Ny UiT-bedrift skal utvikle medisin mot blodkreft

UiT Noregs arktiske universitet startar selskapet KinSea saman med UiB, Norinnova, og tyske Lead Discovery Center (LDC). Saman skal dei utvikle blodkreftmedisin basert på naturstoff frå Barentshavet.

Gruppebilete av tre kvinner og to menn .
Nokre av deltakarane i KinSea. Frå venstre: professor Bengt Erik Haug (UiB), førsteamanuensis Kine Østnes Hansen (UiT/Marbio), professor Annette Bayer (UiT), professorJeanette Hammer Andersen (UiT), og professor Espen Holst Hansen, (UiT). Foto: Oddleif Larsen / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 08.02.23 14:30 Oppdatert: 08.02.23 15:15
Hav Helse og velferd Om UiT

– Om vi lykkast kan dette bety mykje for blodkreft-pasientane med dei dårlegaste prognosane, seier professor hjå UiT, Jeanette Hammer Andersen.

Internasjonal forsking og bedrift

Ei dame i eit laboratorium held opp ein container.
Jeanette H. Andresen i Marbio sitt laboratorium. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Ho skal leie det nye firmaet som heiter KinSea. Det er ein såkalla spin-off, ei bedrift basert på forsking gjort i forskingsgruppa Marbio og institutt for kjemi hjå UiT, hjå Universitetet i Bergen, og hjå det tyske firmaet Lead Discovery Center (LDC)Norinnova støttar prosessen, og det heile er finansiert av KHAN Technology Transfer Fund I, eit tysk investeringsfond for kommersialisering av medisinsk forsking.

Utgangspunktet for etableringa er forskinga som Marbio og samarbeidspartnarane har gjort med såkalla bioprospektering, kor ein leitar i naturen for å kopiere organismar sine vern mot sjukdom, bakteriar og virus.

Kreftmedisin frå havbotn

I ein botnlevande organisme frå Barentshavet fann dei for nokre år sidan eit stoff som drep blodkreftceller. Dei stoffa vil dei utvikle vidare til ei behandling av akutt myeloid leukemi (AML), ei alvorleg form for blodkreft med dårlege prognosar for dei som vert ramma.

– Vi har jobba med eit sett av stoff i fleire år. Dei har hatt veldig god effekt i dyremodellar, faktisk så god effekt at eg måtte sjå på dataa fleire gonger og dobbeltsjekke at det ikkje var feil. Men det stemte, kreftcellene var borte, seier Andersen.

Kliniske forsøk om to til tre år

To hender med hansker sorterer i ei haug med organismar frå havbotn, svampar, korallar, og liknande.
Forskarar sorterer organismer ombord på forskingsskipet Kronprins Haakon. Foto: Jeanette Hammer Andersen / UiT

KinSea skal no jobbe vidare dei to neste åra med å utvikle prosjektet vidare. Andersen seier dei håpar å kunne starte kliniske forsøk kor dei testar ut medisinen på frivillige pasientar om to til tre år. Om alt går bra, kan medisinen kome for sal om alt frå fem til ti år.

 Ein stor del av jobben har vore å stabilisere molekylet. Vi såg at det verka godt på celler i laboratoriet, men det er noko heilt anna å få stoffet til å verke inne i ein kropp kor det er eit anna miljø, med så mange andre faktorar. Men her har vi gjort store framsteg dei siste to åra i eit prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd og det regionale forskingsfondet MABIT, seier Andersen.

Les meir: Leukemipasientar kan få hjelp av ny metode

Bedrifta skal leve vidare

Sjølv om KinSea første omgang skal konsentrere seg om lækjarmiddelet mot AML, vil dei at bedrifta skal verte ein stad kor fleire medisinar basert på bioprospektering kan utviklast. UiT sit på store ressursar, både forskarkapasitet, laboratorium, og eit stort arkiv av organismar frå hava i nord, og neste gong ein finn ein lovande kandidat, har dei allereie eit apparat på plass.

Dette er Akutt myelogen leukemi

  • Akutt myelogen leukemi (AML) er ein type akutt blodkreft der beinmergen vert overfylt av umodne blodceller. Tilstanden er klart vanlegast hos eldre.
  • 30% av pasientane med AML har ein genfeil kalla FLT 3.
  • Stoffet KinSea skal utvikle har særleg god effekt på pasientar med FLT 3.
  • Dei håper stoffet òg kan nyttast mot andre formar for blod- og lymfekreft.

Kjelde: Akutt myelogen leukemi – AML – Store norske leksikon (snl.no)


– Når ein gjer gjennombrot slik som vi har gjort no, har ein tidlegare ofte lisensiert prosjektet ut til andre, større selskap, som regel nedover i Europa. Men no ønsker vi å skape meir verdiar i økosystemet rundt UiT, og skape noko i Nord-Noreg. Då må vi ta meir risiko og satse på ei eiga bedrift, men gevinsten kan verte desto større, seier Andersen.

Særs nøgde leiarar

Det er musikk i øyra til UiT-rektor Dag Rune Olsen:

– Gjennom forskingsinnsatsen vår innan marin bioprospektering, høgt motiverte forskarar, og eit langsiktig og fruktbart samarbeid med LDC har vi lagt grunnlaget for å spinne ut dette selskapet. Det er viktig for UiT at vi bidreg til nærings- og verdiskaping gjennom innovasjon basert på framifrå forsking, seier han.

Norinnova jobbar saman med gründerar og forskarar i heile Noreg for å utvikla og foredlar idear med eit internasjonalt forretningspotensial. Administrerande direktør Asbjørn Liletun har ser stort potensial i KinSea:

– Denne etableringa er nok eit bevis på at vi har eit innovasjonsmiljø som kan utvikle unike forretningsmoglegheiter frå verdsleiande kunnskap om havet. Vi i Norinnova trur det er ein styrke at KinSea vert etablert som eit samarbeid mellom internasjonalt leiande miljø, og vi meiner det skaper gode føresetnader for å lykkast med å bringe ei ny kreftbehandling til marknaden. Det har gjort at internasjonale investorar har vist stor interesse for Kinsea allereie no, seier han.

– Det er nesten for godt til å vere sant

To hender held eit plastflaske med ei raud veske i.
Jeanette Hammer Andersen held kreftceller frå laboratoriet. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Andersen og dei andre i det nystarta selskapet er lukkelege over å kunne ta eit nytt og stort steg i prosessen mot ein ny medisin som kan hjelpe menneske med alvorleg sjukdom.

– Det kjennast nesten litt for godt til å vere sant, at vi faktisk klarte å få det til. Vi har jobba med det her i så mange år, henta organismar i havet og jobba så mykje med dei på laboratoriet. Då er det fantastisk at vi kan lage noko som ikkje berre kan skape verdiar, men som kan bidra til redde liv, seier Andersen.

Les om ei anna suksess frå same team: : Slik fant UiT-forskerne molekylet som kan stoppe brystkreft

Sjå full pressemelding frå KinSea her.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 08.02.23 14:30 Oppdatert: 08.02.23 15:15
Hav Helse og velferd Om UiT
Vi anbefaler