Opnar drop-in vaksinering på UiT Tromsø

Frå og med i dag kan studentar, tilsette på UiT, Samskipnaden og UNN vaksinera seg på Campus Tromsø. Dessutan kan studentar henta sjølvtestar på kaffibarane og på infotorget i biblioteket.

Ein tilsett ventar på å vaksinera.
Ikkje vaksinert? Her er dei klare til å ta imot deg. Foto: Kjetil Rydland
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 03.11.21 13:40 Oppdatert: 03.11.21 15:17
Helse og velferd Om UiT Studentliv / Studier Tromsø

– Me gjer dette for å hjelpa til med å få ned smittetrykket i Tromsø. Me har ein ikkje ubetydeleg del av befolkninga, så me skal gjere vår skjerv, seier rektor Dag Rune Olsen.

Rektor Dag Rune Olsen

– Me har studentar som aldri har opplevd ein normal studiesituasjon. Så spesielt for deira skyld vil me gjere det vi kan for at me ikkje nok ein gong må innføra hemmande tiltak, fortsett han.

Kvar arm teller

På Cafe Bazinga innanfor hovudkantina på Teorifagbygget finn ein vaksinasjonsstasjonen som er open for alle studentar, samt tilsette i både UiT, Samskipnaden og UNN. Det er opent kvar tysdag, onsdag og torsdag frå 10 til 14, ut heile november. Ein treng ikkje reservere time, det er berre å stikke innom. Studentar kan hente sjøvtestar på alle Grut kaffibarane og på Universitesbiblioteket.

Saman for studentane

Satsinga er i samarbeid med Samskipnaden og Tromsø kommune. Eline Stenseth, fagsjef helse for helse hjå Samskipnaden, seier dei deltek for at studentane skal kunne fortsette med ein normal studiekvardag:

– Me er ønskjer at studentane skal kunne halde fram å møtast, halde fram med fysisk undervisning, og gjennomføre studiane slik dei vil – rett og slett leva sine liv og ha det bra. Då er det særs viktig at me gjer det vi kan for å halde nede smitta og helde samfunnet opent, seier ho.

Frå venstre: Inger Hilde Trandem, kommuneoverlege i Tromsø kommune, Eline Stenseth, fagsjef helse i Samskipnaden og Dag Rune Olsen, rektor UiT.
Dei jobbar saman mot korona. Frå venstre: Inger Hilde Trandem, kommuneoverlege i Tromsø kommune, Eline Stenseth, fagsjef helse i Samskipnaden og Dag Rune Olsen, rektor UiT. Foto: Kjetil Rydland

Dei første sjølvtestane blei lagt ut i kafeane før helga, og allereie på måndag var det tomt enkelte stader.

Studentane er ikkje meir smitta

– Det er inga grunn til å tro at studentar eller UiT-tilsette er meir smitta enn andre, men studentane har ein litt anna kvardag, seier Steinseth.

Studentar er ofte meir mobile, mange er ikkje registrert busett i Tromsø, kanskje har dei fastlege ein anna stad og derfor kan det vera litt vanskeleg for dei å ordna seg vaksine. I tillegg kjem dei internasjonale studentane som kom i haust, som kanskje ikkje vart ferdig vaksinert før dei kom til Noreg.

Portrett av Eline Stenseth, fagsjef helse, Samskipnaden
Eline Stenseth, fagsjef helse, Samskipnaden Foto: Kjetil Rydland

– Jo fleire som er vaksinert, jo betre for samfunnet. Vi vonar at betre tilgang på vaksinar og testar kan gjere at vi kjem oss gjennom dette kjappast mogleg, seiar ho.

Rektor er einig i at å gå ut bredt med eit lågterskeltilbod er vegen å gå for å få flest mogleg fullvaksinert og få immuniteten i samfunnet opp:

– Kvar arm teller, seiar han.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 03.11.21 13:40 Oppdatert: 03.11.21 15:17
Helse og velferd Om UiT Studentliv / Studier Tromsø
Vi anbefaler