– Noreg treng ein ny bustadpolitikk

Professor Torill Nyseth har dårlege nyheiter til dei unge: Bustadmarknaden er urettvis, og det går mest ut over dokker. Høyr podkast no!

Illistrasjonsbilete av ei hand som stablar pengar vid sidan av eit modellhus.
Trappa til bustaddraumen vert for bratt for mange. Foto: Mostphotos/Andrey Popov
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 20.04.23 14:21 Oppdatert: 25.04.23 10:06
Samfunn og demokrati

Realiteten i den norske bustadmarknaden er at den stengjer folk ute, seier professoren i samfunnsplanlegging og kulturforståing. I UiT sin nye podkastserie, LU-mini, fortel ho om korleis dei unge skvisast i ein urettvis bustadmarknad, i eit opptak av ei førelesing ho heldt for ungdom på UiT i Tromsø sin opne dag.

Høyr heile førelesinga i vår nye podkast-serie LU-mini:

– Bustadmarknaden styrast etter ein omvendt Robin Hood-politikk. Dei med dei billigaste bustadene subsidierer dei med dei største bustadane, og dei som er utanfor marknaden subsidierer dei som er innafor, seier Nyseth.

Ho peiker på at ein finn urettferd mange stader i det norske samfunnet, men få stader er den så tydeleg som i bustadmarknaden.

Draumen du aldri når

Portrett av ei kvinne i eit atrium.
Professor Torill Nyseth. Foto: Kjetil Rydland / UiT

I Noreg er det ein stor draum for dei fleste å eige sin eigen bustad. Det er knytt til historie, kultur, identitet, ja til eit ønske om fridom. Faktisk eig 82 prosent av nordmenn sin eigen bustad. Men for nokre vert draumen aldri ein realitet.

Nyseth snakkar om det pressa middelsjiktet, dei som ligg i skvisen mellom dei som har god nok økonomi til å skaffe seg sin eigen bustad og dei som har det så dårleg at dei får bustad av det offentlege.

– Her finn ein heilt vanlege folk som har ein grei økonomi, men som ikkje har sjans til å kjøpe seg ein stad å bu, seier ho.

Frå heim til spekulasjonsobjekt

Kravet om 15 prosent eigenkapital er ofte det som stoppar dei unge, fortel Nyseth. Dei som ikkje kan få hjelp frå foreldre eller besteforeldre klarar ikkje halde tritt med historisk aukande prisar, spesielt i byane. Auka vert forsterka av urban bustadmangel, i tillegg til at stadig fleire bustader vert brukt til korttidsleige som til dømes AirBnb.  Då vert marknaden endå meir pressa.

– Bustad har gått frå å vere der ein levde livet sitt til eit investeringsobjekt. I ein marknad er det pengar å tene, og spekulasjonen gjer det meir og meir vanskeleg for dei som ikkje har kapital til å spele, seier Nyseth.

Biletet vert forsterka av at verdiane på bustad har auka så kraftig, og at ein får skattelette for utgiftene til bustadlån.

Sjukepleiarindeksen

For å illustrere kor dårleg situasjonen er, hentar Nyseth fram sjukepleiarindeksen. Han syner kor mange bustader ein einsleg sjukepleiar kan kjøpe i eit område. Ein sjukepleiar tener i snitt litt over 600 000 kr i året, men vil berre ha råd til 1,7% av bustadane i Oslo, eller 16,5 % i Tromsø.

– Men sjukepleiarar er jo ikkje dei som tener minst, seier Nyseth.

– Kva med butikkarbeidarar? Reinhaldarar? Om du hadde laga ein indeks for reinhaldarar trur eg det hadde stått null, seier ho.

Det tyder at mange må ut på leigemarknaden, som Nyseth kallar ustabil, dårleg, og dyr. Som igjen gjer at ein ikkje kan spare til eiga bustad, mens prisane galopperer av garde og eigenkapitalkravet vert endå høgre. Ein vond sirkel som gjer at mange må leige heile livet.

Den tredje vegen

Nyseth seier Noreg treng ein tredje bustadsektor, kor ein hjelper folk inn i eigemarknaden. Noko kan marknaden og folk gjere sjølv, som å ta i bruk ulike formar for sameige, minihus, eller sjølvbyggar-løysningar.

– Men det offentlege må på bana. Først og fremst må dei sjå på korleis skattesystemet gjer problemet verre. Men dei må òg kome med konkrete, politiske løysningar. Det finst fleire ulike «leige til eige»-modellar som det offentlege kan satse på. Ein kan òg sjå på planprosessar og bustadfinansiering, eller tilby billige tomter frå det offentlege, seier Nyseth.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 20.04.23 14:21 Oppdatert: 25.04.23 10:06
Samfunn og demokrati
Vi anbefaler