Praktisk informasjon EXF-0712 haust 2023

Hugs å melde deg på gruppe innan 1. september.

På denne sida finn du litt praktisk informasjon for oppmelding og studiestart. Du melder deg på gruppe i Studentweb.


Denne orienteringa gjeld kun for nettvarianten av examen facultatum ved HSL-fakultetet. Ein kan berre ta dette emnet om ein har studierett knytta til EXF-0712. Merk at pedagogikk, språkfaga og andre fakultet har eigne ex.fac.-opplegg. Ta kontakt med ditt institutt for informasjon.


Nettstudie

Fagleg innhald, pensum og målsettingane for studiet er sams for campus- og nettvarianten. Til forskjell frå campusundervisinga opnar nettvarianten for ein meir fleksibel studiekvardag, der du sjølv i stor grad bestemmer tid og stad for undervising og progresjon i studiet.

Oppmelding i gruppe

Heile kurset føregår i Canvas, kor du også finn detaljerte opplysingar om kursopplegget. Brukarnamn og passord for innlogging i Canvas får du i e-post når du blir tatt opp på studiet, men du må melde deg på ei seminargruppe for å få tilgang til grupperommet i Canvas. Seminarpåmeldinga skjer via Studentweb. Sjå gjerne på punkt 3 i Sjekklista


Pensum 


Du kan kjøpe pensum hjå Akademika.


Viktige datoar

Frist for å melde seg på gruppe: 1. september
Fyrste innlevering veke 35
Siste innlevering veke 45
Digital heimeeksamen 7. desember 0900-1400

Nærmare informasjon om eksamen gjes i Canvas.


Canvas

Canvas er arbeidsreiskapen som læraren vil bruke gjennom heile studiet for å gje tilbakemeldingar, informere om tidsfristar, publisere oppgåvene til dei ulike innleveringane med meir. Derfor må du heile tida oppdatere deg på Canvas-rommet.

Når du har meldt deg på ei rgruppe, får du tilgang til Canvas-rommet for gruppa. Ytterligare informasjon om kurset finn du på "Heim" (forsida) i Canvas og i "Emneinformasjon" under "Modular". Sjå på denne informasjonen før den fyrste innleveringa.

Undervising

Unidervisinga består av videoførelesingar, innleveringar og eit kurs i informasjonskompetanse. I dei første elleve vekene av studiet skal du arbeide med oppgåver og levere svara innan bestemte fristar for kvar av desse vekene. Svara blir normalt vurderte og kommenterte innan ei veke etter innleveringsfristen. 

Du må ha åtte av elleve godkjente obligatoriske innleveringar for å få lov til å ta eksamen. Innleveringa om informasjonskompetanse må vere blant dei åtte godkjente.

Legg merke til at du kan levere inn oppgåvesvar før fristane. Dette gjer studiet fleksibelt om du skulle vere hindra frå å levere i ei av desse vekene. Men det er likevel ikkje mogleg å levere inn etter dei aktuelle tidsfristane. Av faglege omsyn rår vi deg til å følgje progresjonen i studieplanen. 

Eksamen

Eksamen består av ein digital heimeeksamen på fem timar. Du får meir informasjon om dette av lærar i Canvas.