Emnekode: HIS-1201

Norge og verden før 1750

Søk mellom 20. juli og 9. august
Studiested Tromsø
Semester / år Høst 2026
Varighet 1 semester
Nivå Grunnleggende emner, nivå I
Studiepoeng 20

Om emnet

Emnet er obligatorisk i årsstudiet i historie, bachelorstudiet i historie og på lektorutdanning 8-13 med historie som fag 1 eller 2. Emnet kan takast som enkeltemne.

Emnet omhandlar europeisk historie med særleg vekt på norsk og samisk historie i ein brei internasjonal kontekst frå ca. år 1000 og fram til 1750.

Emnet er bygd opp kronologisk og tar opp framveksten, omforminga og ekspansjonen av europeiske samfunn og statar frå ca. år 1000 og fram til 1750. Brot og kontinuitet er sentrale omgrep i emnet, som omhandlar tidsperiodane mellomalder og tidleg nytid. Endringar i folketalet gjennom denne perioden, både auke og nedgang, fekk stor tyding for samfunnsutviklinga. I mellomalderen blei grunnlaget for fleire av dei moderne statane i Europa lagt, medan byvekst og internasjonal handel skapte grobotn for industrialisering og merkantilisme i tidleg nytid. På same tid blei tilhøva for styring, næring og religiøs praksis grunnleggjande endra som følgje av store sosiale, økonomiske, religiøse og politiske omveltingar. Eitt resultat av dette var fragmentering av den til då relativt einskaplege vestlege kristendomen, og det skapte føresetnader for einevelde og la til rette for meir utstrakt kontakt med, ekspansjon til og gradvis herredømme over andre verdsdelar gjennom handel med råvarer og menneske. Noregs politiske, økonomiske og kulturelle utvikling blir studert i lys av desse endringane i og bortom Europa, og emnet legg særskilt vekt på norske, nord-norske og samiske særtrekk i perioden.

Den realhistoriske tematikken blir nytta til ei innføring i historiefagets kva, korleis og kvifor. Gjennom realhistoriske problemstillinger får studentane erfaring med å bruke og drøfte historiefaglege metodar og kjeldekritikk, og dei får gjere seg kjende med sentrale historiefaglege omgrep og debattar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadskode 9199 - enkeltemner lavere grad.

Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studentane:

  • har brei kunnskap om sentrale tema i norsk, samisk og internasjonal historie frå ca år 1000 og fram til 1750
  • kjenner til sentrale problemstillingar, teoriar og fagdebattar om tida frå ca år 1000 og fram til 1750
  • har kunnskap om historiefaget sine tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • har kunnskap om den historiske kjeldekritikken.

Ferdigheter

Studentane kan:

  • ut frå ei problemstilling gjera fagleg greie for og drøfte eit historisk emne
  • bruke historisk kjeldekritikk til å løyse oppgåver og til å grunngje sine val
  • henvise til historiske kjelder og fagstoff i tråd med historievitskaplege fagtradisjonar
  • gje og motta tilbakemelding på fagleg tekst skrive av studenten sjølv og av medstudentar

Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

  • HIS-1111 Arctic Norway - Aspects of history 3 stp
  • HIS-1000 Hvordan historie blir til - Belyst gjennom forholdet mellom stat og minoriteter 5 stp
  • HIS-1000 Introduksjon i historie: Hvordan historie blir til 5 stp
  • HIS-1000 Introduksjon til historiefaget. Historiens hva, hvordan og hvorfor 5 stp
  • HIS-1000 Introduksjonskurs i historie: Hvordan historie blir til 5 stp
  • HIS-1050 Introduksjon i historie. Hvordan historie blir til. Nettvariant. 5 stp
  • HIS-1001 Europa formes - fra år 1000 til 1500 10 stp
  • HIS-1002 Handelskapitalisme, statsmakt og revolusjoner 1500-1850 5 stp

Undervisning og pensum

Studentane vil i emnet få undervisning i form av førelesingar, seminar og kollektiv og individuell rettleiing. I undervisninga blir det tatt i bruk både fysiske og digitale læringsressursar. Studentane må sjølve legge ned ein stor innsats i form av å lese pensum, delta aktivt på førelesingar og i seminar- og kollokviegrupper. I seminarundervisninga vil studentane bli delt i mindre grupper, og seminara vil bli brukt til å jobbe med arbeidskrava og eksamensførebuing.

Undervisningsomfang (førelesing og seminar): Mellom 50 og 60 dobbelttimar (2 x 45 min) gjennom semesteret.

I tillegg er det forventa at studentane les pensum, deltar aktivt på dei tilrettelagte kollokviegruppene og arbeider med arbeidskrava. I arbeidet med arbeidskrava vil studentane få individuell og kollektiv rettleiing.

Alle emner evalueres en gang i løpet av programperioden. Studieprogramleder avgjør hvilke emner som skal evalueres av studenter og lærer per år.

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråket er norsk.

Eksamensspråk er normalt norsk, men det kan også gis anledning til å skrive oppgaver og eksamensbesvarelser på annet skandinavisk språk eller engelsk. Det må eventuelt avtales med instituttet på forhånd.

Pensum

Du kan se og få tilgang til deler av pensum via Leganto.

Pensumliste for HIS-1201 - Norge og verden før 1750 (HØST 2026)

Timeplan

Timeplanene ferdigstilles og publiseres normalt i god tid før semesterstart, ofte noen uker i forkant. Dette gir studentene mulighet til å organisere studiene sine og forberede seg på kommende aktiviteter.

Det anbefales å sjekke timeplanen jevnlig, da det kan forekomme endringer.

Eksamen

Skriftlig skoleeksamen
Dato: 08.12.2026 09:00
Varighet: 6 Timer Karakterskala: A–E, stryk F
Obligatoriske arbeidskrav

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen

Skriftlig arbeidskrav 1 Godkjent – ikke godkjent
Skriftlig arbeidskrav 2 Godkjent – ikke godkjent
Kombinert oppgave Godkjent – ikke godkjent
Akademisk skriving Godkjent – ikke godkjent

Alt du trenger å vite om før, under og etter eksamen, oppmelding, fravær klage og vitnemål: UiTs samleside om eksamen

Mer info om arbeidskrav

Til saman fire arbeidskrav, som alle skal leverast til ulike fristar gjennom semesteret:

  • To individuelle skriftlege arbeidskrav på 2-3 sider i løpet av semesteret. Det blir jobba med arbeidskrava i seminara.
  • Éi kombinert oppgåve: Ei munnleg gruppeoppgåve med individuell skriftleg del. Alle studentane vil bli delt i kollokviegrupper på 4-5 stk. Kollokviegruppene skal møtast jamleg, for å ha førebudde framlegg av pensumlitteratur for kvarandre og drøfting av ulike tematikkar frå undervisninga. Som arbeidskrav skriv studentane individuell logg frå møta /refleksjonsnotat om læring.
  • Kurs i Akademisk skriving (AKS). Kursbevis må leggjast fram for å få godkjent arbeidskrav.

Kontinuasjonseksamen

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar som ikkje har bestått siste ordinære eksamen i dette emnet.

Andre år og semester

Kontakt oss

Ansvarlig enhet: Institutt for arkeologi, historie og religionsvitenskap E-post: hsl-instadm@uit.no Telefon: 77660793