Kjempar om å bli Senter for framifrå utdanning

UiT er i samarbeid med Universitetet i Oslo ein av fire finalistar i kampen om å få det første Senter for framifrå utdanning (SFU).

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 13.09.11 00:00 Oppdatert: 14.09.11 09:35

nokut_logo.png

Det skal i første omgang peikast ut eitt pilotsenter for lærarutdanninga, og det er NOKUT som forvaltar ordninga. Difor kjem NOKUT på institusjonsbesøk til UiT 20. oktober.

- Me er veldig glade for å vera i finalen i samarbeid med Universitetet i Oslo, særleg med tanke på at våre to lærarutdanningar, 1-7 og 5-10, berre er eitt år gamle. Saman med Oslo si 8-13-utdanning har me eit veldig spennande prosjekt, seier ein fornøgd prosjektleiar for lærarutdanninga ved UiT, Wenche Jakobsen.

To ansvarsområde i Tromsø

Prosjektet som lærarutdanningsmiljøa i Tromsø og Oslo samarbeider om, har fått namnet Centre for Professional Learning in Teacher Education - Pro Ted. Konseptet går ut på å utvikle ei forskingsbasert og heilskapleg lærarutdanning i samarbeid med partnarskular. Planane inkluderer forskingsprosjekt som allereie er igang i forskingsmiljøa.

- Universitetet i Oslo har hovudansvaret, men i tillegg har me delt prosjektet opp i ulike arbeidsområde, og me i Tromsø har ansvaret for to av desse; universitetsskulane og universitetspedagogikken, fortel Jakobsen.

Store fordelar ved samarbeid

Den førebelse evalueringa trekkjer fram nettopp samarbeidet med universitetsskulane som ein stor styrke - og at det er ei sterk og engasjert leiing av prosjektet som kan vise til ein omfattande forskingsbakgrunn og sterk vitskapleg kompetanse. Før finalerunden ønskjer evalueringskomiteen seg ei ytterlegare konkretisering av kva som er den samlande ideen for senteret, og dei ber søkjarane utdjupe korleis dei vil møte utfordringa med den lange avstanden mellom Oslo og Tromsø.

- Den utfordringa møter me med klar ansvarsfordeling mellom institusjonane, ein leiar kvar stad, hyppige møte og ikkje minst ved å bruke den digitale teknologien. Det er heilt klart ei utfordring, men me meiner også det er store fordelar ved at me kan dra vekslar på og lære av kvarandre. Samarbeidet så langt lovar i alle fall godt, avsluttar Jakobsen. 

Tidlegare saker:
- Hever kvaliteten og statusen til lærerutdanninga

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 13.09.11 00:00 Oppdatert: 14.09.11 09:35
Vi anbefaler