Her er vinnarane av UiT-prisane 2021

Innovasjon, banebrytande forsking og mangeårig innsats blei premiert under årets prisutdeling.

Gruppebilde av Prisvinnarane 2021
Prisvinnarane 2021: F.v. prorektor Wenche Jakobsen, Lars Ailo Aslaksen Bongo, Paul Friedrich Wassmann, Vår Mathisen, Rita Jentoft, Abhik Ghosh, rektor Anne Husebekk. Øverst f.v.: Direktør Jørgen Fossland, Roald A. Øien, Anna Dranovska (Medsensio AS) og Kjersti Fjørtoft. Foto: Jonatan Ottesen / UiT
Portrettbilde av Aaraas, Elisabet
Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 17.06.21 14:30 Oppdatert: 17.06.21 15:41
Arktis Bærekraft Hav Helse og velferd Klima Om UiT Pedagogikk Samfunn og demokrati Teknologi

Det var 52 nominerte til dei seks prisane, som kvar er på 100 000 kroner.  

Under ein høgtidleg seremoni delte rektor Anne Husebekk og prorektor Wenche Jakobsen ut prisane til åtte verdige vinnarar – sju tilsette og ein bedrift.  

Her er årets prisvinnarar:  

  • Formidlingsprisen gjekk til professor Paul Friedrich Wassmann ved Institutt for arktisk og marin biologi, for formidling av kunnskap om Arktis og Polhavet, og konsekvensar av klimaendringar. 
  • Professor Abhik Ghosh ved Institutt for kjemi, vann forskings- og utviklingsprisen for oppdagingar innan kjemi og bruk av kunnskapen innanfor teknologi, helse og fornybar energi. 
  • Dosent Rita Jentoft og førsteamanuensis Vår Mathisen ved Institutt for helse og omsorgsfag, fekk utdanningsprisen for arbeidet med å utvikle ein kreativ verkstad for studentar i ergoterapi. 
  • Innovasjonsprisen gjekk til både professor Lars Ailo Aslaksen Bongo ved Institutt for informatikk og studentbedrifta Medsensio AS for idéen om å bruke algoritmar for å teste lungelydar. 
  • Professor Roald A. Øien ved Institutt for lærarutdanning og pedagogikk blei tildelt pris til yngre forskar, for arbeidet med å identifisere nevroutviklingsforstyrringar slik at ein kan sikre tidleg innsats og betre livskvalitet. 
  • Professor Kjersti Fjørtoft ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar, fekk likestillingsprisen for forsking på strukturell urettferd og for praktisk innsats for å oppnå kjønnsbalanse i akademia.   

Sjå opptaket av prisutdelinga (manglar lyd dei første sekunda av talen til rektor) og les meir om prisvinnarane og kvifor dei vann.

Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 17.06.21 14:30 Oppdatert: 17.06.21 15:41
Arktis Bærekraft Hav Helse og velferd Klima Om UiT Pedagogikk Samfunn og demokrati Teknologi
Vi anbefaler