Norsk fellesemne
Om emnet
Emnet er eit fagval i grunnskolelærarutdanninga for 5.-10. trinn. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.
Forkunnskapskrav
Jf. opptakskrav og progresjonskrav i studieplanen for grunnskolelærarutdanning 1.-7. og 5.-10. trinn.
I dette emnet skal studentane utvikle kunnskapen sin om tekst og om ulike tilnærmingar til arbeid med tekst. Dei skal sjølv lese, skrive og framføre tekstar, og det blir lagt vekt på å utvikle den munnlege kompetansen.
Studentane vil få kunnskap om norsk grammatikk som system og som reiskap for å analysere og vurdere elevtekstar og for å gi respons på tekster av medstudentar. Av litteratur vil det bli lagt vekt på barnelitteratur og folkediktning som eventyr og sagn, også samiske.
Hva lærer du
Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har:
- kunnskap om språket som system med vekt på morfologi, syntaks og tekstgrammatikk
- kunnskap om språket i bruk og språkleg variasjon og norm
- kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium
- kunnskap om ulike tilnærmingar til lesing, skriving, munnleg kommunikasjon og til arbeidet med litteratur og lesestrategiar
- kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar, med vekt på litteratur for barn
Ferdigheiter
Studenten:
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale elevtekstar og kan gi læringsfremmande respons
- kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- meistrar skriftleg bokmål og nynorsk
Kompetanse
Studenten:
- kan vurdere og reflektere over eigen fagleg aktivitet og sjå den i samanheng med elevanes arbeid i faget
- kan legge til rette for at elevane blir trygge språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- kan identifisere norsklærerens rolle og oppgåver knytt til lesing, skriving og munnlegheit som grunnleggande ferdigheiter
Studiepoengreduksjon
Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:
- LER-1103 Norsk fellesemne 15 stp
- LER-1123 Norsk fellesemne 15 stp
- LER-1110 Norsk fellesemne 15 stp
Undervisning og pensum
Studentane vil møte eit variert utval av studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det blir lagt vekt på at studentane får utvikla sine grunnleggande språklege ferdigheiter, særleg sine munnlege ferdigheter gjennom arbeidsformer som forteljarverkstad, høgtlesingsverkstad og ulike munnlege framføringar. Studentane skal dele sine tolkingar og oppleving av litteratur gjennom samtale og andre kreative tilnærmingar.
Kvalitetssikring
Emnet blir evaluert i samsvar med instituttets retningslinjer.
Praksis
For nærmare informasjon om praksis, sjå eigen praksisplan.
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisnings- og eksamensspråket er norskTimeplan
Timeplanene ferdigstilles og publiseres normalt i god tid før semesterstart, ofte noen uker i forkant. Dette gir studentene mulighet til å organisere studiene sine og forberede seg på kommende aktiviteter.
Det anbefales å sjekke timeplanen jevnlig, da det kan forekomme endringer.
Eksamen
| Skriftlig skoleeksamen | Dato: 08.12.2026 09:00 Varighet: 6 Timer |
Karakterregel: A–E, stryk F |
Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen
| Tilstedeværelse | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
| Skjønnlitterær tekst | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
| Grammatikktest | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
| Muntlig fremføring | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
| Notat | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
Alt du trenger å vite om før, under og etter eksamen, oppmelding, fravær klage og vitnemål: UiTs samleside om eksamen
Mer info om arbeidskrav
Følgjande arbeidskrav må vere gjennomført og godkjent før ein kan framstille seg til eksamen:
- 70 % deltaking på undervisning
- ein skjønnlitterær tekst (maks 2000 ord) skrive i eit prosessorientert løp med eigenvurdering og respons til medstudent
- ein grammatikktest
- munnleg framføring i gruppe med respons til andre grupper
- et notat. Notatet kan utformast for eksempel som refleksjonstekst knytt til teori og praksiserfaringar, som multimodal, digital tekst eller som munnleg framføring
Begge målformer skal vere representert i omtrent like stort omfang.