Språkforskar: – Slik blir du betre i nynorsk

Synest du nynorsk kan vere vanskeleg? Vi har spurt språkvitar og nynorskbrukar Øystein Vangsnes om gode råd for å forbetre nynorsken. 

Dame som skal skrive på ei tavle
Prøv og skriv nynorsk ein gong i blant. Det krev trening og i treningsfasen må ein tola å gjera feil, er eit av råda frå språkvitaren. Foto: Mostphotos
Portrettbilde av Moe, Trude Haugseth
Moe, Trude Haugseth trude.h.moe@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 11.05.23 13:20 Oppdatert: 01.09.23 10:47
Kunst og kultur Pedagogikk Samfunn og demokrati

Kva er lurt å gjere dersom du vil bli betre i nynorsk? Og kvifor synest mange nynorsk kan vere vanskeleg? 

Vi har spurt Øystein Vangsnes, som er professor i nordisk språkvitskap ved UiT Norges arktiske universitet.

Her er råda hans:  

Gir råd om nynorsk: Professor i nordisk språkvitskap, Øystein Vangsnes, UiT Norges arktiske universitet.
Gir råd om nynorsk: Professor i nordisk språkvitskap, Øystein Vangsnes ved UiT Norges arktiske universitet. Foto: Jonatan Ottesen/UiT

1.  Utset deg sjølv for meir nynorsk!

Les meir nynorsk, både nyheiter og litteratur. Oppsøk litteratur som er skriven på nynorsk: Det finst veldig mange gode nynorskforfattarar, og forlag som Samlaget og Skald gir ut internasjonal litteratur av høg kvalitet omsett til nynorsk. Still inn Facebook’en din på nynorsk, så får du litt intravenøs eksponering for språket kvar einaste dag.

2.  Prøv og skriv nynorsk ein gong i blant!

Og gjerne så ofte som mogleg. Om du mottek ein e-post på nynorsk, kan du kanskje ta deg litt ekstra tid og utforma svaret på same målform? Minste motstands veg er ikkje nødvendigvis det som gir best trening og mest læring. Skal ein bli betre i eit språk, må ein jobba for det.

Fakta om nynorsk

  • 12. mai 1885 vedtok Stortinget å likestille nynorsk og bokmål gjennom «jamstillingsvedtaket».
  • Det slo fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer som skal vere jamstilte skriftspråk i forvaltninga.
  • 137 år etter jamstillingsvedtaket har over ein halv million nordmenn nynorsk som førstespråk. Dette gjer nynorsk til eit stort og godt etablert språk på verdsbasis.

Kjelde: Språkrådet

3. Ikkje ver flau over å bruka ordbok!

Dette tipset heng saman med det førre. Ordbøker finst no lett tilgjengelege på nett, ikkje minst http://ordbokene.no, og i gode ordbøker finn ein òg informasjon om korleis ord skal bøyast. Nynorsk har på ein del område litt fleire bøyingsformer enn bokmål, og det er aldri dumt å ta ein ekstra sjekk i ordboka på om du har valt rett.

4. Ta eit kurs, anten med lærar eller eit du kan gjera på eiga hand.

Språkrådet har ei nettside med lenker til ulike digitale ressursar dei har utvikla, og statlege organ kan også bestilla nynorskkurs for sine tilsette frå dei.

Kvifor synest mange det er vanskeleg med nynorsk?

Eg trur mange synest det er vanskeleg å skriva nynorsk fordi dei ikkje tek seg tid å gjera den ekstra innsatsen som trengst for å komma i gang og til å komma opp på eit nivå som ein er komfortabel med.

Det krev trening og i treningsfasen må ein tola å gjera feil og få høyra det.

Sjølv har eg lært meg ein del ulike språk, og dei siste 10–15 åra har eg jobba med å læra meg nordsamisk. Eg er framleis på eit ganske grunnleggjande kunnskapsnivå og det tek meg veldig lang tid å skriva til dømes ein e-post – som sjeldan er feilfri – men sakte men sikkert blir eg betre.

Å bli god til å skriva nynorsk – om ein allereie kan bokmål – er veldig lett i samanlikning!

Kva forhald har du sjølv til nynorsk?

Eg kjem frå det nynorske kjerneområdet på Vestlandet der nynorsk er det umarkerte språket på dei fleste område. Dette er ein viktig del av identiteten min, og slik er det for mange.

Som nynorskbrukar møter ein ofte utfordringar med å få bruka språket sitt, og noko av det handlar om at andre ikkje er villige til å bruka det, ofte ved å visa til at dei ikkje kan det.

Skal ein til dømes skriva ein tekst saman med andre, blir det ofte at bokmålet vinn over nynorsken med mindre nynorskbrukaren tek eit ekstra ansvar for skrivinga. 

Lykke til med nynorsken! 

Moe, Trude Haugseth trude.h.moe@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 11.05.23 13:20 Oppdatert: 01.09.23 10:47
Kunst og kultur Pedagogikk Samfunn og demokrati
Vi anbefaler