– Å velje samisk har vore ei byrde i utdanninga

Departementa og UiT fekk klare meldingar frå studentane på innspelsmøtet for neste års stortingsmelding om samisk språk, kultur og samfunnsliv.

Ei kvinne snakkar på eit møte
KLAR MELDING: Anne Ragnhild Porsanger fortalde om snublesteinane i samiskspråkleg utdanning. Medstudent Per Henning Mathisen til høgre. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 28.10.22 14:42 Oppdatert: 23.11.22 08:23
Om UiT Urfolk

Anne Ragnhild Porsanger er lektorstudent og leiar av Sámi Studeantasearvvi Davvi-Norggas / Samisk Studentforeining i Nord-Noreg. Saman med representantar frå fleire fakultet hjå UiT møtte ho statssekretærar frå Kommunal- og distriktsdepartementet og Kunnskapsdepartementet i Tromsø på torsdag.

Ikkje eit rettvist system

I møtet var Porsanger tydeleg på at vegen gjennom utdanningssystemet som samiskspråkleg har hatt sine snublesteinar. Ho var elev på samisk barne- og ungdomsskule, men på vidaregåande dukka det opp problem.

– Timeplanar og annan logistikk var dårlegare tilrettelagd for meg. Når ein har samisk som førstespråk skal ein ikkje ha sidemål, men eg måtte likevel vere i timane. Samstundes måtte eg ta ekstra fag for å få nok timar på vitnemålet, ho.

Saman med medstudent Per Henning Mathisen fortalde ho òg om studentkvardagen på UiT, kor det og er utfordingar for samiskspråklege lærarstudentar. Det er mellom anna berre opptak annakvart år, og oppstart i vårsemesteret gjer at ein fell ut av det sosiale miljøet ein startar i.

Såg etter nye spor

Dei besøkande statssekretærane var på UiT for å lytte og få innspel på kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Statssekretær for forskings- og høgare utdanningsministeren, Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) understreka at ein ikkje må vere redd for å gå opp nye spor.

Ein mann som sitt på eit møte
LYTTA: Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp). Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT

– Me ser at mange samiskspråklege i utdanningssystemet fell frå etter kvart som dei vert eldre. Ungar startar i samisk barnehage, men nokon sluttar å bruke samisk i grunnskulen, andre på vidaregåande og til slutt har me eit rekrutteringsproblem med samisktalande på universiteta, sa Hoel.

På innspelsmøtet trefte departementa forskarar og leiarar frå helsefaga, juss og humaniora. Sidan meldinga har hovudfokus på kompetanse og rekruttering, med eit særleg fokus på barnehagar, grunnopplæring og høgare utdanning, snakka ein mykje om samiskspråkleg rekruttering til helse- og lærarfaga. Men òg tema som rasisme, psykisk helse, minoritetsutfordingar, og ikkje minst språk vart diskutert.

Sametingsråd Runar Myrnes Balto (NSR) var òg på møtet, og kalla mangelen på samisk-kompetente tilsette i barnehage og skuleverk for den største krisa for samiske samfunn nett no. Jussprofessor Øyvind Ravna undra på om ikkje undervisning i samerett skal skje i heile landet og ikkje berre på UiT. Gunbjørg Svineng, dekan for Det helsevitskapelege fakultet, peika på at språkopplæringa må styrkast òg utanfor dei samiske kjerneområda, og at ein treng fleire samisktalande på høgt fagleg nivå i alle fagfelt. Alle var òg opptatt av at kvotane for samiskspråklege kandidatar må utvidast og at dei må fungere betre.

Ein mann i kofte snakkar på eit møte
KRISE: Sametingsråd Runar Myrnes Balto (NSR) seier læraramangelen er samisk kultur sin største krise. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT

– Me må ta vare på samiske ungar

– Det har vore uhyre interessant, sa statsekretær Hoel.

– Det er jo naturleg for oss å snakke med UiT, det er jo det store universitetet i nord med sterke samiske fagmiljø. Gjennomgangen frå alle dei relevante fagmiljøa var både interessant og nyttig, men det var spesielt bra å høyre frå studentane. Det er jo dei tiltaka våre skal nå, det er dei som er framtida for samfunnet, sa han.

Studentleiar Porsanger meiner ein må setje inn ressursar i utdanningssystema med ein gong, men at det ikkje vil vere nok:

– Det er jo ein vond sirkel kor me ikkje har nok fagfolk til å utdanne nye fagfolk. Me må rett og slett ta vare på samiske ungar frå dei vert fødd til dei er ferdig utdanna. Ein skal få dei rettane ein har, sa Porsanger.

Statssekretærane drog vidare til Kautokeino for nye innspelsmøter med Sámediggi/Sametinget og Sámi Allaskuvla/Samisk høgskule. UiT skal levere eit felles innspel til meldinga før jul i år.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 28.10.22 14:42 Oppdatert: 23.11.22 08:23
Om UiT Urfolk