Blått kompass – kva kurs vel vi?
Den aller første Blått kompass-konferansen er historie. Meir fokus på kysten, betre og meir samarbeid, og berekraftig forvalting står igjen som hovudtemaa.
– Med dette har UiT og Tromsø meldt seg på debatten om berekraftig forvalting av hava våre. Det er heilt i tråd med vår nye strategi, Drivkraft i Nord, seier ein tydeleg fornøgd rektor Dag Rune Olsen på konferansen sin andre og avsluttande dag.
Er kysten forsømd?
– Vi har fått gode innspel til ny politikkutforming på fiskeri, vi har forstått at samarbeid på tvers av sektorane og departementa er naudsynt for ei god fiskeriforvalting, og vi har høyrt at kysten kanskje er litt forsømd når det gjeld forsking og heilskapleg forvaltning, seier konferansier Anne Husebekk på spørsmål om korleis ho vil summere opp Blått kompass.
Forskinga må vise veg
Nina Jensen, leiar av forskings- og ekspedisjonsskipet MS «REV Ocean» og tidlegare generalsekretær i WWF, var med i to paneldiskusjonar under Blått kompass. Ho er særs tilfreds med konferansen, som ho meiner har vore lærerik:
– Her har mange av dei mest relevante menneska innan havmiljøet diskutert heilt sentrale problemstillingar. Det er mange ting vi gjerne skulle snakka meir om, men eg ser at samarbeid må inn over alt, og at kunnskap må liggje under alle dei avgjerdene vi skal ta framover. Dei gongane vi ikkje har lytta til kunnskapen, har det gått gale, men når vi har late forskinga vise veg, har vi kome på mykje betre kurs, seier ho.
– Vi har vorte klokare
Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen var ein av ti ulike innleiarar, men òg ein ivrig debattant i diskusjonen om berekraftig fiskeriforvalting.
– Fiskeri og hav er rotfesta i den norske folkesjela, det er noko vi kan. I desse to dagane har vi henta fram gode stemmer, og vi er klokare no enn då vi kom inn til Blått kompass. Men når ein vert klokare kjem det og fram fleire spørsmål, seier Bakke-Jensen på veg tilbake til Fiskeridirektoratet.
Er vi klar for svie?
Dei mange panela vart leia av forfattar og Dag og Tid- journalist Per Anders Todal. Han fekk sjølv vere med i det oppsummerande panelet, og han synest det var gledeleg å sjå forvaltning, politikk, næring, og organisasjonar snakke opent om dei mange dilemmaa kring havet.
– Men det er litt frustrerande å oppleve ei manglande erkjenning av at det kjem til å svi om vi tar prinsippa våre på alvor når vi skal velje. For det kjem til å verte ubehageleg, sa han frå panelet.
Blått kompass kjem tilbake
Direktør for Senter for hav og Arktis, Jan-Gunnar Winther meiner konferansen har vore ein konstruktiv og open diskusjon, kor ein har fått fram meiningsforskjeller.
– Det trur eg vi treng, seier han.
– Det er ikkje tvil om at Noreg forvaltar hava sine på ein god måte i ein internasjonal samanheng, men vi kan alltid verte betre. Og det er det Blått kompass skal pirke litt i; kva er utviklingspotensialet vårt? Og der synest eg vi har fått mange heilt konkrete forslag, seier Winther.
Fleire på konferansen snakka om kor viktig det er med møteplassar som Blått kompass og ytra sterke ønskje om at den må verte ein årleg hending. Rektor Olsen var tydeleg:
– Dette skal vi gjere igjen! seier han.
Du kan sjå heile konferansen i opptak i dei to videoane under. Programmet finn du her.
Dag 1
Dag 2
Blått kompass er arrangert av Senter for hav og Arktis saman med UiT. Konferansen er støtta av Norges Råfisklag, Sjømatfest 2023, og Troms og Finnmark fylkeskommune.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Master of Philosophy in Visual and Multimodal Anthropology
Varighet: 2 År -
Sosialantropologi - master
Varighet: 2 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Indigenous Studies - master
Varighet: 2 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Human Rights Policy and Practice - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety in the High North - master
Varighet: 2 År -
Molecular Sciences - master
Varighet: 2 År -
Law of the Sea - master
Varighet: 3 Semestre -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosiologi - master
Varighet: 2 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Strategisk ledelse og økonomi - erfaringsbasert master
Varighet: 5 Semestre -
Historie - årsstudium
Varighet: 1 År -
Engelsk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsplanlegging og kulturforståelse - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosiologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Spansk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Statsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Allmenn litteraturvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnsplanlegging og kulturforståelse - master
Varighet: 2 År -
Økonomi og administrasjon - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet og miljø - bachelor
Varighet: 3 År -
Økonomi og administrasjon, siviløkonom - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - bachelor
Varighet: 3 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Kunst - bachelor
Varighet: 3 År -
Kunsthistorie - master
Varighet: 2 År -
Musikkutøving - bachelor
Varighet: 4 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Religionsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Russisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År