Norsk 5-10
Om emnet
Emnet er eit fagval i grunnskolelærarutdanninga for 5.-10. trinn. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.
Forkunnskapskrav
Jf. opptakskrav og progresjonskrav i studieplanen for grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn.
I dette emnet er lesing og leseopplæring eit sentralt tema, både lesing som grunnleggande ferdigheit og lesing av skjønnlitteratur, med vekt på nyere litteratur for barn og unge. Det blir lagt vekt på korleis ein gjennom arbeidet med litteratur kan skape interesse for og evne til sjølvstendig arbeid med litteratur hos elevane.
Studenten skal få kunnskap om språkleg mangfald i Noreg med vekt på nordnorske og samiske forhold og skal arbeide med språkhaldningar og språkets identitetsskapande og utstøytande funksjon. Norsk som andrespråk, kunnskap om dei to norske målformene og sidemålsdidaktikk er andre viktige tema i emnet.
Hva lærer du
Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har:
- kunnskap om språkleg mangfald i eldre og nyare tid med særleg vekt på nordnorske og samiske forhold
- kunnskap om norsk språk i eit samanliknande perspektiv med vekt på trekk som er vanskelege for dei som lærer norsk som eit andrespråk
- kunnskap om teori om leseopplæring og lesestrategiar
- kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa med vekt på nyare barne- og ungdomslitteratur
- kunnskap om ulike tilnærmingsmåtar til arbeidet med litteratur
Ferdigheter
Studenten:
- kan analysere og tolke tekstar i ulike sjangrar
- kan legge til rette for at elevane utforskar språk og tekstar i ulike medium, og at dei utviklar gode lese- og skrivestrategiar og evne til å vurdere eige og andres arbeid
- kan analysere og vurdere elevtekstar, inkludert tekstar frå elevar med norsk som andrespråk
- kan modellere leseprosessar som førlesing, undervegslesing og etterlesing, også med tanke på elevar med eit anna morsmål enn norsk
- meistrar skriftleg bokmål og nynorsk og kan undervise elevar i begge målformer
Kompetanse
Studenten:
- kan legge til rette for at alle elevar på mellom- og ungdomstrinnet blir tekstkyndige språkbrukarar som deltar aktivt i klasserommet og på andre arenaer
- kan planlegge og grunngi opplæring i norsk etter gjeldande læreplan og utfrå prinsippet om tilpassa opplæring
- kan reflektere over korleis ein som norsklærar kan drive innovativ og fantasifull undervisning som fører til meistring og utvikling
Studiepoengreduksjon
Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:
- LER-1102 Norsk 5-10 15 stp
- LER-1102F Norsk 5-10 15 stp
- LER-1112 Norsk 5-10 15 stp
Undervisning og pensum
Studentane vil møte eit variert utval av studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det blir lagt vekt på at studentane får utvikla ferdigheitene sine i lesing og skriving gjennom arbeidsmåtar som lesekonferansar og prosesskriving, og gjennom arbeid med respons og vurdering av eige og andres arbeid. Studentane skal få erfaring med arbeidsformer som ein kan bruke i skolen.
Kvalitetssikring
Emnet emne blir evaluert i samsvar med instituttets retningslinjer.
Praksis
For nærmare informasjon om praksis, sjå eigen praksisplan.
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisnings- og eksamensspråket er norskTimeplan
Timeplanene ferdigstilles og publiseres normalt i god tid før semesterstart, ofte noen uker i forkant. Dette gir studentene mulighet til å organisere studiene sine og forberede seg på kommende aktiviteter.
Det anbefales å sjekke timeplanen jevnlig, da det kan forekomme endringer.
Eksamen
| Hjemmeeksamen | Varighet: 4 Dager |
Karakterregel: A–E, stryk F |
Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen
| Tilstedeværelse | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
| Fagtekst | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
| Grammatikktest | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
| Notat | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
Alt du trenger å vite om før, under og etter eksamen, oppmelding, fravær klage og vitnemål: UiTs samleside om eksamen
Mer info om arbeidskrav
Følgjande arbeidskrav må vere gjennomført og godkjent før ein kan framstille seg til eksamen:
- 70 % deltaking på undervisning
- ein fagtekst om lesing, skrive i eit prosessorientert løp med eigenvurdering og respons til medstudent
- ein grammatikktest
- to notat