God grøn innovasjon i nordisk Arktis

I nord er vi gode på grøn omstilling på lokalt og regionalt nivå, syner ein ny rapport frå EU-kommisjonen. Vi er rett og slett flinke til å få med oss folk og organisasjonar på berekraftig innovasjon.

Ein fabrikk i fjordlandskap. Det er skumring.
FISKEFOR FRÅ CO2: UiT og Finnfjord er eit godt døme på innovasjon EU likar. Foto: Finnfjord AS
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 23.03.23 14:04 Oppdatert: 24.03.23 09:39
Bærekraft Energi Samfunn og demokrati Teknologi Økonomi

Frå solfylte Sevilla kan forskar Sveinung Eikeland fortelje at han nyleg leverte ein rapport han har skreve som ein del av ei ekspertgruppe utnemnd av kommisjonen i 2020. Den går no inn i EU si politikkutforming på det grøne feltet som eit godt døme på berekraftig regional utvikling som har globale følgjer.

Portrett av ein mann.
Sveinung Eikeland. Foto: Tommy Skum Hansen / UiT

– Mykje av den generelle koplinga mellom den europeiske klimaomstillinga (European Green Deal) og FNs berekraftsmål handlar om sjå amerikansk og europeisk tenking saman. Der innovasjon i USA har handla mykje om teknologi, vitskap og marknader, har ein Europa vore meir oppteken av kor viktig innovasjon på regionalt eller undernasjonalt nivå er for global utvikling , seier Eikeland.

Han seier at i EU er oppfatninga at den europeiske klimaomstillinga og FNs berekraftsmål handlar om det same: Inkludering, lokal utvikling og vitskapsbasert innovasjon

Arktiske regionar brukar sine styrker

Rapporten Sustainable development and Sustainable Development Goals in Smart Specialisation strategies in the European Arctic regions tar for seg seks regionar i det nordlege Sverige, Finland, og Noreg, og undersøker om ein finn igjen dei europeiske ideane om det grøne skiftet i regionale utviklingsprogram i desse regionane.

Og det finn gruppa mange døme på. Regionane brukar sine styrker effektivt, samstundes som ein jobbar mot å nå FN sine berekraftsmål.  

Eikeland dreg fram fleire døme på endringar i regionale utviklingsprogram i nordområda. Finlendarane i Lappland har etablert ein regional sirkulær økonomi gjennom bruk av enorme mengder restprodukt frå industrien. I det nordlege Sverige skal den store energibruken i jernverka endrast gjennom eit program for grønt stål. Og i Nord-Noreg?

– Norsk hydrogenstrategi er i stor grad forankra i nord. Norsk grøn hydrogen som Europa etterspør spring ofte ut av mangel på batteri og stikkontaktar til nett i nord. Vi ser også at press på areal i kystsona gjer at innovasjonsprosessar i Nordland flyttar ut av bedrifter og over til lokalsamfunna. Det er like viktig med innovasjon i kystsoneplanlegging som i produkt, seier Eikeland.

Andre døme  på lokalt forankra grøn innovasjon er UiT sitt prosjekt i Midt-Troms, kor ein prøver å lage fiskefor frå CO2 frå ferrosilisiumsproduksjon, eller batterisatsinga til FREYR på Helgeland. Batterisatsingar er også sentrale i Västerbotten.

Ein mann foran et rustraudt inngangsparti. Det er sol.
VARMT OG LYST I SPANIA: Eikeland har bytta arbeidsstad frå Alta til Sevillia i nokre veker. Foto: Francesca Murolo / JRC

EU vil sjå til nord

Eikeland er i avslutninga av eit tre veker langt opphald på EU sitt forskingssenter JRC i Spania som er del av EUs DG REGIO. Dei har leia EU si utvikling av regionale utviklingsprogram siste 15 åra, og har bestilt arbeidet og gitt ut rapporten.

I komfortable 28 varmegradar har han lest rapportar, diskutert og halde innlegg om kva plass Arktis kan ha i den nye  regionale innovasjonspolitikken.

– For dette er store endringar. I tidlegare innovasjonspolitikk har verksemder spurt om dei kom til å tene meir pengar og universiteta spurde om dei fekk interessant forsking ut av samarbeidet. No stilles eit tredje spørsmål: Er innovasjon godt for planeten? seier Eikeland.

Det er eit stort spørsmål som ikkje skal svarast på her, men at berekraftige og lokalt forankra innovasjonsprosjekt vil får særleg merksemd framover er ikkje Eikeland i tvil om.

–  Eg trur EU vil sjå til nord no. Vi gjer mykje riktig, det viser rapporten seier Eikeland.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 23.03.23 14:04 Oppdatert: 24.03.23 09:39
Bærekraft Energi Samfunn og demokrati Teknologi Økonomi
Vi anbefaler