Er det til dømes moglegheiter for virtuelle mobilitetsprogram eller er det andre område ein kan samarbeida om? 

Lokal smak på kulturen 

 Innanfor mobilitetsprogramma er det eit hovudsiktemål å sørgja for at studentar får tilbod om å reisa på utveksling til andre samarbeidande læreanstaltar. 

Koordinatorane skal ikkje berre diskutera fag, men òg få ein liten smak av lokal kultur og kjøkken. Det blir utflukt både til Alta museum for å sjå på helleristningane og det blir middag ved Sorrisniva, ein heilårsdestinasjon for villmarksopplevingar. 

Siste dag er sett av til å drøfta dei mange tilbakemeldingane frå studentar som har fått sjansen til å reisa på utveksling og dei skal diskutera korleis ein kan fastsetja «skulepengar» for utvekslinga. 


Kortnytt fra Seksjon for internasjonalt samarbeid
Kveseth, Magne magne.kveseth@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Vi anbefaler