høst 2016
PSY-2900 Hovedpraksis og avsluttende muntlig eksamen - 30 stp

Emnetype

Emnet er ein obligatorisk del av profesjonsutdanninga i psykologi, kan ikkje takast som enkeltemne og gjeld berre for studentar som er tatt opp på profesjonsstudiet. Studentane skal i tidsrommet 1. august til 31. desember arbeide på heiltid med ordinære psykologoppgåver under rettleiing. Den avsluttande eksamenen er ei munnleg prøve som blir satt opp i slutten av februar månad, året etter at hovudpraksis er avslutta og bestått.

 

Forkunnskapskrav

Alle kurs, praksisperiodar og eksamenar på føregåande semester på profesjonsutdanninga i psykologi må vere bestått for å gjennomføre hovudpraksis.


Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

PSYKPRO-500 5. årsenhet, anvendt psykologi 30 stp

Innhold

Fagleg innhald og relevans i studieprogrammet

Hovudpraksis byggjer på PSY-2596 Klinisk praksis og gir ei grundigare innføring i og erfaring med psykologisk utgreiing og diagnostikk, behandlingsformer og prosedyrar, samt utforming av journalar og epikrisar. Studenten får fortløpande rettleiing på evne til å omsetje og bruke kunnskap i psykologi i klinisk kontekst. Det blir lagt vekt på respekt for faget, slik det til dømes kjem til uttrykk i evidensinformert behandling og forsvarleg bruk av testar og utgreiingsmetodar. Det blir dessutan arbeidd med betydinga av kunnskap om relasjonen mellom terapeut og klient og den kulturelle samanhengen klienten lever i. I tillegg får studenten innsyn i normer og reglar som gjeld for deltaking i arbeidslivet generelt, og for psykologar spesielt. Studenten blir oppmuntra til refleksjon over eigne reaksjonsmønster, styrke og svakheit i møte med brukarar av psykologtenester, kollegaer og samarbeidspartar. Praksisen vil gi studenten inngåande kjennskap til institusjonen der praksisen foregår, og til samarbeidsformer med kollegaer frå andre helseutdanningar. Hovudpraksis er den siste praksisperioden i utdanninga, og studenten sitt sjølvstende i arbeidet skal ha serskilt fokus i rettleiinga. Etter avslutta praksisperiode skal studenten ha kompetanse til å forstå, utgreie, vurdere, førebyggje, behandle og samarbeide om psykiske og psykososiale problem i befolkinga. Med råd frå rettleiar er studenten sjølv ansvarleg for å hente inn relevant litteratur for å gjennomføre det kliniske arbeidet på ein tilfredsstillande måte gjennom heile praksisperioden.

 

Det blir arrangert ei midtvegsevaluering av hovudpraksisen. Dette skjer ved ei samling over to-tre dagar ved Institutt for psykologi, og deltakinga er obligatorisk.

 

Vanleg praksisplass og særplass

Det helsevitenskapelige fakultet (Helsefak) og Institutt for psykologi (IPS) ved UiT Norges arktiske universitet legg vekt på at hovudpraksisen i psykologutdanninga skal ha ein distriktspolitisk profil. Praksisen foregår såleis vanlegvis ved institusjonar som IPS har oppretta avtale med i Nordland, Troms og Finnmark, og utafor Tromsø by. Praksisdelen skal gjennomførast som samanhengande arbeid på heiltid over fem månader i det siste studieåret av profesjonsutdanninga i psykologi.

 

Etter søknad kan studentar få tildelt særplass, som inneber at praksisen gjennomførast ein bestemt anna plass, vanlegvis i Tromsø. Det er medisinske (mest vanleg, eigen sjukdom) eller sosiale tilhøve (mest vanleg, omsorg for små barn) som er grunn for særplass. Tildeling av særplass følgjer «Retningslinjer for tildeling av særplass og særordning i praksis for studenter ved Det helsevitenskapelige fakultet», vedteke med verknad frå 01.01.2015.


Hva lærer du

Etter avslutta praksisperiode skal studenten vere i stand til å forstå, utgreie, vurdere, førebyggje, behandle og samarbeide om psykiske og psykososiale problem i befolkninga.

Etter fullført emne skal kandidaten kunne:

 

Kunnskap

  • Praktisere i samsvar med gjeldande lovverk for helsepersonell og fagetiske retningslinjer for psykologar, samt identifisere og drøfte etiske problemstillingar knytt til psykologrolla.

