Emnekode: VID-6313

Matematikk lærerspesialist 4 for 1-10 trinn

Studiested Tromsø
Semester / år Vår 2023
Nivå Videreutdanning – Høyere grad
Studiepoeng 15

Om emnet

Vidareutdanning på masternivå retta mot lærarar i grunnskolen. Emnet er ein del av lærarspesialistutdanninga i matematikk. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne

Som lærarspesialist skal ein drive utvikling på eigen skule og rettleie kollegaer. Dette emnet handlar lærer om konkrete metodar (systematikk gjennom observasjon og logg) og verktøy (som MAM og Lessons Study) som skal brukast i rettleiing av kollegaer og utvikling av skolen. Grunnlaget for å mestre dette emnet er emne 1, 2 og 3.

Opptakskrav

Søkere må dokumentere:

  • Fullført lærarutdanning eller tilsvarande utdanning som kvalifiserer til arbeid i grunnskolen
  • Minst 60 studiepoeng i matematikk/matematikkdidaktikk.

Deltakarane må være i eit tilsettingsforhold i grunnskolen, som tillater at deltakaren kan prøve ut pedagogiske opplegg i eiga klasse. UiT vil ikkje kreve dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein forutsetning for at studentane kan gjennomføre sine arbeidskrav

Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten har kunnskap om:

  • Forskingsmetodar som observasjon, intervju og logg.
  • Systematiske metodar for utvikling av matematikk-undervisning i eit kollegium, slik som til dømes MAM (Mestre Ambisiøs Undervisning), Lesson Study og Thinking Classroom.
  • Translasjonsteori (oversettelsesteori) relatert til innføring av nye idear i skulen.

Ferdigheter

Studenten kan:

  • Samle data som grunnlag for rettleiing av kollegaer ved bruk av forskingsmetodar for observasjon, intervju og logg.
  • Rettleie kollegaer ved bruk av forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning i matematikk.
  • Bruke metoder for utvikling av matematikk-undervisning, slik som til dømes MAM, Lesson Study og Thinking Classroom.

Kompetanse

  • Kan bruke ulike metodar for å systematisk forbetre undervisning og elevdeltaking.
  • Kan leie eit utviklingsarbeid på eigen skule basert på forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning.
  • Kan bruke kollektiv profesjonsutvikling for å utvikle forskingsbasert undervisning i matematikk.
  • Kan bidra til å utvikle både kunnskap om undervisning og læring i matematikk og bruk av slik kunnskap i praksis.

Undervisning og pensum

Emnet er samlingsbasert. Undervisninga blir ei blanding av forelesingar, gruppearbeid med refleksjonar rundt pensum, og rapportering frå utprøving i eiga klasse. Emnet er samlingsbasert. Undervisninga blir ei blanding av forelesingar, gruppearbeid med refleksjonar rundt pensum, og rapportering frå utprøving i eiga klasse.

For emne som startar om hausten vil pensum-lista være klar innan 15. juni. For emne som startar om våren vil pensum-lista være klar innan 15. desember.

Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Søknadsfrist

01.03 på http://udir.no/videreutdanning

Når man har fått godkjent søknaden av Utdanningsdirektoratet må man registrere seg på EVU-web innen midten av mai.

Eksamen

Eksamener
Muntlig eksamen Dato: 25.05.2023 09:00 Karakterregel:
A–E, stryk F
Obligatoriske arbeidskrav

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen

Deltakelse på undervisning Karakterregel:
Godkjent – ikke godkjent
Prøve MAM eller Lesson Study Karakterregel:
Godkjent – ikke godkjent
Gjennomføre datainnsamling Karakterregel:
Godkjent – ikke godkjent

Alt du trenger å vite om før, under og etter eksamen, oppmelding, fravær klage og vitnemål: UiTs samleside om eksamen

Mer info om arbeidskrav

  • 70 % deltaking på undervisning
  • Prøve ut MAM eller Lesson study på eigen skule
  • Gjennomføre datainnsamling som grunnlag for rettleiing av ein kollega (observasjon, intervju, logg)

Mer info om vurderingsform muntlig eksamen

Presentasjon av ein plan for eit utviklingsarbeid på eigen skule.

Presentasjonen skal være for med-studentar, med korte oppfølgingsspørsmål. Presentasjon i grupper på cirka 30 minutt.

Kontinuasjonseksamen

Ved karakter F/ikkje bestått får ein tilbod om kontinuasjonseksamen påfølgande semester.

Andre år og semester

Kontakt oss

Ansvarlig enhet: Institutt for lærerutdanning og pedagogikk