Historie - bachelor
Om studiet
Historie er vitskapen om endring. I fortida ligg kunnskap om notida og om ein forstår fortida, kan ein også forstå notida. Endring kan skje i løpet av berre nokre dagar, medan noko er uforanderleg gjennom fleire hundre år. Kva skapar endring? Kva rolle har enkeltmennesket, samfunnet og strukturane for historia? Ved UiT har vi fokus på historie frå mellomalderen til i dag med vekt på norsk, samisk og internasjonal historie. Frå historia til lokalsamfunn til store europeiske verdsimperium, revolusjonar og reformasjon, enkeltskjebnar og store forteljingar - dette får du eit innblikk i gjennom studiet.
Kva lærer du?
Livet som student
Les meir om studiestaden:
TromsøKva kan du bli?
Studiet gjev kompetanse som er relevant for arbeid i fleire bransjar og sektorar: offentleg administrasjon og forvaltning, museum og arkiv, internasjonalt arbeid, forlag/media, journalistikk, reiseliv og forsking.
Med ein bachelor i historie er det også mogleg å kvalifisere seg til stilling som bibliotekar. Føresetnaden er at ein i tillegg tar eit biblioteksfagleg årsstudium (til dømes ved UiT).
Jobbmoglegheiter
Vidare studium
Med bachelorgrad i historie kan du søke opptak til mastergrad i historie. Vær oppmerksam på at det er eit krav om eit karaktergjennomsnitt på C eller betre for opptak til masterstudium.
Graden er også opptaksgrunnlag til fakultetet sine tverrfaglege masterprogram i Peace and Conflict Transformation og Indigenous Studies.
Du kan også bygge på bachelorgraden med eit årsstudium i bibliotek- og dokumentasjonsvitenskap som gir deg godkjent bibliotekarutdanning.
Undervisning og emne
Korleis går undervisninga føre seg
Undervisninga er forskingsbasert og tilpassa bachelornivå, med ein kombinasjon av tradisjonelle fysiske førelesingar, nettbasert undervisning, omvendt klasserom, seminar, ekskursjonar og individuell og kollektiv rettleiing. Undervisninga går som hovudregel gjennom heile semesteret på campus i Tromsø, det vil seie at det er undervisning i fleire emne parallelt. Nokre emne, 10 studiepoeng emner på HIS-1000 nivå, har nettbasert undervisning. Kvart semester har minimum eit av HIS-emna undervisning på campus.
I studiet blir ulike læringsformer tatt i bruk. Sjølvstudium av pensum og fagstoff utgjer ein viktig del. Likeins individuelt arbeid med oppgåver og fagstoff, men også deltaking i gruppearbeid og kollokviegrupper. Gjennom ulike studentaktive læringsformer, der lesing, skriving og munnleg aktivitet inngår, utviklar vi den kritiske lesaren og den gode skribenten.
Studentane har gjennom heile studiet ein aktiv rolle i læringsprosessen: Gjennom opplæringsdelen tileignar dei seg kunnskap om historiefaget sin teori, metode og faghistorie, kunnskap dei sjølve nyttar aktivt i arbeidet med bacheloroppgåva. Oppbygginga av studiet legg til rette for fagleg refleksjon og mogning. Gjennom dei ulike undervisnings- og læringsformene får studentane høve til å fokusere fagleg og studere fleire type tema ut frå ulike tilnærmingar.
Alle historieemna har obligatoriske arbeidskrav, skriftlege og/eller munnlege, desse må vere gjennomførte og godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen. Storparten av arbeidskrava er individuelle, men det er også arbeidskrav som må løysast i gruppe. Studentane får tilbakemelding på alle arbeidskrav, saman med rettleiing stimulerer det til læring og er eksamensførebuande.
Eksamensformene er varierte, frå ulike former for skriftleg eksamen, til oppgåveskriving med og utan rettleiing og til ulike former for munnleg eksamen. Eksamen på historieemna er i regelen individuell og skal vere eit sjølvstendig arbeid. Eksamensforma er tilpassa innhaldet og karakteren til emna, og dei ulike eksamensformene er valde for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og ferdigheiter, og for å måle studentane sitt læringsutbytte.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men på heile eller delar av valfrie enkeltemne kan undervisningsspråket vere engelsk. Eksamensspråk er normalt norsk, men kan også vere andre skandinaviske språk. Engelsk kan etter avtale nyttast som eksamensspråk.
Slik er studiet bygd opp
Sjå emna du tar kvart semesterStudieplan
Utveksling
Det er lagt til rette for studieopphald ved eit utanlandsk universitet i tredje og/eller fjerde semester.
Før studieopphald i utlandet må 60 studiepoeng i bachelorprogrammet i historie ved UiT vere bestått. Studieprogrammet i historie har utvekslingsavtalar med fleire utanlandske universitet. I tillegg er instituttet også partnar i Nordplus-nettverket, det opnar for å studere ved mange universitet i Norden. Studentane kan også gjere seg nytte av andre avtalar med universitet verda rundt.
Studieopphald i utlandet må vere godkjent på førehand som del av studentens utdanningsplan, og det krevst at ein studerer historie eller andre relevante emne. Før utreise må studenten ha ei førehandsgodkjenning, det vil seie at faglærar hjelper studenten med å velje emne som skal godkjennast som del av studiet. Studenten søkjer om endeleg godkjenning ved UiT med dokumentasjon på bestått eksamen i dei tilrådde emna i utlandet. For oppdatert oversikt over kva for universitet studieprogrammet i historie har avtale med, sjå UiTs si nettside om studentutveksling, eller ta kontakt med internasjonal koordinator.
Studiesteder du kan utveksle til
Opptakskrav
Opptak til studieprogrammet krev generell studiekompetanse.
Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søkja om opptak på grunnlag av realkompetanse. Søknadsfristen er 1. mars for realkompetansesøkjarar.
Tilrådd forkunnskap for realkompetanse er norsk, engelsk og samfunnsfag frå vidaregåande skule og 5 års relevant yrkeserfaring.
Talet på studieplassar
20
Poenggrenser
Poenggrenser for opptak hausten 2025:
- Ordinær kvote: alle kvalifiserte
- Førstegangsvitnemålskvote: alle kvalifiserte
Har du spørsmål?
Følg @uitstudent på Instagram eller TikTok for å få et enda bedre innblikk i hvordan det er å studere på UiT. Her viser studentene fram sin studiehverdag, deler tips og nyttig informasjon, og du kan stille spørsmål om alt du måtte lure på.
Sjekk også @uitnorgesarktiske på Instagram eller TikTok for info om studier, jobbmuligheter og forskning.