Nordkurs: Innføring i skoltesamisk språk og kultur
Om emnet
Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Emnet er reservert studentar frå Norden som deltek på NORDKURS -sommarkurs og som har søkt opptak via NORDKURS. Andre studentar blir ikkje tekne opp. Emnet har 12 plassar.
Det er ein fordel å ha studert språk eller lingvistikk eller å ha lært seg eit framandspråk tidlegare, då progresjonen er nokså intensiv.
Kurset gjev ei grunnleggjande, men grundig innføring i skoltesamisk språk, og ei innføring i skoltesamisk kultur og historie. Det krevst ingen forkunnskapar i skoltesamisk, men tidlegare erfaring med framandspråkslæring og/eller lingvistikk er ein fordel sidan progresjonen er rask.
Emnet legg vekt på munnleg og skriftleg kommunikasjon og gjev ei innføring i dei viktigaste sidene ved bøyingsverket (morfologien) og setningslæra (syntaksen).
Kva lærer du
Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte:
Skoltesamisk språk:
Kunnskapar:
Studenten:
- kan sentralt ordforråd knytt til temaa som blir gjennomgått
- kjenner skoltesamisk rettskriving og uttale
- kjenner til stadieveksling og vokalveksling og dei viktigaste reglane for desse
- kjenner dei skoltesamiske kasusa og kan bøye substantiv og pronomen i kasus og tal
- kan bøye verb i presens, inkludert nektingsform
- kjenner enkel setningsbygging, kongruens mellom subjekt og verbal, habitivskonstruksjonen og bruken av nominativ og akkusativ
- kjenner ulike måtar å laga spørsmål og svara på
- forstår bruken av ulike kasus
- kan bruke adjektiv i skildringar
- kjenner til samisk tastatur, ordbøker og grammatikkar
Ferdigheiter:
Studenten kan:
- uttala skoltesamiske bokstavar og ord
- laga enkle skoltesamiske setningar med eit daglegdags ordforråd
- helse, fortelja om seg sjølv, livet sitt og interessene sine
- forstå enkel munnleg tale og tekstar om daglegdagse tema
- delta i samtale på skoltesamisk, med vekt på uttale og forståing
- svara på spørsmål og vita forskjellen på spørsmål med spørjepartikkel og spørjeord
- skrive enkle setningar på skoltesamisk
- bruke skoltesamisk tastatur og ordbøker
Skoltesamisk kultur og historie:
Kunnskapar:
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskapar om skoltesamisk historie
- kjenner til skoltesamiske levevis, kulturuttrykk og tradisjonar
- kjenner til skoltesamane si tru og religion
Ferdigheiter:
Studenten kan:
- presentere det hen har lært om skoltesamisk kultur og historie for andre studentar
Undervisning og pensum
Undervising blir gjeve som førelesingar, klasseromsundervising, øvingar, tekstlesing og gruppearbeid. Visse førelesingar kan bli gjevne av inviterte gjesteførelesarar. Det blir også gjennomført ekskursjonar, museumsbesøk og andre aktivitetar.
Emnet er intensivt og har rask progresjon. Det vert forventa at studentane deltek aktivt i undervisinga og på dei ulike aktivitetane. Det er obligatorisk oppmøte på undervising og andre planlagde aktivitetar.
Undervisninga går før seg i Neiden.
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisingsspråk er norsk, svensk, finsk (ved behov) og skoltesamisk.
Eksamensspråk er norsk, svensk, dansk, finsk og skoltesamisk.
Timeplan
Timeplanene ferdigstilles og publiseres normalt i god tid før semesterstart, ofte noen uker i forkant. Dette gir studentene mulighet til å organisere studiene sine og forberede seg på kommende aktiviteter.
Det anbefales å sjekke timeplanen jevnlig, da det kan forekomme endringer.
Eksamen
| Mappevurdering | Innlevering: 23.07.2026 14:00 |
Karakterregel: A–E, stryk F |
Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen
| Skriftelig arbeidskrav 1 | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
| Skriftelig arbeidskrav 2 | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
| Muntlig arbeidskrav 1 | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
| Muntlig arbeidskrav 2 | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
| Oppmøte på undervisninga | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
Alt du trenger å vite om før, under og etter eksamen, oppmelding, fravær klage og vitnemål: UiTs samleside om eksamen
Mer info om arbeidskrav
- Ei grammatikkoppgåve. (Skriftleg arbeidskrav 1)
- Ei kort tekst på skoltesamisk. (Skriftleg arbeidskrav 2)
- Ei kort samtale med undervisar på skoltesamisk der studenten presenterer seg og pratar om eit kjend emne. (Munnleg arbeidskrav 1)
- Ein munnleg presentasjon om eit kulturelt emne. (Munnleg arbeidskrav 2)
- Minimum 70 % oppmøte på undervisninga
Munnleg arbeidskrav 2 kan gjennomførast på skandinavisk eller finsk. Dei andre arbeidskrava skal gjennomførast på skoltesamisk.
Mer info om mappevurdering
Mappa skal innehalde:
- Ei kort tekst på skoltesamisk (forbetra versjon av skriftleg arbeidskrav 2)
- Ein presentasjon av eit kulturelt emne (skriftleg versjon av den munnlege presentasjonen i munnleg arbeidskrav 2)
- Eit refleksjonsnotat om kva ein har lært på kurset (ca. ei halv side).
Fyrste og andre del av mappa er altså omarbeidde versjonar av arbeidskrav.
Det blir gjort ei samla vurdering av delane i mappa.