Ferdigheit

  • Nyttiggjere seg rettleiing til å endre gjennomføring av oppgåver.
  • Bruke kliniske kommunikasjonsmåtar for å skape kontakt, tillit og allianse med klientar og samarbeidspartar, samt kommunisere og samtale om kliniske/diagnostiske vurderingar med klientar, nettverk/pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar.
  • Formulere journalnotatar, faglege rapportar, behandlingsplanar og epikrisar etter gjeldande lover og fagleg standard.

Generell kompetanse

  • Nyttiggjere seg tileigna kunnskap og metodar i eigen praksis.
  • Vurdere føremålstenlege framgangsmåtar for å utføre sjølvstendige psykologiske utgreiingar og gjere kliniske/diagnostiske vurderingar.
  • Utøve psykoterapeutisk behandling tilfredsstillande godt og i tråd med etiske retningslinjer og prinsipp for evidensbasert praksis.

 


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Undervisning

Hovudpraksis er frå 1. august til 31. desember i profesjonsutdanninga sitt siste studieår (9. semester). Hovudpraksisen må takast samanhengande og ved same institusjon, og inneber fem dagar arbeid per veke med full arbeidstid. Studenten arbeider med vanlege psykologoppgåver under rettleiing av autorisert psykolog, fortrinnsvis spesialist. Undervisinga skal innehalde rettleiing i ein og ein halv (1,5) time per veke i fem månader. Rettleiaren skal sjå til at hovudpraksisen gir kjennskap til norsk helsevesen, gjeldande lover, forskrifter og fagetiske retningslinjer, og at studenten utfører psykologoppgåver som utgreiing med eigna samtalemetodikk og testar, samtale om resultater og vurderingar. Studenten skal og planlegge og gjennomføre terapi, og rettleiaren skal sjå til at arbeidet skjer i dialog med klient og nettverk/pårørande, og i kommunikasjon med aktuelle samarbeidspartar. Det skal leggjast serskilt vekt på at studenten blir motivert for og får nok tid til refleksjon, diskusjon og samanlikning av ulike perspektiv på alle oppgåvene i praksistida. Det er obligatorisk å ta imot rettleiing, og å delta på midtvegsevalueringa. Midtvegsevalueringa har ei ramme på 10-15 timar, og i samband med denne skal studenten levere ein skriftleg presentasjon av sin praksisplass.

Eksamen

Praksis

Hovudpraksis vert vurdert til bestått/ikkje bestått på grunnlag av rettleiaren sin vurdering knytt til læringsutbyte og til IPS sine gjeldande retningslinjer for evaluering av praksis, «Retningslinjer for evaluering av praksis på profesjonsutdanningen i psykologi». Viss rettleiaren vurderer praksisen til ikkje bestått, skal det giast ei munnleg og skriftleg grunngjeving der det er oppgitt kva som må forbetrast for å få praksisen godkjent. Dette skal skje før endeleg vurdering og gje studenten høve til endring. Når det er tvil om praksis kan vurderast til bestått, eller når rettleiaren innstiller til ikkje bestått, skal det endelege resultatet avgjerast av emneansvarleg lærar. Endeleg vurdering til ikkje bestått gjer at studenten kan søkje om å få gjennomføre ein ny praksisperiode. Ved evaluering av denne vil det bli lagt serskilt vekt på vurdering av dei forholda som sist gong var utslagsgjevande for vurderinga ikkje bestått. Studenten har to (2) forsøk på å bestå hovudpraksis.

 

Munnleg eksamen

For å gå opp til den munnlege, avsluttande eksamenen på profesjonsutdanninga, krevst at hovudpraksis er bestått. Eksamen er ein sjølvstendig, munnleg prøve. Munnleg eksamen er lagt til slutten av februar i det siste (10.) semesteret på profesjonsutdanninga. Studentane får i god tid på førehand ei liste med oppgjevne tema, og kan velje to av desse. Oppgåva vil vere innafor eit av dei to valde tema og blir levert ut 48 timar før eksaminasjonen. Ved klinisk oppgåve skal studenten leggje fram forslag, med både praktisk og teoretisk grunngjeving, til psykologfagleg undersøking, behandling og samarbeid, samt forslag til korleis tiltak kan kvalitetssikrast og evaluerast. Munnleg eksamen blir sensurert med bruk av karakterskalaen A-F. Ved karakteren F (stryk) vert det tilbydd kontinuasjonseksamen tidleg i påfølgjande semester.


Error rendering component

  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 30
  • Emnekode: PSY-2900
  • Tidligere år og semester for dette emnet