Prestisje-samarbeid i informatikk: Trans-atlantisk Corpore Sano

Forskningsrådet/INTPART støtter forskningssamarbeid med Cornell University i informatikk, sport og samfunnshelse
Fottland, Håkon
Publisert: 07.04.16 00:00 Oppdatert: 07.04.16 10:57

Forskingsrådet og SIU gjorde i 2015 dei første tildelingane i det nye INTPART-programmet: Internasjonale partnerskap for framifrå utdanning og forsking. Det var berre fagmiljø som hadde fått støtte gjennom ulike ordningar for framifrå forsking i Forskingsrådet som kunne søka.

Institutt for informatikk fekk tilslag med prosjektet Trans-atlantisk Corpore Sano og professor Dag Johansen som prosjektleiar.

 

Ny INTPART-utlysing: frist 25. mai 2016 - SIU-info om utlyinga

 

Prosjektet Trans-atlantisk Corpore Sano skal vidareutvikla forskings- og utdanningsssamarbeidet mellom UiT Norges arktiske universitet og det amerikanske eliteuniversitetet Cornell. Aktivitetar vil vera forskarutveksling, forsking og undervisning på alle nivå.

 

Lenke The Corpore Sano Centre

 

Lenker Cornell University: http://www.cs.cornell.edu/ og http://tech.cornell.edu/

Informatikarar på UiT og Cornell har hatt eit godt og nært fagleg samarbeid i over 20 år. Dette vert nå utvida - utover dei vellukka personlege relasjonane i informatikk - til å inkludera informasjonsvitskap, idrettsvitskap, ernæringsvitskap og medisin.

Simula Research Laboratory og industripartner Microsoft Development Centre Norway er også involvert i dette samarbeidet med Ivy League universitetet Cornell.

 

Fottland, Håkon
Publisert: 07.04.16 00:00 Oppdatert: 07.04.16 10:57
Vi anbefaler