Historie - årsstudium
- 15. april (Samordna opptak)
- 6. januar for vårsemesteret (Lokalt opptak)
Om studiet
Historie finst over alt rundt deg, og verda er i stadig endring. Gjennom å studere historie, studerer du endringar gjennom fleire hundre år, og kva rolle enkeltmennesket, samfunnet og strukturane har for historia. Årsstudiet gjev kunnskap om den historiske bakgrunnen for samfunnsfenomen både i fortid og samtid og gjev kunnskap om lokale tilhøve så vel som regionale, nasjonale og globale. Årsstudiet i historie er ein god inngangsport til universitetet men kan også nyttast som etter- og vidareutdanning. Det gjev deg ei god allmenndanning og gjev deg ein nyttig basiskompetanse.
Kva lærer du?
Livet som student
Les meir om studiestaden:
TromsøKva kan du bli?
Årsstudium er ei kortare utdanning som kan nyttast som første år i eit lengre utdanningsløp, det kan også brukast til å komplettere tidlegare utdanning ved å spisse denne eller ved å gje større breidde. Årsstudiet er sett saman mellom anna for å gi ytterlegare undervisningskompetanse for tilsetting i skuleverket. Årsstudiet er i seg sjølv ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium.
Årsstudium i historie gjev kompetanse som er relevant for arbeid i fleire bransjar og sektorar: skole, offentleg administrasjon og forvaltning, museum og arkiv, internasjonalt arbeid, forlag/media, journalistikk, reiseliv og forsking.
Vidare studium
Årsstudium i historie kan inngå som eitt år i bachelorprogrammet i historie, det kan inngå som fag 2 i lektorutdanninga trinn 8–13 i språk og samfunnsfag eller som ei 60 studiepoeng eining i andre studieprogram.Undervisning og emne
Korleis går undervisninga føre seg
Undervisninga er forskingsbasert og tilpassa første året på bachelor, med ein kombinasjon av tradisjonelle fysiske førelesingar, nettbasert undervisning, omvendt klasserom, seminar og rettleiing. Undervisninga går som hovudregel gjennom heile semesteret, det vil seie at ein ein får undervisning i begge emna parallelt.
I studiet blir ulike læringsformer tatt i bruk. Sjølvstudium av pensum og fagstoff utgjer ein viktig del. Likeins individuelt arbeid med oppgåver og fagstoff, men også deltaking i gruppearbeid og kollokviegrupper. Gjennom ulike studentaktive læringsformer, der lesing, skriving og munnleg aktivitet inngår, utviklar vi den kritiske lesaren og den gode skribenten.
Studentane har gjennom heile studiet ein aktiv rolle i læringsprosessen gjennom opplæringsdelen tileignar dei seg kunnskap om historiefaget sin teori, metode og faghistorie.
Alle historieemna har obligatoriske arbeidskrav, skriftlege og/eller munnlege, desse må vere gjennomførte og godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen. Storparten av arbeidskrava er individuelle, men det kan også vere arbeidskrav som må løysast i gruppe. Studentane får tilbakemelding på arbeidskravs, saman med rettleiing stimulerer det til læring og er eksamensførebuande.
Eksamen blir vurdert ut frå ein karakterskala med seks trinn: A–F, der A er beste karakter og F er ikkje bestått. Ved ikkje bestått på eksamen blir det som regel gjeve tilbod om kontinuasjonseksamen i påfølgande semester.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men på heile eller delar av valfrie enkeltemne kan undervisningsspråket vere engelsk. Eksamensspråk er normalt norsk, men kan også vere andre skandinaviske språk. Engelsk kan etter avtale nyttast som eksamensspråk.
Slik er studiet bygd opp
Sjå emna du tar kvart semesterStudieplan
Opptakskrav
Opptak til studieprogrammet krev generell studiekompetanse.
Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søkja om opptak på grunnlag av realkompetanse. Søknadsfristen er 1. mars for realkompetansesøkjarar.
Tilrådde krav for realkompetanse
Norsk, engelsk, samfunnsfag og 5 årig relevant yrkserfaring.
Talet på studieplasser
25
Poenggrenser
Poenggrenser for opptak hausten 2025:
- Ordinær kvote: alle kvalifiserte
- Førstegangsvitnemålskvote: alle kvalifiserte
Studiet har oppstart både i haust- og vårsemesteret.
Har du spørsmål?
Følg @uitstudent på Instagram eller TikTok for å få et enda bedre innblikk i hvordan det er å studere på UiT. Her viser studentene fram sin studiehverdag, deler tips og nyttig informasjon, og du kan stille spørsmål om alt du måtte lure på.
Sjekk også @uitnorgesarktiske på Instagram eller TikTok for info om studier, jobbmuligheter og forskning.