høst
2023
NOR-6004 Norsk som andrespråk - 15 stp
Emnetype
Vidareutdanning av lærarar for 8.-13. trinn. Nettbasert.
Emnet er berre mogleg å ta for studentar som har fått opptak til norsk 2 for 8.-13. trinn via UDIR.
Søknadsfrist 01.03 på http://udir.no/vidareutdanning (Gir stipend-/vikarmiddel) Søknadsfrist/registreringsfrist ca. 15.05. på http://uit.no/evuweb (Restplassar) Sjå http://uit.no/ilp/evu for meir informasjon
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning eller anna pedagogisk utdanning som kvalifiserer for å undervise på 8.-13. trinn.
- Fullført norsk 1 eller tilsvarande 30 studiepoeng i norsk eller nordisk.
Deltakarane må vere i et tilsettingsforhold på ein skole som tillét at dei kan prøve ut pedagogiske opplegg i eigen klasse. UiT vil ikkje krevje dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein føresetnad for å kunne gjennomføre arbeidskrava.
Innhold
Emnet gir ei innføring i kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar variantar av mellomspråk. Det blir gitt ei grundig innføring i ulike andrespråksteoriar, og korleis ein kan bruke desse til å analysere norsk språkbruk hos andrespråksinnlærarar. Hovudvekta vil bli lagt på undersøkingar og analyse av sjølve språksystemet (fonologi, vokabular, morfologi og syntaks). Ulike aspekt ved norsk grammatikk vil bli presentert i eit samanliknande perspektiv. Teoretiske aspekt ved andrespråkstileigning blir også kopla til andrespråksundervising og fagdidaktiske problemstillingar som gjeld undervisning på 8.-13. trinn. I løpet av kurset skal studentane få forståing for relevansen av underundervisnings- og forskningsfeltet norsk som andre språk i skule og samfunnsliv.Hva lærer du
Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:
Kunnskapar:
Studenten har kunnskap om:
• andrespråkstileigning, og korleis denne skil seg frå førstespråkstileigning og fleirspråklegheit
• ulike teoriar om universalgrammatikken og morsmålet si rolle i andrespråkstileigning
• kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar mellomspråksvariantar
• sentrale omgrep, teoriar, analysemodellar og metodar i andrespråksforsking
• sentrale prinsipp for undervisning for elevar med norsk som andrespråk, inkludert undervisning basert på digitale løysingar
• språklege rettar for elevar som lærer norsk som andrespråk slik det går fram av opplæringslova og Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020
Ferdigheiter:
Studenten kan:
• bruke det teoretiske analyseapparatet på ein sjølvstendig måte
• grunngi analysar av sentrale fenomen i norsk som andrespråk
• diskutere spesielle utfordringar ved det å tileigne seg norsk som andrespråk
• presentere fagstoffet munnleg og skriftleg
• gjennomføre ei empirisk undersøking rundt undervisning for elevar med norsk som andrespråk
Generell kompetanse
Studentane kan:
• bruke kunnskap om andrespråkstileigning til å planlegge og reflektere over undervisning i ei elevgruppe som har ein eller fleire elevar lærer seg norsk som andrespråk
Eksamen
Vurderingsform: | Dato: | Varighet: | Karakterskala: |
---|---|---|---|
Hjemmeeksamen | 29.11.2023 09:00 (Utlevering) 06.12.2023 14:00 (Innlevering) |
7 Dager | A–E, stryk F |
Obligatoriske arbeidskrav:Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen: |
|||
En tekst | Godkjent – ikke godkjent | ||
En muntlig presentasjon | Godkjent – ikke godkjent |
Mer info om arbeidskrav
Studenten skriver ein tekst på mellom 700-1000 ord knytt til eit tema nærmare fastsett av dei kursansvarlege. Teksten skal skrivast på nynorsk. Teksten kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre studentar. Ein tekst frå ei gruppe skal vere på minst 1000 ord ikkje meir enn 2000 ord.
Studenten skal gjere opptak av ein munnleg presentasjon på 8-10 minutt av ei empirisk undersøking av undervisning der andrespråkstileigning er eit sentralt tema. Denne presentasjonen skal gjerast tilgjengeleg for medstudentar på emnet. Presentasjonen kan gjerast individuelt eller i gruppe på to eller tre studentar: ein gruppepresentasjon skal vere på 13-15 minutt.
- Om emnet
- Studiested: Nettbasert |
- Studiepoeng: 15
- Emnekode: NOR-6004
- Ansvarlig enhet
- Institutt for språk og kultur
- Spørsmål om emnet
- E-post: aisi@hjelp.uit.no
- Tidligere år og semester for dette emnet