Matematikkens Messi i Tromsø

Argentinaren Luis Caffarelli er årets vinnar av Abelprisen. Torsdag leika han matte med tromsøungdom og heldt føredrag på UiT.

Ein eldre mann og femteklassingar diskuterer.
Luis Caffarelli og elevar frå Prestvannet skule. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 25.05.23 13:14 Oppdatert: 26.05.23 09:04
Naturvitenskap Om UiT

Luis Caffarelli vert kalla Matematikken sin Messi, og fekk Abelprisen av kongen i Oslo 23. mai. To dagar seinare var han i Tromsø for Abeldagen.

Ein kan leike matte

Prisvinnaren starta dagen på Tromsø offentlege bibliotek og matteleik med femteklassingar frå Kaldfjord og Prestvannet skuler. Elevane bygga tredimensjonale modellar og fekk gode råd frå Caffarelli.

Ein mann smilar og ser i kamera. Ungar leikar i bakgrunnen.
Cordian Riener er lykkeleg for å ha ein "verdsmester" i matte på besøk. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Hovudpersonen sjølv kosa seg stort i møte med undommane:

– Å treffe unge er utruleg moro, og eg håper eg kan vekke interessa deira for matematikk, seier Caffarelli.

Cordian Riener er prodekan for forskingsutdanning og professor i matematikk hjå UiT. For han er det fantastisk at prisvinnaren møter dei unge og visar dei at matte er både viktig og gøy:

– Matte er kanskje eit fag kor man ofte vert testa og prøva. Men her vil vi vise dei at matte handlar om den verkelege verda, og at ein kan utforske den og leike. Det er viktig når matte er grunnlaget for så mykje anna vitskap, det er på ein måte språket vi beskriv naturen med, seier han.

Riener og samarbeidspartnarar på UiB jobbar derfor med å så laga eit matematikkens hus i Tromsø

Matematikken og issmeltinga

På UiT åt Caffiarelli vafflar med rektor, og møtte studentar og tilsette, før han heldt sitt Abelføredrag.

Ein eldre mann snakkar til eit publikum utanfor biletet.
Matematikken sin Messi, Luis Caffarelli, held sin førelesing. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Caffiarelli er særleg kjent for sitt arbeid med partielle differensiallikningar, som i hans arbeid har vore verktøy for å forstå den fysiske verda. Matematikken sin Messi har til dømes jobba med korleis is smeltar eller kva som skjer når ein ball treff bakken. Arbeidet hans er viktig i alt frå klimamodellar til korleis ein byggjer demningar.

Prisvinnaren har publisert 320 artikler, og som 74-åring er han framleis aktiv og tilknytta The University of Texas at Austin. 

Du kan lese meir om Caffiarelli sitt arbeid på forskning.no, og høyre Abels tårn sin spesialepisode om han her.

 

Kortnytt fra UiT Norges arktiske universitet, Fakultet for naturvitenskap og teknologi, Institutt for matematikk og statistikk
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Vi anbefaler