Historikk

Tidlegare konferansar
11. Den elfte nordiska dialektologkonferensen (Reykjavík): https://conference.hi.is/dialektolog2018/
10. Tionde nordiska dialektologkonferensen (Mariehamn): https://blogs.helsinki.fi/dialektolog-2014/
9. Studier i dialektologi och sociolingvistik: föredrag vid nionde nordiska dialektologkonferensen i Uppsala den 18–20 augusti 2010 (katalog)
8. Nordisk dialektologi og sociolingvistik : foredrag på 8. Nordiske Dialektologkonference, Århus 15.-18. august 2006 (katalog)
7. Nordisk dialektologi. (Konferanserapport frå Sjuande nordiske dialektologkonferansen, Voss i 2002 (katalog)
6. Folkmålsstudier 39: Förhandlingar vid Sjätte nordiska dialektologkonferensen i Karis 12-16 augusti 1998
5. Nordiska dialektstudier. Föredrag vid Femte nordiska dialektologkonferensen Sigtuna 17-21 augusti 1994 (NB! Stor fil!)
4. Danske folkemål: 4. Nordiske Dialektologkonference: Askov Højskole: 12.-16. august 1990
3. Nordiske studiar: innlegg på den Tredje nordiske dialektologkonferansen 1986 Hamar, 11.–13. august 1986
2. Andre nordiska dialektologkonferencen, Vasa 12.–14. august 1982
1. Göteborg 1978

1. rundskriv
Kjære dialektologar i Norden! 

Det er med glede vi ønskjer dokker velkomne til Tolvte nordiske dialektologkonferansen i Alta/Áltá/Alattio 15.–17. august 2022. Set av tida allereie no!  

Temaet for konferansen denne gongen er Struktur, ideologi og mangfald. Vi vil med det dels fokusere på tradisjonelle strukturlingvistiske tilnærmingar til talemålsvariasjon, men også ta konsekvensen av at den tolvte utgåva av konferansen blir arrangert i eit område prega av utstrakt språkkontakt og språkleg mangfald, og også ideologistyrte intervensjonar frå styresmaktene si side.  

I det nordlege Noreg har talarar av samisk, kvensk/finsk og nordgermansk levd side om side, og kontakten med Russland har vore betydeleg. Jordbrukskolonisering frå 1700-talet og framover har ført sørnorske talemål nordover som ein framleis høyrer i vår tid. Den nordnorske kystlinja har vore eit intenst språk- og dialektkontaktområde, og fleirspråklegheit har til tider, i visse område, vore normen heller enn unntaket. 

Ein sterk assimileringspolitikk frå den norske staten si side frå siste halvdel av 1800-talet har etablert språkideologiar som har ført til utstrakt språkskifte frå samisk og kvensk/finsk til norsk og som framleis i dag pregar språkforholda i landsdelen. I seinare tid har ein sterk revitaliseringsvilje for dei historiske minoritetsspråka vakse fram og syner etter kvart tydeleg att både i form av nye talarar og i det lingvistiske landskapet. Dei siste tiåra har også ny ekstern og intern migrasjon prega språk- og talemålsmangfaldet i landsdelen.  

Konferansetemaet burde vere aktuelt også for andre område i Norden, men som alltid er alle emne som handlar om dialektar og talemålsvariasjon i vid forstand velkomne på konferansen.  

UiT Noregs arktiske universitet står som arrangør for konferansen. Han blir halden ved UiTs campus i Alta som ligg sentralt i byen. Alta er ein by med litt over 20 000 innbyggjarar i Vest-Finnmark som har flyplass med daglege avgangar frå Oslo og Tromsø. Det er òg dagleg bussamband frå Tromsø til Alta, ei reise som tek seks og ein halv time. Deltakarane ordnar sjølve med reise overnatting. Nokre tips vil bli lagt ut på konferansesida. 

Ei nettside for konferansen er oppretta på adressa http://uit.no/dialektolog2022. Meir informasjon om plenarføredrag, fristar for innsending av samandrag og påmelding samt andre praktiske forhold vil bli lagt ut suksessivt i den kommande tida og også sendt ut i eit 2. rundskriv etter sommaren. I mellomtida kan spørsmål om konferansen sendast til e-postadressa <dialektolog2022@uit.no>. 

Del gjerne informasjon om konferansen vidare! Bruk gjerne emneknaggen #dialektolog2022 i sosiale medium! 

Velkommen til Alta i august 2022! // Bures boahtin Áltái borgemánus 2022! //Tervettulemaa Alattihoon aukustikuussa 2022!