Korleis planlegg vi kva vi skal seie?

Det skal eit nytt forskingsprosjekt ved UiT og Høgskulen i Volda finne ut. 

Jade Sandstedt (t.h.) er forskingsleiar.
Jade Sandstedt (t.h.) er forskingsleiar. Foto: Karl August Swanstrøm
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 16.03.23 08:03 Oppdatert: 14.05.23 18:54
Helse og velferd Kunst og kultur Om UiT Samfunn og demokrati

– Eksperimentet er ganske enkelt. Som deltakar vil du lese enkelte ord og korte frasar på ein skjerm og svare på enkle spørsmål over eit par hovudtelefonar, fortel forskingsleiar Jade Sandstedt til Høgskulen i Volda.

Forskingsleiaren er førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda (HVO) og postdoktor ved Institutt for språk og kultur ved UiT Noregs arktiske universitet.

Er du over 18 år, utan lesevanskar og har norsk som fyrste språk, vil forskarane ha deg med på laget som deltakar i eksperimentet. Du kan melde din interesse og booke time her

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med forskingsleiar Jade Sandstedt: jade.j.sandstedt@uit.no.

Eksperimentet er delt inn i to økter med minst ei veke mellomrom. Etter å ha fullført den andre økta får du som takk for deltakinga eit GoGift supergåvekort til ein verdi av 250 kroner.

– Eit under at vi kan kommunisere i det heile

I forskingsprosjektet, som er ein del av det Noregs Forskingsråd-finansierte prosjektet Experimental Approaches to Syntactic Optionality leia av Björn Lundquist (UiT), undersøkjer forskarane ved HVO og UiT norsk taleplanlegging- og produksjon.

Sandstedt seier at målet med undersøkinga er å betre forstå korleis språkbrukarar planlegg grammatiske strukturar i setningar før dei snakkar, og korleis planlegginga og produksjonen deira er påverka av ulike grammatiske faktorar.

– Vi snakkar og lyttar til språk kvar dag utan å tenkje over det, men viss du stoppar opp og tenkjer over kor kompleks alle prosessane er som ligg bak menneskeleg taleplanlegging og taleproduksjon, er det eit under at vi kan kommunisere i det heile.

For å kunne snakke, må vi koordinere over hundre individuelle musklar i vokaltrakta vår, ifølgje Sandstedt.

– Og sjølv før det må vi først velje ut dei riktige orda, byggje setningsstrukturar, bøye ord, setje saman talelydar, kombinere dei i stavingar og intonasjonsfrasar og kode alt dette ned til den finaste fonetiske detaljen.

– Ein delikat dans

Forsking viser at taleplanlegging er trinnvis, som vil seie at vi ikkje fullt ut planlegg heile setningar frå start til slutt før vi byrjar å snakke. Vi planlegg i delar og fullfører planlegginga av komande ord og ordgrupper samstundes som vi artikulerer setninga.

– Det er ein delikat dans å koordinere taleplanlegging og taleproduksjon i kontinuerleg tale, og det er utruleg kor raskt hjernen gjer dette. Forsking viser at vi kan byrje å snakke berre 200 millisekund frå når vi byrjar å planlegge kva vi skal seie, fortel Sandstedt.

Vi veit imidlertid relativt lite om korleis taleplanlegging fungerer i praksis, legg han til. Spesielt språk med meir unike prosodiske system som norsk og svensk, som har tonelag, som krev at vi uttalar bestemte intonasjonsmønster over fleire ord samtidig.


Kortnytt fra Institutt for språk og kultur, Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Vi anbefaler