Guri Skeie
Stillingsbeskrivelse
Guri Skeie er professor i ernæring ved Institutt for samfunnsmedisin. Ho er medlem i forskingsgruppa Systemepidemiologi, forskar først og fremst på samanhengen mellom kosthald og kreft, for ein stor del ved hjelp av epidemiologiske analysar i Kvinner og kreft-studien, men også i andre studiar. Ho leiar den norske delen av EPIC-studien (European Prospective Investigation into Cancer and Nutrition), og sit i leiargruppa til Kvinner og kreft-studien. Skeie er UiT sin representant i styringsgruppa til NutriNOR, den nasjonale forskarskolen i ernæring. Frå 2024 er ho nestleiar i Nasjonalt råd for ernæring. Skeie var sterkt involvert i opprettinga av bachelorstudiet i ernæring og masterstudiet i klinisk ernæring ved UiT, og underviser på dei fleste åra på ernæringsstudia.
Error rendering component
Forskningsinteresser
Eg forskar først og fremst på nordisk kosthald, særleg i samband med kreft, men også andre helseutfall. Mange av prosjekta mine har vore på Kvinner og kreft/Kvinner og helse-studien og ulike samarbeidsprosjekt med utgangspunkt i Kvinner og kreft. Målet er å bidra til evidensbaserte kostråd og helsefremjande arbeid med utgangspunkt i sunt kosthald. Gjennom Kvinner og kreft-studien er eg med i European Prospective Investigation into Cancer and Nutrition, eit stort nettverk som jobbar med å finna årsaker til kreft og bidra til kreftførebygging.
I tillegg interesserer eg meg for vekt, vektutvikling og slanking, både blant barn/unge og vaksne, alkohol og kreft, og berekraftig kosthald. Eg har også drive noko metodisk arbeid retta mot val av metodar for innsamling av kosthaldsdata, og matvaredatabasar.
Undervisning
Eg underviser først og fremst på bachelor programmet i ernæring og masterprogrammet i klinisk ernæring. I tillegg har eg noko undervisning på profesjonsstudiet i medisin og master i folkehelse.
Eg har kursansvar for masteroppgåva i klinisk ernæring (ERN-3950). Eg underviser også i:
- ERN-1000 Ernæring, individ og samfunn
- ERN-1001 Matvarekunnskap og matvaretryggleik
- ERN-2001 Grunnleggjande epidemiologi, statistikk og kostvurderingsmetodar
- ERN-3001 Epidemiologi, statistikk og forskingsmetodar