– Å redde hava er ikkje ei politisk avgjerd åleine
I samtale med UiT og oppdrettsnæringa var tidlegare statsminister Erna Solberg klar – eit berekraftig hav og ei blå næring krev handling på mange plan: innovasjon, kunnskap, og samarbeid, ikkje berre politikk.
Verdas befolkning bikkar truleg 10 milliardar rundt år 2050. Same år kan det i verste fall vere meir plast enn fisk i verdas hav. Hava er under stort press frå klimaendringar, forureining, og overfiske, men må samstundes mette endå fleire munnar.
Alt kviler på fakta og forsking
Det er dei vanskelege realitetane som låg under Erna Solberg sitt føredrag og samtalen hennar med rektor Dag Rune Olsen, leiar for Senter for hav og Arktis, Jan-Gunnar Winther, og Monica Eide, prosjektleiar for Gratangslaks og student på Ocean Leadership-masteren hjå UiT.
– Det eg har sett her i dag gjev meg håp, sa Dag Rune Olsen
I sitt føredrag peika tidlegare statsminister Erna Solberg på at vi treng ei global forståing av problema, og at ein må møtast på toppnivå i store fora for å saman ta avgjerder for framtida. Men, sa ho, det vil krevje innovasjon, kapital, og kunnskap. Og alt må kvile på fakta og forsking.
– Det vil krevje global og lokal leiing, vilje, og kompetanse, sa Solberg.
Det er handlinga si tid
Monica Eide er ein av dei lokale leiarane med vilje. Ho jobbar i oppdrettsbedrifta Gratangslaks samstundes som ho tar ein mastergrad i Ocean Leadership.
– Det har vore litt skummelt å innsjå at eg er ein leiar, og at eg har et ansvar for miljøet, havet, og lokalsamfunna vi er ein del av, sa ho.
Eide seier at det er bra å spreie kunnskap og bevisstgjering, men at det krevst handling.
– Det vi gjer, som eit lite selskap, er òg viktig, sa ho i paneldiskusjonen leia av Jan-Gunnar Winther.
UiT-rektor Dag Rune Olsen var heilt einig i at det må kome handling, ikkje bere snakk. I det særs komplekse biletet må Noreg finne nye moglegheiter for næring, samstundes som vi vernar hava. Det krev meir frå UiT.
– Vi har ein rekkje fagfelt knytt til hava våre, alt frå havrett til nedbrytbar plast til kunnskap om dei marine ressursane. Men det som vi kan verte flinkare til, er å sjå heilskapen, å få alle desse aktivitetane og faga til å møtast. Og det skal vi gjere, sa han.
Alle tre har trua
Sjølv om biletet er utruleg komplekst, og millionar av menneske må verte einige om korleis vi best forvaltar og vernar hava våre, har alle tre tru på framtida.
– Det eg har sett her i dag gjev meg håp. Auditoriet var fullt av unge menneske som vil vere leiarar, og som vil ta ansvar for berekraftig utvikling av hava våre, sa rektor Olsen.
Solberg peika på korleis ein har snudd store problem tidlegare, til dømes når bestanden av lodde i Barentshavet var kollapsa for snart 40 år sidan.
– Eg har vore statsminister i åtte år; eg veit at dette er vanskeleg. Men UiT og Noreg sin jobb er å dele kunnskapen og røynsla vår. Vi har eit av verdas sterkaste forskingsmiljø på fiskeri, forvaltning, og hav, sa ho.
Masterstudenten Eide var heilt på linje med dei to andre leiarane:
– Det eg framfor alt sitt igjen med no, er håp, seier ho.
– Vi snakkar alle om at vi må gå frå ord til handling, og det trur eg vi kjem til å gjere.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Molecular Sciences - master
Varighet: 2 År -
Law of the Sea - master
Varighet: 3 Semestre -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Strategisk ledelse og økonomi - erfaringsbasert master
Varighet: 5 Semestre -
Historie - årsstudium
Varighet: 1 År -
Engelsk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Allmenn litteraturvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Økonomi og administrasjon - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet og miljø - bachelor
Varighet: 3 År -
Økonomi og administrasjon, siviløkonom - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Samfunnsøkonomi med datavitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Filosofi - master
Varighet: 2 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Arctic Nature Guide - one year programme
Varighet: 1 År -
Arktisk friluftsliv og naturguiding - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv - årsstudium
Varighet: 1 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Kunsthistorie - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Ledelse, innovasjon og marked - master
Varighet: 2 År -
Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas - master
Varighet: 4 År -
Samfunnsplanlegging - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Internasjonal beredskap - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Økonomi og administrasjon - bachelor
Varighet: 3 År -
Praktisk prosjektledelse - årsstudium
Varighet: 2 År -
Ledelse - erfaringsbasert master
Varighet: 3 År -
Praktisk økonomi og ledelse - årsstudium
Varighet: 1 År -
Marine Biotechnology - master
Varighet: 2 År -
Landskapsarkitektur - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Ph.d.-program i naturvitenskap
Varighet: 3 År -
Environmental Law - master
Varighet: 2 År